Annet

Biskop Kari Veiteberg: Vi skal fremje eit frigjerande evangelium

Biskop Kari Veiteberg: Vi skal fremje eit frigjerande evangelium

En tydelig preken Kari Veiteberg holdt da hun ble vigslet til biskop i Oslo domkirke 17. desember:

"Jesu tyngdepunkter ein annan stad enn lovforkynnaren og maktkritikaren Johannes. Jesus starte frå eit jordgolv, eit barn som ligge på eit jordgolv: Den minste i Guds rike. Det er ho som er utan makt, som ikkje kan handle, ho og alle andre av dei minste i Guds rike, er større enn Johannes, seier Jesus.

Kven er dei? Det er dei kyrkja kvar dag må halde fram med å finne ut av. Slik at dei verkeleg minste, dei som frys i hel om vi ikkje grip inn, dei som er avhengig av kjærleik og nåde utan krav, kan få høyre det tydeleg.

Kyrkja må øve seg og prøve på det nesten umoglege: På same tid adressere urett og maktovergrep og å gje kjærleik og omsorg, begge delar, utan å svekke verken evangeliet eller lova. For det viktige er jo at orda til Johannes blir ståande som ei utfordring til oss, og blir i dag i kyrkjene lese opp med sluttorda «slik lyder det heilage evangeliet». Setningane etter evangelieteksten fortel koss det gjekk vidare med Johannes: Han blei for nærgåande og ubehageleg for landsfyrsten Herodes og vart kasta i fengsel.

Det kostar å vere profetisk. Det er ikkje behageleg. Men vi kan ikkje late vere. Vi skal fremje eit frigjerande evangelium. No. Derfor er kyrkja stadig opptatt av kven som målber slik profetisk kritikk av makthavarar og samfunnsstrukturar i dag,"  sa hun blant annet.

Les hele prekenen under "les mer." For meg som ikke hører til kirken er dette interessante tanker.

 

Dette er prekenen Kari Veiteberg holdt da hun ble vigslet til biskop i Oslo domkirke 17. desember 2017:

Det første ordet Johannes seier i dagens evangelietekst, er, ja du høyrde rett, ormeyngel! Skjellsordet ormeyngel er altså det første ordet som blir lagt i munnen min som Oslos nye biskop.

Kjære menighet! Det trasige med «ormeyngel» og andre skjellsord er at dei kan få folk til å skamme seg over den dei er. Fordi dei folka som ikkje har gjort noko gale, er oftast dei som kjenner seg ramma. Og omvendt. 

Det har vi sett tydelege eksempel på i det siste, ikkje berre i Alabama, men også her heime. #meetoo-kampanjen fortel om trakassering og også overgrep i store delar av samfunnslivet. Her er det mange som har god grunn til å skamme seg, for å seie det forsiktig.

Det trasige er at desse forteljingane sit så langt inne. Ikkje berre fordi det dreier seg om maktforhold, men også fordi ofra har kjent skam. Dette er ikkje noko nytt, alle som har vore i kontakt med offer for overgrep og vald, veit at det er heller regelen: Ofra er dei som tar ord om skam og skuld til seg, mens dei same orda prellar tilsynelatande av på dei som verkeleg har gjort noko vondt.

Vi må vere varsame med å bruke ord som karakteriserer folk, eller kanskje heller: Vi må bli betre til å adressere, finne ut kva som bør bli sagt til kven.

Berre for å ha sagt det i denne første preika som Oslo biskop, dette er noko av det eg kjem til å halde fram med: Halde preiker der vi les bibelteksten grundig og spør kven som seier kva til kven. For Jesus, og i dag døyparen Johannes, seier ulike ting til ulike folk.

I dag er det ikkje Jesus som skjeller ut. Det er slektningen hans, Johannes. Lukas fortel at det var for å førebu dei mange som vil bli døypte, at Johannes møter dei med dagens kraftsalve.

Matteus som fortel om det same, meiner derimot å vite kven Johannes adresserte, det var farisearane og saddukearane. Det var altså religiøse leiarar som blei tiltalt som «ormeyngel». «Men kva skal vi då gjere?» spurde folket.

Hugsar de kva Johannes svarte? Det handla ikkje om religiøse handlingar, men om noko så enkelt at alle kunne ta det til seg, - om ein då hadde nok mat til seg sjølv og to kjortlar! «Den som har to kjortler, skal dele med den som ikke har noen, og den som har mat, skal gjøre det samme.» Det er lett sagt og vanskeleg gjort!

