Barn og Unge

Heia den som taper? Skolemarknaden i Oslo, fritt skolevalg og stykkprisfinansiering.

Heia den som taper? Skolemarknaden i Oslo, fritt skolevalg og stykkprisfinansiering.

1. mars var fristen for alle videregåande-skuler-elevar for å velge skole i det frie skolevalget i Oslo. Og skolane lograr. Dei får nemleg ein sum pengar pr. elev. Ei slik stykkprisfinansiering vil seie at alle utdanningsprogram har eit botntilskot og eit tilskot per elev, avhengig av kva type utdanningsprogram det er snakk om. At skolane blir finansiert ved at elevane sjølve skal velge skole som kundar på ein marknad er kalla fritt skoleval. Men er det fritt? Nei, det betyr at eit mindretal av elevkullet (dei med dei beste karakterane) fritt kan velge den skolen dei ønskjer. Dei med dårlegare karakterar må ta til takke med andre-, tredje- eller fjerdevalet eller få tilbod om ein skole dei ikkje har søkt på, uavhengig av kvar dei bur.

Så kvifor gjer ein det då? Kva er tanken bak? Les Simon Malkenes, lektor i Osloskolen sin forklaring under "les mer".

 

 Heia den som taper?

- Skolemarknaden i Oslo, fritt skolevalg og stykkprisfinansiering.

Av Simon Malkenes, forfatter av Bak fasaden i Osloskolen.

1. mars var fristen for alle videregåande-skuler-elevar for å velge skole i det frie skolevalget i Oslo. Og skolane lograr. Dei får nemleg ein sum pengar pr. elev. Ei slik stykkprisfinansiering vil seie at alle utdanningsprogram har eit botntilskot og eit tilskot per elev, avhengig av kva type utdanningsprogram det er snakk om. At skolane blir finansiert ved at elevane sjølve skal velge skole som kundar på ein marknad er kalla fritt skoleval. Men er det fritt? Nei, det betyr at eit mindretal av elevkullet (dei med dei beste karakterane) fritt kan velge den skolen dei ønskjer. Dei med dårlegare karakterar må ta til takke med andre-, tredje- eller fjerdevalet eller få tilbod om ein skole dei ikkje har søkt på, uavhengig av kvar dei bur.

Så kvifor gjer ein det då? Kva er tanken bak?

Å organisere skolen som en marknad tek utgangspunkt i det den nyliberale ideologen F.A. Hayeks kallar ein spontan orden. Ifølgje Hayek må samfunnet organiserast slik at ein spontan orden mellom menneska er mogleg. Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen skildrar dette slik:

[…] et fritt samfunn [må] ses som en spontan orden […] Gjennom millioner av menneskers frie valg ble det skapt mønstre og orden også uten at en sentral planlegger satt med den hele og fulle oversikt. Markedet var, eller er, et av de fremste eksemplene på dette […][i]

Derfor må skolen òg organiserast som ein marknad. Alle skolar må vere kunnskapsbedrifter, elevar må vere kundar som vel skole fritt, undervisninga må vere eit produkt, og private skoler må konkurrere med offentlege.[ii] Og ein skal ikkje gripe inn og forstyrre skolemarknaden. Ministeren konkluderer i masteroppgåva[iii] si:

For i et samfunn basert på spontan orden, hvor tempoet i endringene avgjøres av millioner av små og store valg, er det i bunn og grunn ikke politikkens oppgave å ta stilling til slike spørsmål. Endring kan være smertelig for oss rent personlig, innrømmer Hayek. Men vi begår en alvorlig tabbe om vi forsøker å kvele den spontane orden.[iv]

Som kunde på skolemarknaden får eleven eit heilt sett med lovpålagte rettar som skolen er sett til å ivareta.[v] Dei skal sikre skolemarknaden. For den spontane orden i skolemarknaden er ikkje ein naturleg orden. Den er i høgste grad resultat av ein lovmessig orden der marknaden lever innanfor eit juridisk og økonomisk rammeverk.[vi]   Den skal forankre lovverk og styringa av skolen hos elevkunden på skolemarknaden, Då unngår ein maktkonsentrasjon hos lærar og skole, mot eleven.

For Hayek er hovudpoenget at lovverket som regulerer skolemarknaden, ikkje må forankrast i anna enn den spontane orden, i dei frie valga til eleven på skolemarknaden. Målet må derfor være å skape ein skolemarknad. Resten tek marknaden seg av. Men kva gjer dette med skolen?

