Annet

Korleis kan vi utløyse potensialet hos fleirspråklege elevar?

Korleis kan i utløyse potensialiet hos fleirsårlege elevar?

"Høgre likar å tru at dei er for meir kunnskap i skulen. Gjennom ei målretta satsing på kunnskapsretorikk har dei også overtydd ein del veljarar om dette.

Men etter mange år med Høgre-styre i hovudstaden er det klart at det er langt mellom retorikk og verkelegheit. I verkelegheita brukar dei store ressursar på eit byråkratisk testregime som heller hindrar enn å bygga kunnskap hos den enkelte eleven. Samtidig motset dei seg sterkt å satsa på det som faktisk fungerer: god og tilpassa undervisning. Eit slåande døme er norskopplæringa for minoritetsspråklege elevar. Kvar fjerde elev i grunnskulen i Oslo, over halvparten av dei minoritetsspråklege elevane, har eit vedtak om såkalla særskilt språkopplæring. Slik språkopplæring er meint å vera ei overgangsordning for elevar med eit anna morsmål inntil dei har gode nok norskkunnskapar til å delta i vanleg opplæring.

I staden for å berre produsera statistikkar må skulen sjå den enkelte eleven og gi henne ei undervisning ho kan læra noko av. Høge ambisjonar må følgjast opp med verkeleg kunnskapsbygging," skriver Ingrid Fiskaa blant annet, selv  lærer i Oslo-skolen.

 

 

Høge ambisjonar. Korleis kan vi utløyse potensialet hos fleirsårlege elevar?

Av Ingrid Fiskkaa, lærer i Oslo-skolen og sentralstyremedlem i SV

 

Høgre likar å tru at dei er for meir kunnskap i skulen. Gjennom ei målretta satsing på kunnskapsretorikk har dei også overtydd ein del veljarar om dette.

Men etter mange år med Høgre-styre i hovudstaden er det klart at det er langt mellom retorikk og verkelegheit. I verkelegheita brukar dei store ressursar på eit byråkratisk testregime som heller hindrar enn å bygga kunnskap hos den enkelte eleven. Samtidig motset dei seg sterkt å satsa på det som faktisk fungerer: god og tilpassa undervisning.

Eit slåande døme er norskopplæringa for minoritetsspråklege elevar. Kvar fjerde elev i grunnskulen i Oslo, over halvparten av dei minoritetsspråklege elevane, har eit vedtak om såkalla særskilt språkopplæring. Slik språkopplæring er meint å vera ei overgangsordning for elevar med eit anna morsmål inntil dei har gode nok norskkunnskapar til å delta i vanleg opplæring. For denne elevgruppa er det på nasjonalt hald utarbeida ein eigen læreplan som skal leggja til rette for norskopplæringa i denne overgangsfasen. Men Oslo kommune har gjort eit prinsippvedtak om å ikkje bruka læreplanen. I staden skal alle elevar følgja vanleg læreplan, uansett vedtak eller ikkje om særskilt opplæring. Kva slags opplæring er det då dei får? Ikkje noko anna enn det den enkelte læraren tilfeldigvis kan tilby.

Bakgrunnen for denne praksisen finn vi ni år tilbake, då skulebyråden i Oslo fann ut at den dåverande språkopplæringa for elevar med norsk som andrespråk var «for lite ambisiøs». Ved å «leggja lista høgare», det vil seia å la alle følgja den same læreplanen og den same undervisninga, skulle norskkunnskapane blant dei minoritetsspråklege elevane bli betre. Poenget er ikkje at den gamle ordninga var god, men Høgre har altså erstatta eit opplegg for tilpassa opplæring med – ingenting. Norsklærarar flest manglar framleis kompetanse i norsk som andrespråk.

Morsmålsopplæring og tospråkleg opplæring, som ville vore til stor hjelp for mange av elevane, er nesten ikkje-eksisterande. Oslo kommune manglar ein plan for å gi ein fjerdedel av elevane den språkopplæringa dei faktisk treng. I staden tilbyr dei høgstemt retorikk om høge ambisjonar. Høge ambisjonar, med eit viktig unntak: For med vedtaket om særskilt språkopplæring følgjer fritak frå vurdering i sidemål (=nynorsk). Det blir jo så klart for vanskeleg.

Minoritetsspråklege elevar er ei svært samansett gruppe. Mange av dei er fødde og oppvaksne i Noreg, samtidig som dei har eit anna morsmål enn norsk. Å vera fleirspråkleg er ein stor ressurs både for den enkelte og samfunnet, gitt at språkkunnskapane strekkjer seg ut over kvardagsspråket på begge/alle språka. Skulen bør derfor leggja til rette for at elevane kan bli betre både i norsk og i morsmålet. I alle fall bør ein gi undervisning i norsk som andrespråk for dei som treng det.

Ei vanleg utfordring er å klara å henga med i timane når eleven har eit ordtilfang avgrensa til kvardagsspråk og enkelte fagord, men ikkje forstår faste uttrykk og overførte tydingar av ord. Ei systematisk opplæring i typiske andrespråksutfordringar, gjerne kombinert med morsmålsopplæring, vil kunna utløysa potensialet for betre læring i alle fag og gi store gevinstar i integreringa. Det krev ei heilt anna tilnærming til skulen enn Høgre sin testemani. I staden for å berre produsera statistikkar må skulen sjå den enkelte eleven og gi henne ei undervisning ho kan læra noko av. Høge ambisjonar må følgjast opp med verkeleg kunnskapsbygging.

(også trykket i Klassekampen)

Kommentarer   

#1 Kennet K. Tangen 28-07-2013 08:30
Godt innlegg. Eg tykkjer at ein faktor ser ut til å skilja mellom venstre- og høgresida når det gjeld språkpolitikk i skulen: Den faktoren handlar om å sjå verdien av fleirspråkleghe it versus å redusera språkbyrda for å gjera det enkelt for eleven.

Eg er på leit etter ein strategi for å gje tidleg innpass til ei overordna språkleg satsing i skulen, og trur at språket Esperanto ville kunna spela ei positiv rolla i så måte. Eg vil gjerna sjå konstruktive innspel og tankar kring dette temaet i kommentarfeltet her.

Her er ein (litt mumlande) britisk lærar som fortel om sine røynsler med Esperanto-opplæ ring i skulen. Sjå videoen, så forstår du nok kvifor eg tykkjer at det verkar relevant: www.youtube.com/.../
#2 Signe Elisabeth Kvale 30-07-2013 14:12
Viktige problemstilling er! Jeg underviser i flere samfunnsfag på videregående og ser at alle begrepene er en kjempemessig utfordring for mange av de elevene som har kommet til Norge som barn og bare har lært "hverdagsspråk" på morsmål og på norsk.

You have no rights to post comments