Helsevesen

Om arrete kvardagar og rosa morgonraude

Om arrete kvardagar og rosa morgonraude

Oddny Irene Miljeteig holdt appell i Bergen i går, ved starten av Rosa sløyfe-aksjonen:

"Ein sommardag i fjor vart livet mitt snudd på hovudet. Midt på ein heilt vanleg arbeidsdag. Eg klødde under armen, skikkeleg klødde. Det var ei lukke at eg klødde. For då kjende eg kulen, kulen som ikkje let seg bortforklara. Mange av dykk her har hatt same eller liknande oppleving og kjent korleis ein frys fast frå topp til tå. Det er ein slik augneblink som alle fryktar. Og somme av oss må oppleva den. Me vil ikkje, men kreften spør ikkje. Hadde han spurt, skulle me ha stemt han ned, einstemmig og samrøystes. Kvar gong.

«Du er tøff», seier folk til meg. Ja, eg er til og med kåra til Bergens tøffeste jente av kvinnegruppa Ottar i år 2000. Men eg skal seia dykk at i året som har gått, då har ikkje eg vore mykje tøff. Eg har vore mykje meir ei pingle; redd, angstfull, og somme dagar har uro og redsle teke kommandoen og eg har ikkje kunna snakka fornuft til meg sjølv. Slike dagar har eg takka Vårherre og fagrørsla og alle gode krefter ekstra for det norske helsevesenet og den norske velferdsstaten. Eller eg skulle ha takka, om eg hadde orka.

Det er gale nok å få kreft. Meir enn gale nok i seg sjølv. I vårt land har vi så langt ei folketrygd som tryggjer oss eit sikkerhetsnett. Eg er på arbeidsavklåringspengar no. Det betyr eit inntektsfall, men det går. Så snakkar somme, altfor mange om karensdagar og kutt i sjukeløna. Jaha. Nett som om vi vert friskare om sjukeløna vert kutta i? Og karensdag som eit moralsk imperativ overfor latskap og unnasluntring. Skulle eg ha vore utan sjukeløn den dagen eg sat frosen til is på Haukeland og hadde fått diagnosen bekrefta? Eg var i alle fall ikkje lat. Den dagen eg sat på venterommet for å få vita om eg hadde spreiing til skjelettet? Då var eg heller ikkje lat. Den dagen eg fekk min fyrste cellegiftdose? Ikkje det bitten lat! Du synest gjerne eg er beisk no. Men ein vert ikkje frisk av å leva i økonomisk og sosial utryggleik. Uføre vert ikkje meir arbeidsføre av å få kutt i uførepensjon – i verste fall vert ein fattig i tillegg til sjuk og ufør. Så det. Basta," sa hun blant annet.

Les hele appellen under "les mer."

 

Her er hele appellen fra Oddny Irene Miljeteig:

Kjære alle saman som har funne vegen hit til Fløyen denne fyrste skymingskvelden i oktober for å vera med og farga Fløyen, himmelen, byen og verda rosa! Du finn ikkje noko vakrare enn ein rosa kveldshimmel, ein raudrosa kveldshimmel som brenn i det sola går ned i vest – eller den rosa morgonrauden som vert sterkare og meir gyllen dess nærare sola kjem. Kjære alle saman. Det er godt å sjå dykk. Det er godt å vera i lag. Det er nødvendig å vera i lag når det er noko viktig det gjeld. Og dette, Rosa sløyfe-aksjonen, er viktig. Livsviktig. Eg har ikkje vore med før, eg må vedgå det. Sjølv om Rosa sløyfe-aksjonen så definitivt handlar om solidaritet som er det finaste ordet eg veit, attåt kjærleik. Og Rosa sløyfe er begge delar. Solidaritet og kjærleik.

Ein sommardag i fjor vart livet mitt snudd på hovudet. Midt på ein heilt vanleg arbeidsdag. Eg klødde under armen, skikkeleg klødde. Det var ei lukke at eg klødde. For då kjende eg kulen, kulen som ikkje let seg bortforklara. Mange av dykk her har hatt same eller liknande oppleving og kjent korleis ein frys fast frå topp til tå. Det er ein slik augneblink som alle fryktar. Og somme av oss må oppleva den. Me vil ikkje, men kreften spør ikkje. Hadde han spurt, skulle me ha stemt han ned, einstemmig og samrøystes. Kvar gong.

PRIVAT HUSKEREGEL

Du skal ikke klistre fine øyeblikk

opp på veggen i tankene

og forgylle dem med lengselen din.

Du skal kjøre spettet

hardt innunder arrete hverdager

og vippe dem opp.

En etter en.

Det er derfor

livet har deg på mannskapslista.

Dette diktet av Kolbein Falkeid, de veit han som skriv så mange av Vamp sine tekstar, dette diktet har dukka opp fleire gonger dette året sidan eg fekk påvist kreft. Seinast i går. Og då skjøna eg at dette diktet måtte vera med på Fløyen. «Du skal køyra spettet hardt innunder arrete kvardagar og vippa dei opp.» Ikkje mykje pusing, om eg kan seia det så, i dette diktet. Men likevel.