Osloskolen har lenge konkurrert med andre kommuner og fylker om å være best i Norge, særleg på dei nasjonale prøvene. Tung politisk kapital har vore investert i å marknadsføre Osloskolen som ein ny, betre skole, der “(v)åre elever skal konkurrere med de beste i Europa”.[vii] Men konkurransen har òg gjeve lærarar i Osloskolen ei arbeidstid på mellom 50 og 70 timer i uka [viii] Dei har lavare løn enn resten av landet.[ix] Og to av tre lærarar i Oslo meiner dei ikkje kan snakke fritt til media om forholda ved skolane dei arbeider ved.[x] To av tre rektorar synes arbeidssituasjonen er forverra, 80 % melder om ”svært høge” (maksscore) forventningar frå Utdanningsetaten, kvar fjerde rektor meiner rammebetingelsane er for dårlege for å sikre forsvarleg opplæring, og at dei jobbar over 50 timar i veka.[xi] Og ein triksar med tal og resultat for å framstå som vellukka.[xii]

Osloskolen deler byen Oslo i to. Ein elev ved Uranienborg skole vest i Oslo hadde i 2014 260 000 kr til spesialundervisning. Mens ein elev ved Lofsrud skole, aust i Oslo, berre fekk 30 000 kroner til å betale for den same spesialundervisninga. I snitt hadde elevar vest i Oslo 124000 der dei i aust berre har 77000 kroner til å betale for den spesialundervisninga dei skal ha.[xiii] ”I Oslo vest gjør elevene det gjennomgående bedre enn elevene i Oslo øst”[xiv] og Peder Haug, professor i pedagogikk ved Høgskulen i Volda, ”har tidligere advart mot at skoler blir «taperfabrikker»…”[xv] Desse skolane er avhengig av å unngå stempelet som ”ghettoskole”.[xvi] For då vil ikkje elevane velge å gå der. Dei vil velge den vekk. Det gjer at skolens omdømme blir viktig. Det gjer samstundes at all kommunikasjon frå skoler til omverda, til foreldre er strategisk kommunikasjon, den har som formål å stille skolen i eit godt lys, som reklame. Veit foreldre det? Nei, det er ikkje sikkert.

I Osloskolens Veileder for skolekommunikasjon står det at formålet er å gje råd og tips til skolens kommunikasjon. Og spørsmåla ein rektor skal stille seg er til dømes: ”Er elevene markedsførere av skolen? Hvordan omtales skolen i mediene? Hvordan bygge skolens omdømme?” På Haugerud skole vart omdømmebygginga formulert som ”Du snakker aldri negativt om elever, foresatte, kollegaer eller ledelse, du kan være uenig innad, men utad står du fjellstøtt på det vi er enige om, og du forstår at vi jobber i et politisk system hvor vi har som oppgave å gjennomføre samfunnets bestilling. Vil du påvirke gjør du det gjennom stemmeseddelen”. Anine Kierulf, forsker ved Senter for menneskerettigheter sin kommentar var at ”Dette er ikke lov, det er i strid med både grunnloven og menneskerettighetene”[xvii]

I kampen om elevkunden bruker ein i Osloskolen eigne dagar der elevkundane kjem til skolane får å bli blenda og overtydd. Og då må skolane vise seg frå si beste side. Nokre av dei lagar eigen kinoreklame til hundretusenvis av kroner. I Osloskolens Veileder for skolekommunikasjon står det at Utdanningseaten har rammeavtale med kommunikasjonsbyrå for å få laga desse kinoreklamene. Og tida lærararen bruker på å reklamere og pengane skolane bruker på reklame kjem alle frå driftsbudsjettet. Dei skulle slik eigentleg gått til undervisning. Kor mykje penger ein i Osloskolen bruker på reklame hadde vore interessant å vite?

Skillelinjene skolemarkanden lager går òg etter etnisitet, kalla ”kvit flukt”, eit fenomen som forsterker sosial ulikskap og segregering. I følgje samfunnsgeograf Therese Sundell si studie ”Kvit flukt” blant norske barnefamilier? flyttar dei etnisk norske frå skolekrinsar med mange innvandrarar, og innvandrarfamiliar flytter austover i Oslo, der det bur fleire innvandrarar frå før, ”om utviklinga held fram kan vi få eit todelt skolesystem – eit for dei ressurssterke norsk og eit anna for dei minoritetsspråklege”.[xviii] På skolemarknaden er skolekrinsen i seg sjølv ei vare. På boligmarknanden er skoletilhøyrsla ein viktig del av salsteksten i prospektet. ”Jar skolekrets” slo ein meklar opp i salsprospektet på ein einebustad. For ”Jar barneskole er kjent for å ligge i landstoppen i nasjonale prøver”.[xix] Slik påverkar skoleresultata også eigendomsprisane slik at berre dei med høg intekt har råd til å bu der dei gode skolane er.

