Barn og Unge
Skulemat eller barnetrygd?
- Detaljer
- Overordnet kategori: Temaer
- Kategori: Barn og Unge
- Publisert torsdag 15. januar 2015 04:38
Krystall-klar beskjed fra Oddny Miljeteig, SVs gruppeleder i bystyret i Bergen.
"Eg krympar meg over overskrifta. Og valet håpar eg inderleg ikkje vert ein realitet. Men av alle er det no Arbeidarpartiet som foreslår at kutt i barnetrygd skal betala innføring av skulemåltid i barneskulen, ungdomsskulen og den vidaregåande skulen. Det seier diverre mykje om kor langt Arbeidarpartiet har fjerna seg frå universelle velferdsordningar som berebjelke i sosial omfordeling – og det seier diverre like mykje om at det er lett å ta frå dei som har minst når mange har (mykje) meir.
Eit kutt på 350 kroner månaden ser lite ut – i alle fall for dei som lever av stortingshonorar og foreslår endringar som rammar folk med inntekter forslagsstillarane truleg ikkje evnar å førestella seg. Men over 4000 kroner i inntektskutt årleg for eitt barn, det vil svi for mang ein småbarnsfamilie – sjølv om familien då slepp utgifter til den daglege matpakken. Det er nesten ubegripeleg for meg at AP har valt seg ut kutt i ei universell velferdsordning for å betala innføring av ei ordning haugevis av land ser på som ein sjølvsagd del av, hadde eg nær sagt, den nasjonale kvardagen. Med den APske skulematlogikk vil ein måtta kutta i arbeidsløysetrygda for å finansiera sosialhjelp. Til dømes."
Les hele teksten nedenfor.
Skulemat eller barnetrygd?
Av Oddny Miljeteig, SVs gruppeleder i bystyret i Bergen
Eg krympar meg over overskrifta. Og valet håpar eg inderleg ikkje vert ein realitet. Men av alle er det no Arbeidarpartiet som foreslår at kutt i barnetrygd skal betala innføring av skulemåltid i barneskulen, ungdomsskulen og den vidaregåande skulen. Det seier diverre mykje om kor langt Arbeidarpartiet har fjerna seg frå universelle velferdsordningar som berebjelke i sosial omfordeling – og det seier diverre like mykje om at det er lett å ta frå dei som har minst når mange har (mykje) meir. Det er ein stor, men udefinert middelklasse som no om dagen synest vera målgruppa for dei fleste politiske utspel. Så også Helseutvalet i AP sitt forslag om skulemåltid.
3,6 milliardar skal barnetrygda kuttast med, av i alt 15,2 – om eg forstår Helseutvalet i AP rett. Høgre og FRP må jubla i sitt lønnkammer, vel vitande om at hadde dei foreslått noko liknande, ville dei frå mange hald ha fått på pukkelen om usosial innretting. Og det hadde vore alldeles rettkome!
Barnetrygda har stått uendra sidan 1996. Det er ei snikredusering av ei grunnleggjande velferdsordning. I mai 2011 skreiv Dagsavisen at prisauken frå 1996 hadde vore på 37 prosent. Det betyr at barnetrygda mellom 1996 og 2011 de facto var redusert med 37% - eit tap på nesten 10.000 kroner for ein tobarnsfamilie. Satsane for barnetrygd er framleis kr 970 per månad, småbarnstillegget for einsleg forsørgjar utgjer kr 660 og utvida barnetrygd for einsleg forsørgjar 970 kroner.
Det florerer med historier om foreldre som set barnetrygda direkte på sparekontoen til born. Javel. Det tek ikkje vekk det faktum at barnetrygda er det billegaste, mest ubyråkratiske omfordelingsverktøyet vi har i vår norske modell. Fordi alle som har born får når dei søkjer om barnetrygd. Fordi barnetrygda er så mykje viktigare i kvardagsøkonomien til dei som har lite enn dei som har mykje. Fordi barnetrygda likevel betyr noko for langt fleire enn dei som treng henne mest. Fordi det er slik at dei mange også må «ha aksjar» i universelle velferdsordningar. Difor er det faktisk livsfårleg for den norske velferdsmodellen å devaluera barnetrygda, slik alle stortingsfleirtal altså har gjort det sidan 1996. SV greidde heller ikkje å få auka barnetrygda då vi sat i regjering. Spør du meg, seier det sitt om kor hardnakka motstanden var – og er. Og at den snakkande, styrande klassen ikkje greier sjå lengre enn til eigen nasetipp når framtidas velferd skal planleggjast. AP sitt forslag om kutt i nett barnetrygda for å få til skulemåltid kan visa seg å bli barnetrygdas banesår som omfordelingsverktøy i velferdsstaten.