Deretter då soldatar og tollarar spurde, svarte Johannes kva desse yrkesgruppene skulle gjere for å kunne bli døypte. Krava var ulike: Skatteinnkrevjarar, krev ikkje inn meir skatt! Soldatar, press ikkje pengar av nokon ved vald. Det Johannes seier tydeleg, det har han felles med Jesus: Dei er begge profetar som legg på rett ferd.

Jesus skjerpa dei krava Johannes stilte i Bergpreika. Forholdet mellom Johannes og Jesus er svært nært. Mykje av det Jesus gjer skjer i forlenging av Johannes, det gjeld både forkynninga og dåpshandlinga.

Jesus kan nesten ikkje sette Johannes høgt nok. Seinare i evangeliet seier han: «Eg seier dykk: Ingen av dei som er fødde av kvinner, er større enn Johannes.» Men så går han vidare: «Men sjølv den minste i Guds rike er større enn han.»

Jesu tyngdepunkter ein annan stad enn lovforkynnaren og maktkritikaren Johannes. Jesus starte frå eit jordgolv, eit barn som ligge på eit jordgolv: Den minste i Guds rike. Det er ho som er utan makt, som ikkje kan handle, ho og alle andre av dei minste i Guds rike, er større enn Johannes, seier Jesus.

Kven er dei? Det er dei kyrkja kvar dag må halde fram med å finne ut av. Slik at dei verkeleg minste, dei som frys i hel om vi ikkje grip inn, dei som er avhengig av kjærleik og nåde utan krav, kan få høyre det tydeleg.

Kyrkja må øve seg og prøve på det nesten umoglege: På same tid adressere urett og maktovergrep og å gje kjærleik og omsorg, begge delar, utan å svekke verken evangeliet eller lova.

For det viktige er jo at orda til Johannes blir ståande som ei utfordring til oss, og blir i dag i kyrkjene lese opp med sluttorda «slik lyder det heilage evangeliet».

Setningane etter evangelieteksten fortel koss det gjekk vidare med Johannes: Han blei for nærgåande og ubehageleg for landsfyrsten Herodes og vart kasta i fengsel.

Det kostar å vere profetisk. Det er ikkje behageleg. Men vi kan ikkje late vere. Vi skal fremje eit frigjerande evangelium. No.

Derfor er kyrkja stadig opptatt av kven som målber slik profetisk kritikk av makthavarar og samfunnsstrukturar i dag.

To små eksempel, begge frå stader der den norske kyrkja og Oslo bispedømme har gode kontaktar: Nokuthula Dhladhla er prest i Soweto. I mai i år vart Lerato Tambai Moloi drept. Ho var ei av dei alt for mange offera for valdtekt og drap.

Fordi Tambai var lesbisk, ville ingen av dei seks kyrkjene i nabolaget hennar ville stille opp og halde minnegudsteneste. Prestekollega Nokuthula leia minnestunda og gravferda. «Eg sa», fortel Nokuthula, «at hatet mot Tambai kjem frå kyrkja. Vi må tore å snakke om patriarkatet og om kristen forkynning som fører til slikt hat og vald.»

Nokuthula blei truga etter dette og måtte flytte til ein sikrare bustad. Som lesbisk svart kvinneprest er ho utsatt. Men ho er opptatt av å finne håp! Ho ber meg helse alle her Oslo Domkyrkje dag!

Eg har og ei helsing frå Jean Zaru. Ho er kyrkjeleiar for kvekarane i Ramallah. Ho er palestinar, kvinne, mor og enke og bur like i nærleiken av heimetraktene til døyparen og Jesus. Jean Zaru har dedisert livet sitt til dialog og ikkje valdeleg sosial endring. Rettferdig fred. «Eg vil ikkje forsone meg med håplausheit», seier ho.

Slik kunne vi halde fram, med å nemne modige menneske som er profetiske også i dag. Eg håpar slike vitnemål frå skya av vitne som omgir oss, kan gjere at vi også blir flinkare til å adressere og å sette tydeleg ord der menneskeverdet blir krenka.

Slike modige ord og gjerningar er ein del av det som gjer oss til Jesu Kristi kyrkje. I dei ulike trus– og livssynsstradisjonane fins det og gode ressursar til å setje menneske fri og fremje fred og rettferd! «Fred vere med deg» helsar både jødar, muslimar og kristne. Fred, ikkje vald.

Så derfor: Kjære menighet. Takk for at de kom på denne glededagen, lat oss halde fram med å oppmuntre kvarandre med tydelege ord. Lat oss bli flinkare til å bruke orda til alle som treng det. Slikt at gleda og livsmotet kan yngle.

I den treeinige Guds namn: skaparen, frigjeraren og livgjevaren. Amen.


Legg til kommentar

Sikkerhetskode
Vis ny kode