Men det er ikkje berre i Oslo ein har laga skolemarknadar. Det har ein òg gjort i andre land. Kva kan vi lære av dei?

I Danmark skildrar professor Niels Egelund, leder for intitutt for Utdanning og pedagogikk ved Århus Universitet, det som: ”Vi har fått en polarisert skole. Privatskolene er for de ressurssterke, mens folkeskolen er blitt en B-skole”.[xx] Etter skolereformen i Danmark i 2013 ville 17 % av foreldrene flytte barna sine til private skolar fordi dei frykter ei utarming og dårlegare fagleg nivå etter reformen. I København går allereie ein av fire på privatskole.[xxi] 65% av danske lærarar vil slutte i yrket[xxii] og søkertala til lærarutdanninga sank med 14% på eit år.[xxiii]

I England advarer Professor i pedagogikk ved Cambridge Universitetet, Diane Reay:

Ikkje gjer som vi har gjort med skolen i England. Konstant testing og vurdering av elevane har skapt ein utdanningsmessig fiasko. I eit svært konkurranseprega skolesystem vert vinnarar og taparar laga, og der det alltid er flest taparar. Eg har intervjua småskoleelevar heilt ned i sju-åtte årsalderen og dei forteller meg allereie då at dei ikkje er flinke på skolen. Testinga har valdsam betydning for korleis dei oppfattar seg sjølv og sine kameratar, dei er fullstendig klar over kva dei smarte og kven dei dumme er. Barna med dei svakaste resultata får dei mest uerfarne lærarane, dei er fleire i klassen og dei føler at dei er ghettofisert. I England er det så stor nivådeling at einskapsskolen ikkje finnes lengre noko som betyr at samfunnsklasser ikkje blandar seg lenger. Middelklassen er redde for at deira barn skal gå på skolen med barna frå den lokale ghettoen. Dei er redde for å bli smitta.[xxiv]

Samanliknar ein med Sverige kjem biletet endå tydeligare fram:

Bo Malmberg, professor i kulturgeografi ved Stockholms universitet, vurderer det slik: «USA har ei lov mot segregering. Om Sverige var ein delstat i USA, ville dei bli dømde etter denne lova fordi Sverige har innført eit skolesystem som fremjar segregering». Malmberg har i fleire år studert kven som vel, kva grunnlag dei vel på, og kva vala fører til:

Det vi ser, er ei forsterking av skoler med elevar frå same økonomiske og sosiale bakgrunn. Dette gjeld òg etnisitet. Det ein kallar rase, speler ei stor rolle. Og ein vel ikkje ut frå kvaliteten til skolen. Synet på utdanning varierer mellom ulike sosiale grupper. Middelklassen ser skolen som ei moglegheit for å ta seg fram i livet, som eit springbrett til det som kjem seinare. Dei lågare sosiale laga ser heller skolen som eit nødvendig vonde, noko ein må klare seg gjennom. Kvar ein gjer det, er derfor ikkje så viktig. Det er òg dei kvite middelklasseelevane som vel vekk skoler med innslag av annan etnisitet. Dei reiser heller til skoler langt unna som samstundes er kvite.

«Men dette visste vi», seier Malmberg. «Det er middelklasseelevane som nyttar fridomen til å unngå minoritetar i skolen og i klassen.»

Magnus Oskarsson frå Mitt universitet, prosjektleiar for den svenske delen av PISA, peiker på det same: «Resultata viser stadig aukande skilje. Dette er teikn på at vi får aukande skilje og aukande sortering. Og vi får vinnarar, vinnarskoler og vinnarelevar.»