Eit kutt på 350 kroner månaden ser lite ut – i alle fall for dei som lever av stortingshonorar og foreslår endringar som rammar folk med inntekter forslagsstillarane truleg ikkje evnar å førestella seg. Men over 4000 kroner i inntektskutt årleg for eitt barn, det vil svi for mang ein småbarnsfamilie – sjølv om familien då slepp utgifter til den daglege matpakken. Det er nesten ubegripeleg for meg at AP har valt seg ut kutt i ei universell velferdsordning for å betala innføring av ei ordning haugevis av land ser på som ein sjølvsagd del av, hadde eg nær sagt, den nasjonale kvardagen. Med den APske skulematlogikk vil ein måtta kutta i arbeidsløysetrygda for å finansiera sosialhjelp. Til dømes.
Noreg og Albania skal visst vera dei einaste landa i Europa som ikkje har ei skulematordning for born i grunnskulen, om eg har lese meg til det rett. Jaujau. Finland, som så ofte vert utpeika som føregangsland innan skule, innførte i 1948, som det fyrste land i verda, gratis skulemåltid inklusive varm lunsj. Heile åtte prosent av det totale utdanningsbudsjettet per elev går i Finland til skulemat. Samanhengen mellom læring og næring er dokumtert til det kjedsommelige. I Finland kallar dei skulematsatsinga for investering i læring, i Noreg har høgresida sett opp «læringstrykk» som motsats til SVs satsing på frukt og grønt og varme lunsjar. Dei fleste hugsar nok medfarten som SVs valkamputspel med varm laks og kylling (i 2005) fekk – og stadig får. Eg vil seia det slik: Harseleringa med dette utspelet har vore ein særs nyttig lynavleiar for dei som vil bagatellisera skulematordninga, no sist Torgeir Micaelsen, Arbeidarpartiet. Det minner meg faktisk på Unge Høgre som i si tid meinte at SV ville oppretta konsentrasjonsleirar for born – avdi vi ville ha barnehageplassar for alle (born)! Det politiske fleirtalet i Noreg sitt forhold til skulemat er forhistorisk!
Skulematordninga handlar om folkehelse. Men slett ikkje berre det. Næring og læring heng altså tett i hop. Skulematordning handlar om sosial omfordeling – å sikra ulike barn like muligheter i skulekvardagen – og i livet elles. SV har foreslått å skatta finansnæringa til liks med andre næringar for mellom anna å dekka skulematordning. Det handlar for meg om sosial omfordeling og rettvis fordeling – og ikkje minst om at alle skal med. Det mindretalet, eller for den del fleirtalet, kan betala for private løysingar, det kan det offentlege betala i fellesskap. Når vi meiner det er viktig nok. Skulemåltid er viktig nok, for norske skuleborn som for skuleborn i alle land i Europa minus Albania – og Noreg.
Kommentarer
Veit AP folk i det hele tatt hva ordet og begrepet solidaritet betyr lengre???
Jeg har en viss forståelse for at mitt eget parti, Arbeiderpartiet , ser en finansiering opp mot barnetrygden.
Men det kommer helt galt ut når en tankegang er at den reduseres for de som har lite fra før. Det blir en helt uakseptabel sosial profil.
Derimot bør det sees opp mot en vurdering av behovprøving av barnetrygd, at den altså fjernes eller reduseres for de med høy inntekt. Det er en debatt som bør tas. Selv om jeg ser tunge innvendinger, som at en del, og vi snakker om foreldre i en etableringsfase , har høye utgifter. Dessuten kan det bli vanskelig å følge opp en behovsprøving, og det er mange gode argumenter for en universell og lite komplisert ordning. Men denne delen burde etter min oppfatning utredes.
Jeg håper at mitt eget Arbeiderparti vil lene seg litt tilbake, tenke på sosial profil. Og ikke minst at partiet bør være et arbeiderparti med tanke, hjerte og sine røtter hos de som har det vanskelig i samfunnet. Da tror jeg forslaget om å ta fra de svakeste bør forsvinne av seg selv.
Og at det blir skolemat for alle!
Har forresten ikke noen tro på at AP kommer til å gjøre så mye som er rettferdig hvis/når de får makta igjen, ALLE partier meler kun de rikes kake når det kommer til stykket, det vet alle innerst inne! Det må et folkeopprør til for å få forandring i verden i dag, selv det kan vel være vanskelig, men da gjør jo noen noe ektefølt og sant i alle fall, noe det er mangel på i dagens samfunn. Det høres ut som om bare AP kommer til makta blir det fred og herlighet.
Denne kontantstøtten også, som ble gitt til alt og alle enten man var milliardær eller ikke-millionær, hva skal RIKE folk med slike ordninger????
Ønsker meg fullfinansiert heldagsskole med mat til alle ... (En utopi ?)
RSS feed for kommentarer til dette innlegget.