Annet

Andreas Hompland: Dei vise mennene

Andreas Hompland: Dei vise mennene

En Andreas Hompland-epistel fra 1994 står seg i å leses på ny:

"Jula er i stand til å ta opp i seg det meste i ein skikkelig julegraut. Jomfru Maria blir til Jordmor Matja og Stjerna lyser over stormagasina. Dei rødmåla og nedsnødde stovene som forlengst er avfolka, har flytta til byen som nostalgiske dekorasjonar i plast og på sprayboks. Og fårene på marken elskar vi som pølse og pinnekjøtt. I jula vev tradisjonelle element seg saman med årets kommersielle høgtid. Vår jul tar opp i seg symbol fra dei ymsaste samanhengar: Lysfest som finnest i dei fleste kulturkretsar, bytte av gaver som stadfestar vennskap og samhørighet, folketruas nissar, den heilage Nikolaus som blei okkupert og konfirmert av Coca-Cola og pint under handelstanden, slektsamkomer og familiedyrking, lys på gravene, englar i diverse gevantar, jesusbarn og basusjern, den norske kvite og reine vinteren, ekstra¬vaganse og matorgiar.

Om julas innhald er elastisk og rekvisittane skiftar, så er formene seigliva. Hovmesterens "Same procedure as last year" konkurrerer med dei klassiske julehelsingane. Dette veslejulaftans ritualet i svart/kvitt kan ingen NRK-sjef ta frå oss, sjøl om dei aldri så gjerne vil modernisera seg. Då ville det bli ramaskrik i de tusen hjem.

Det er som med NSB og metrologane Vidar Theisen og Kristen Gislefoss. Dei er ubehjelpelige og gamaldagse og vi trur ikkje på dei, men vi vil ikkje kvitta oss med dei likevel. Theisen er eit enfoldighetens symbol, og som sådan uutryddelig. NRK kan ikkje velja bort Theisen og Gislefoss og dei andre vermennene, sjøl om vermeldinga og verdamene på TV-2 er betre. Vi vil at dei og toget skal vera der, sjøl om vi ser på TV-2 og reiser med fly og bil," skriver han blant annet.

Les hele teksten nedenfor.

 

DEI VISE MENNENE

Av Andreas Hompland

Dersom norsk julefeiring var avhengig av vår nærhet til dei bibelske hendingane, hadde det stått dårlig til. Færre reknar seg som personlig kristne. Det går nedover med Bibelkunnskap som allmenndanning, sjøl om mange får med seg ein rituell flik av juleevangeliet når klokkene ringer for dei i ettermiddag.

Og sjå om ikkje sjølve stall-og-krybbe-legenden kjem av ein omsettingsfeil: Den greske glosa "kataluma" betyr slett ikkje herberge, men gjesterom eller stort rom. Og krybbe betyr ikkje sjølve foringskassa, men den staden der dyra får mat.

Då Josef måtte dra til Bethlehem for å la seg skriva inn i den romerske skattelista, var det rimeligvis ikkje plass til heile Davids ætt og klan i storfamiliens hus. Og det eine romet var slett ikkje noen passande stad for barnefødslar. Derfor skjedde nedkomsten i den tilstøytande lager-grotta. Dersom dei då ikkje måtte vera heime i Nasaret og ikkje kom fram til jul fordi esel-drivarane streika i protest mot den tids Kristian Rambjør og NSB.

Men jula overlever alt sjøl om utgangspunktet er suspekt og innhaldet tynnest ut, for jula er vårt mest elastiske ritual. Ho er like slitesterk som eit foredrag av presten Karsten Isachsen.

Jula er i stand til å ta opp i seg det meste i ein skikkelig julegraut. Jomfru Maria blir til Jordmor Matja og Stjerna lyser over stormagasina. Dei rødmåla og nedsnødde stovene som forlengst er avfolka, har flytta til byen som nostalgiske dekorasjonar i plast og på sprayboks. Og fårene på marken elskar vi som pølse og pinnekjøtt. I jula vev tradisjonelle element seg saman med årets kommersielle høgtid. Vår jul tar opp i seg symbol fra dei ymsaste samanhengar: Lysfest som finnest i dei fleste kulturkretsar, bytte av gaver som stadfestar vennskap og samhørighet, folketruas nissar, den heilage Nikolaus som blei okkupert og konfirmert av Coca-Cola og pint under handelstanden, slektsamkomer og familiedyrking, lys på gravene, englar i diverse gevantar, jesusbarn og basusjern, den norske kvite og reine vinteren, ekstravaganse og matorgiar.

Om julas innhald er elastisk og rekvisittane skiftar, så er formene seigliva. Hovmesterens "Same procedure as last year" konkurrerer med dei klassiske julehelsingane. Dette veslejulaftans ritualet i svart/kvitt kan ingen NRK-sjef ta frå oss, sjøl om dei aldri så gjerne vil modernisera seg. Då ville det bli ramaskrik i de tusen hjem.

Det er som med NSB og metrologane Vidar Theisen og Kristen Gislefoss. Dei er ubehjelpelige og gamaldagse og vi trur ikkje på dei, men vi vil ikkje kvitta oss med dei likevel. Theisen er eit enfoldighetens symbol, og som sådan uutryddelig. NRK kan ikkje velja bort Theisen og Gislefoss og dei andre vermennene, sjøl om vermeldinga og verdamene på TV-2 er betre. Vi vil at dei og toget skal vera der, sjøl om vi ser på TV-2 og reiser med fly og bil.

I år fekk vi også nye heltar. The Julekalender lærte oss at it is hard to be a nissemainn. Det er ei perfekt moderne julefortelling at årets største jule-suksess var ein nøye planlagd kommersiell kult-saus av nisse-nostalgi, trønder-engelsk, horror-show, folkekomedie, CD-lansering og TV-reklame i medie-lovverkets røyklagde ytterkantar. Alt i media er ikkje myrra, og det er ikkje gull alt som glimar; mye av det er potetgull. Reklamefolk er vår tids vise menn.

Tristessøren Nils-Fredrik Nielsen konstaterte: "Gud er død. Faen også". Likevel måtte han innrømma at barndommen er ein dom på livstid. Julesongane dalar ned i skjul i oss alle når profane artistbataljonar turnerer landets kjerker og tener seg ei velfortent årsløn i den søte adventstid. Men Nils-Fredrik Nielsen har sjølsagt også eit trøystens juleord for dagen til alle som finn glede i det nedslåande: "Religion er otium for folket".

Så la oss gle oss over jula kvar på vår måte og nyta desse dagane som skil seg frå resten av året. Dæ e bærre lækkert, dæ. La oss ønska kvarandre god jul med orda frå nasjonalpoeten - vismann og visemann: "Hvis ingen går i fella, men passer seg for den; skal alle om et år få feire jul igjen."

(24. desember 1994)

You have no rights to post comments