Det same gjer Anders Jakobsson, professor i pedagogikk ved Malmö Högskola:

Vi har fått vinnarskoler som har gode elevar, og taparskoler som har dårlege elevar. Om ein mistar dei flike elevane, må læraren endre undervisninga. Undervisninga blir derfor på eit lågare vanskenivå. «Kamerateffekten» gjer at utan dei flinke elevane får ikkje dei mindre flinke noko å strekkje seg etter. Og det heile stoppar opp. Kameraten held deg nede i staden for å trekkje deg opp. Ein slik nedgåande spiral endrar skolekulturen, og mykje kunnskap går tapt på vegen.[xxv]

Samstundes trekkjer dei høgtpresterande skulane til seg dei dyktigaste lærarane, og dei mindre dyktige samlar seg på skoler med mindre flinke elevar. Dei svake skulane har derfor òg problem med å rekruttere lærarar, spesielt i matte og naturfag.[xxvi] Det gjer at elevane ved dei svake skulane i større grad enn ved dei sterke får lærarar som ikkje er kvalifiserte. Dette forsterkar den nedgåande spiralen. Sjølv om likskap er nedfelt i svensk skolelov, er ikkje Sverige lenger det landet der alle går saman på skolen og presterer bra. «Klassereisa er ikkje lenger mogleg», avsluttar pedagogikkprofessoren.

I følgje skoleforskaren Jonas Valchos lager skolemarknaden en etterspørsel etter visse typar elevar. En vil ha elevar som presterer bra ut frå små ressursar. Drivkrafta er å få tak i dei elevane som er minst ressurskrevjande. Sidan skolen får pengar per elev, kan ein tene gode pengar på dette. Og skulane kan vise til gode resultat sjølv om dei kanskje ikkje gjer ein spesielt god jobb.[…] På skolemarknaden vil ein få auka skilnader mellom skoler. I ein skolemarknad vil ressursar bli flytta frå dårleg fungerande skoler til velfungerande skoler. Til dei som vinn konkurransen. Kvalitetsskilnaden mellom skulane vil auke. Det er normalen. Skolemarknaden er derfor ikkje ein stad der ein kan skape likeverd og like moglegheiter for alle. Skolemarknaden og kravet til likskap lèt seg ikkje kombinere.[xxvii]

Det gjer samtidig at dei elevtypane som ikkje er friksjonsfrie, men ressurskrevande er mindre ønska. Dei konkurrerer ein om å ikkje ha. Får skolen for mange av dei uønaska barna vert den ein ”taparskole”. Slik fungerer skolemarknaden.

I byrådserklæringa til det nye byrådet står det at ein skal evaluere finansieringsordninga i Osloskolen. I den forbindelse vil eg kome med ei oppmoding. For å undersøke korleis skolemarknaden funger må ein sjå til dei skolane som taper kampen om elevane. Er det slik at det på nokre skoler er få eller ingen elevar som har skolen som førsteval? Kor store er klassane der ved skolestart? Vert dei overbooka til 31-33-35 eller 38 elevar for å kompenserer for stort fråfall gjennom skoleåret? Er der store andelar elever med IOP eller særskilte behov? Har skolane stor andel minoritetselevar eller andregenerasjonsinnvandrarar? Har dei stor andel elevar med lav sosioøkonomisk bakgrunn? Korleis er turnover`en blant lærarane? Er der mange nye lærarar som sluttar etter få år? Velger dei erfarne lærarane å bytte skole? Bytter dei då til ein ”vinnerskole” med ressurssterke elevar? Kva konsekvensar har svak resultatutvikling for ”taperskolane”? Vert undervisninga der standardisert i større grad enn på ”vinnerskoler”? Og vert lærararne ved desse skolane gjevne mindre pedagogisk fridom? Vert dei i større grad kontrollert og styrt av etat og skoleleiing? Har skolane lokale arbeidstidsavtaler med stadig aukande mengde arbeidsoppgåver for lærarane? Og har skolane budsjettunderskot. Svara på slike spørsmål vil vise om skolemarknaden i Oslo lager den ulikskapen som skolemarknaden har gjort i alle andre land der ein har organisert skolen på denne måten. Og er det slik må ein gjere noko med det.

Eller ein kan hevde at der ikkje er nokon samanheng mellom stykkprisfinansiering, fritt skolevalg, og etableringa av ein skolemarknad. At ein må sjå på stykkprisfinansiering og fritt skolevalg isolert. Men då har ein ikkje forstått kva stykkprisfinansiering og fritt skolevalg er. Dei er til for å skape konkurranse mellom skolar for å tiltrekke seg elevkunden på skolemarknaden. Ein konkurranse som aukar forskjellane i samfunnet og som gjer skolebarn som treng ekstra hjelp og støtte til barn skolen ikkje vil ha.