Det er i kvardagen vi lever. «Det gjeng an å leva i kvardagen og», sa Olav H. Hauge, førre århundres kanskje største norske poet. Han prøvde meir enn dei fleste, Olav H. Hauge. Kvardagane er kostesame, dei, dyrebare – og når dei står på spel, slik dei gjer når ein står overfor ein kreftdiagnose, ja, då treng vi somtid hjelp til å vippa dei opp, kvardagane, somme arrete, somme ikkje så arrete. Det er i kvardagene me treng støtte i stort og smått, eit besøk når vi orkar, ein telefon når vi orkar, ein sms eller ei fjesbokmelding når vi ikkje orkar meir enn det. Og ei bøn eller ein annan varm tanke når vi ikkje orkar noko i det heile.

«Du er tøff», seier folk til meg. Ja, eg er til og med kåra til Bergens tøffeste jente av kvinnegruppa Ottar i år 2000. Men eg skal seia dykk at i året som har gått, då har ikkje eg vore mykje tøff. Eg har vore mykje meir ei pingle; redd, angstfull, og somme dagar har uro og redsle teke kommandoen og eg har ikkje kunna snakka fornuft til meg sjølv. Slike dagar har eg takka Vårherre og fagrørsla og alle gode krefter ekstra for det norske helsevesenet og den norske velferdsstaten.Eller eg skulle ha takka, om eg hadde orka.

Eg er, om enn sjukemeld, nestleiar i eit parti som har «Ta kampen» som eit hovudslagord. Og eg trur eg er kjend for å ta mange kampar i politikken, små og store. Men når det kom til meg sjølv og brystkreften, då har det, takk og lov, vore eit helsevesen som har teke – og tek - kampen. Kreftavdelinga ved Haukeland sjukehus er noko av det beste som finst, har eg skjøna, og har eg erfart. «Hugs på at det er vi som er ansvarlege for behandlinga di», sa ein av overlegane til meg før eg byrja på cellegiftkurane. Eg ser han for meg, myndig på ein god måte, heilt sikker på at han hadde blikkontakt med meg og at eg lytta. Det gjorde eg. Og eg har hugsa, heile tida – når eg har kjent meg liten, sårbar, redd og avmektig og makteslaus: Haukeland har teke kampen. Heile tida. Og eg har fått ausa or meg om smått og stort – og har visst at eg har kunna ringja, dag eller natt om så var. Ein gong sa eg til mannen min at det var sjeldan eg møtte same sjukepleiar to gonger på rad. «Det er jammen godt», sa han, «for du seier jo det same kvar gong.»

Eg har hatt bruk for Haukeland og mange andre delar av helsevesenet. Og det har eg framleis. Mange av dykk som står her, er eller har vore i same situasjon. Eg hugsar for minst 15 år sidan eit bilete av forbundsleiarane i dei mest kvinnerike fagforbunda i Noreg under overskrifta «Saman er vi dyre.» «Saman er vi dyre.» Vi er nok dyre, ein del av oss som står her også. Når eg har nok overskot til å ha humor, plar eg seia til, for eksempel, politiske motstandarar, at «no går skattepengane dåkos!» Og veit de, dei synest det er heilt greitt! Me som har erfart, veit kor viktig det er å vita at me får den beste tilgjengelege behandling utan at nokon set på taksameteret. Sjølv om det kostar. Siste godkjenninga av immunterapibehandling for lungekreft var – nødvendig. Men det smakar dårleg at legemiddelindustrien er så profittbasert og grådig, det må eg få seia.

Det er gale nok å få kreft. Meir enn gale nok i seg sjølv. I vårt land har vi så langt ei folketrygd som tryggjer oss eit sikkerhetsnett. Eg er på arbeidsavklåringspengar no. Det betyr eit inntektsfall, men det går. Så snakkar somme, altfor mange om karensdagar og kutt i sjukeløna. Jaha. Nett som om vi vert friskare om sjukeløna vert kutta i? Og karensdag som eit moralsk imperativ overfor latskap og unnasluntring. Skulle eg ha vore utan sjukeløn den dagen eg sat frosen til is på Haukeland og hadde fått diagnosen bekrefta? Eg var i alle fall ikkje lat. Den dagen eg sat på venterommet for å få vita om eg hadde spreiing til skjelettet? Då var eg heller ikkje lat. Den dagen eg fekk min fyrste cellegiftdose? Ikkje det bitten lat! Du synest gjerne eg er beisk no. Men ein vert ikkje frisk av å leva i økonomisk og sosial utryggleik. Uføre vert ikkje meir arbeidsføre av å få kutt i uførepensjon – i verste fall vert ein fattig i tillegg til sjuk og ufør. Så det. Basta.

Brystkreft er ein kvinnesjukdom. I 2014 fekk 3.300 kvinner brystkreft og 24 menn. I medisinen er det mannesjukdommar som vert prioriterte, og det er hannrotter det har vore forska på. (Vel, truleg ikkje når det gjeld brystkreft, då.) Noreg ligg langt framme når det gjeld brystkreftbehandling. Det er eg viss på at vi kan takka den store frivillige innsatsen for. