Barn og Unge

Ein skule som reduserer forskjellar

Ein skule som reduserer forskjellar

Tydelig tale fra bydelspolitiker Tore Syvert Haga, i Alna bydel (SV):

"I desse dagar blir økonomien til skulane i Oslo i åra framover avgjort, fordi ressursfordelingsmodellen blir endra. Eg meiner me må senda meir pengar dit dei trengst mest. Det nye forslaget er betre enn den eksisterande modellen, men bør justerast på nokre punkt.

Eg meiner at den nye ressursfordelingsmodellen må i større grad enn forslaget omfordela ressursar frå skular med ressurssterke foreldre til skular med ressurssvake foreldre. Det er naudsynt for å gje alle ungar likare mulegheiter, og å dempa den sosiale arven og klassedelinga av byen. Det kan gjerast ved å:

- Redusera den flate elevsatsen som går til alle skular nokre prosentpoeng, og i staden bruka dei frigjorte pengane til å auka pottane for sosiodemografi og språk.

- Utvida det føreslåtte inntektsmålet, sånn at skular som er i nedre tiendel på medianinntekt får tildelt ekstra ressursar.

- Utvida det føreslåtte utdanningsmålet, sånn at skular der hovudforsørgar har grunnskule eller ingen oppgitt utdanning, får tildelt ekstra ressursar"

Les hele hans artikkel nedenfor, under "les mer."

 

Ein skule som reduserer forskjellar

Av Tore Syvert Haga, medlem av bydelsutvalg Alna (SV)

I desse dagar blir økonomien til skulane i Oslo i åra framover avgjort, fordi ressursfordelingsmodellen blir endra. Eg meiner me må senda meir pengar dit dei trengst mest. Det nye forslaget er betre enn den eksisterande modellen, men bør justerast på nokre punkt.

Osloskulen har mange flinke lærarar, engasjerte foreldre og flittige elevar. Det skjer mykje godt arbeid i skulen, og mange elevar lærer mykje. Det raudgrøne byrådet har dessutan på viktige punkt justert kursen i Osloskulen. Prøvepresset er litt redusert, gratis halvdagsplass på AKS er innført i fem bydelar, ein del skular får ekstra lærarar og skulane får no full kompensasjon for veksten i elevtal. Dette vil gjera Osloskulen endå betre framover.

Samstundes er det fortsatt store utfordringar i skulen. Forskjellen i prøveresultat varierer kraftig mellom skular, og heng tett saman med foreldra sitt utdannings- og inntektsnivå. For mange ungar lærar ikkje skikkeleg norsk i løpet av skuleåra, noko som skapar utfordringar seinare i arbeidslivet.  Statusen mellom ulike skular varierer stort, dette er med på å påverka flyttemønsteret og forsterka klassedelinga av byen.

Skal me få ein skule som i større grad enn dagens jamnar ut sosiale forskjellar og sikrar alle ungar ein god start på livet, må me våga å prioritera hardare i Osloskulen. Meir av pengane må gå til dei skulane med dei største utfordringane.

Lenge har pengane blitt fordelt mellom skulane i Oslo gjennom ein såkalla ressursfordelingsmodell. Konsulentselskapet Deloitte har på oppdrag frå Utdanningsetaten laga eit nytt forslag til slik modell. Den nye modellen liknar den gamle, men er justert på fleire punkt. Kort fortald har han fyljande element:

- Eit basisbeløp som alle skular får, uavhengig av elevtal.

- Ein flat sats per elev, som utgjer 69 % av undervisningsrelaterte utgifter.

- Ein sosiodemografisk pott, som skal korrigera for forskjellar i foreldre sitt ressursgrunnlag. Denne blir føreslått fordelt basert på kor mange hovudforsørgjarar i skulekretsen som ikkje har høgare utdanning, og om medianinntekta per familiemedlem i skulekretsen er i nedre fjerdedel i Oslo.

- Ein språkleg pott, som blir føreslått fordelt etter kor stor del av elevane på skulen som blir registert som minoritetsspråklege.

Deloitte sine utrekningar viser at dei fleste skulane på ytre vest vil tapa bittelitt på dei føreslåtte justeringane, medan mange skular i ytre aust vil tena bittelitt eller ein del. Dei største utslaga kjem for ein del skular i Indre Aust, som tapar mykje pengar på at flytting og aleineforeldre ikkje lengre gjev uttelling. Bakgrunnen for den justeringa er at Deloittes statisiske analysar seier at desse faktorane ikkje påverkar skuleresultat, det er det utdanning og inntekt som gjer. 

No er den nye modellen ute på høyring. Driftstyra ved alle skular i Oslo, samt alle bydelar skal uttala seg. Høyringspartane bør investera litt tid og krefter på å trenga inn i denne viktige, men litt komplekse materien.

Eg meiner at den nye ressursfordelingsmodellen må i større grad enn forslaget omfordela ressursar frå skular med ressurssterke foreldre til skular med ressurssvake foreldre. Det er naudsynt for å gje alle ungar likare mulegheiter, og å dempa den sosiale arven og klassedelinga av byen. Det kan gjerast ved å:

- Redusera den flate elevsatsen som går til alle skular nokre prosentpoeng, og i staden bruka dei frigjorte pengane til å auka pottane for sosiodemografi og språk.

- Utvida det føreslåtte inntektsmålet, sånn at skular som er i nedre tiendel på medianinntekt får tildelt ekstra ressursar.

- Utvida det føreslåtte utdanningsmålet, sånn at skular der hovudforsørgar har grunnskule eller ingen oppgitt utdanning, får tildelt ekstra ressursar.

Den føreslåtte modellen medfører store inntektstap for ein god del utsette skular, både i Indre aust og nokre få i Ytre aust. Dette er skular med klare utfordringar innanfor språkopplæring, skuleresultat generelt og tillit i nærmiljøet. Dette er skular som treng fleire ressursar, ikkje færre. Bystyret bør difor  få på plass ein ressursfordelingsmodell som kjem desse til gode, i staden for å ta ressursar frå dei.

Det er vanskeleg å gjennomføra store kutt i einskildskular sine budsjett raskt. Difor bør det gjelda ei overgangsordning, som gjer at inntektstapet for dei skulane som går ned i inntekt utover det ubetydelege, blir fasa inn over to år.


Kommentarer   

0 #1 Sakina El 17-02-2017 13:22
Skolene klarer dessverre ikke å bryte ned den onde sirkelen som skaper og øker forskjeller i samfunnet. I stedenfor å gi alle unger likere muligheter, reproduserer den klasse- og sosiale-skiller om og om igjen ....
0 #2 Øystein Jetne 18-02-2017 07:37
Det er rimelig at skoler med store utfordringer får mer penger enn skoler med små utfordringer, men det virker rimelig drøyt å påstå at offentlige skoler i et område bør bli tildelt lite penger fordi foreldrene i området er rike. Flere av vestkantskolene har nå så svak økonomi at selve skoledriften er truet - og det har i den sammenhengen ingenting å si for elevene at mange av dem har rike foreldre. Den offentlige fellesskolen bør vel forsvares også på vestkanten?
0 #3 Konstantin Alther 22-02-2017 22:52
Satsing på språk er bra, men Deloittes forslag er ikke veien å gå. Husk at ressursene til særskilt språkopplæring ikke er øremerka. De fleste skolene har dårlig dårlig råd, og da går mye av det i det store sluket. Det finnes kun en begrensing: Når minoritetsspråk lige elever ikke klarer å følge med i den ordinære undervisningen har de etter Opplæringsloven s § 2-8 rett til særskilt språkopplæring (særskilt norskopplæring og evtl. tospråklig fagopplæring (morsmålsopplær inga er vel stort sett fjerna i Oslo). I vedtaket skal det bl.a. fastsettes hvordan opplæringen skal være organisert og hvilket omfang den skal ha (antall timer). Etter det nye forslaget vil slike vedtak ikke lenger utløse ressurser, og da sitter skolene igjen med alle kostnader. Når en samtidig mistenkeliggjør de skolene som er flinke til å følge opp elevene sine og nærmest beskylder dem for å jukse fordi de fatter mange vedtak, så veit vi hvor det bærer hen. Dette gir i hvert fall ikke alle unger likere muligheter!
For øvrig er jeg helt enig med Øystein. Problemet er jo bare at når bevilgningene er for små, og da blir det gærent uansett hvordan man fordeler dem.

Legg til kommentar

Sikkerhetskode
Vis ny kode