[i] Morgenbladet 31.01.2014.

[ii] Sjå Milton Friedman (2002) s. 85–107. Og F.A. Hayek (2006) s. 325–340.

[iii] Torbjørn Røe Isaksen: “Endring og tradisjon hos F.A.Hayek”, masteroppgave, statsvitenskap, UiO, 2008.

[iv] ibid.

[v] Oslo elev- og lærlingombud: Rettigheter i offentlig skole, elevmedvirkning (lesedato: 15.1.2013).

[vi] Friedrich Hayek: The Constitution of Liberty (Routledge: London, 2006), Kap 15 Economic policy and the Rule of Law og Hayek, F.A.: The Road to Serfdom (Chicago University Press, Chicago, 2007) kap 5 Planning economy and the Rule of Law.

Sjå: Michel Foucault: Biopolitikkens fødsel, Forelesninger på Collège de France 1978-1979 (Hans Reitzerls Forlag: København, 2009) 7. Forelesning 21. Februar 1979, - Det neoliberale projekt: at indføre rettsstatsprinsippene i den økonomiske orden – rettsstat og planøkonomi ifølge Hayek. Modellen legg til grunn at eleven er kunde på ein utdanningsmarknad der skolen er ei kunnskapsbedrift. Ein slik måte å organisere skolen på finn ein best formulert hos Milton Friedman: Capitalism and freedom (University of Chicago Press: London, 2002) kap VI The role of Government in Education. S. 85–107. Og Friedrich Hayek: The Constitution of Liberty (Routledge: London, 2006), Kap 24 Education and research s. 325–340.

[vii] Aftenposten27.06.2013: Utdanningsforbundet: Altfor mye testing i skolen

[viii] Aftenposten 01.08.2008: Unge Oslo-lærere slutter

[ix] Norsk lektorlag: For stor lønsforskjell mellom Oslo kommune og KS-område.

[x] Aftenposten 26.05.2011: Lærerne tør ikke uttale seg offentlig

[xi] Aftenposten 26.11.2012: 2 av3 Oslo-rektorer synes arbeidssituasjonen er blitt verre

[xii] Sjå td avsløringane i Klassekampen og Verdens Gang om jukset på kartleggingsprøvene hausten 2015.

[xiii] NRK: 08.05.2014: Enorme forskjeller mellom skoler i øst og vest

[xiv] Aftenposten 14.06.2011: Dette er det delte Oslo. Skillet er helt tydelig, vestkantskolene gjør det bedre enn østkantskolene.

[xv] Ibid.

[xvi] Dagsavisen 29.05.2013: Svensk skole splitter folket

[xvii] Dagbladet 04.05.2015 Ulovlig knebling av lærere

[xviii] Dag og Tid 24.03.2014: Skuleval som segregering (papirutgåve).

[xix] Ibid.

[xx] Klassekampen 02.12.2013: ”Bølge av private skoler”

[xxi] DR 08.04.2014: Hvert fjerde skolebarn i København går i privatskole – flere er på vei

[xxii] Politiken 09.04.2014: Tror I, at vi lærere er stærkt ubegavede?

[xxiii] Aftenposten 10.04.2014: Danske studenter svikter lærerestudiet (papirutgave)

[xxiv] Politiken: Britisk skoleprofesor; Gør ikke som os – Cambridgeprofessor advarer mod niveaudeling og massive tests. (mi omsetting).

[xxv] Alle sitat Sveriges Radio 12.05.2014 (mi omsetjing).

[xxvi] Osloskolen har eige rekrutteringsprogram for å rekruttere matematikk- og naturfaglærarar til skoler aust i Oslo, kalla TeachFirst. I samarbeid med Statoil får nyutdanna realistar fast jobb i Osloskolen. Dei får ekstra lønnstrinn og ekstra hjelp. Pedagogikken skal dei lære seg på eit intensivkurs om sommaren. Etter to år får dei tilbod om eit jobbintervju med Statoil.

[xxvii] Sveriges Radio 13.05.2014.

Kommentarer   

#1 Rigmor Bente Bjørgsdatter 07-03-2016 07:15
Får lyst å si som Bernie Sanders - i litt fri oversettelse: Når man hører hva som foreslås fra enkelte - ja da skjønner man virkeligg hvor viktig det er å satse på mental helse og bygge ut psykiatrien her til lands...

You have no rights to post comments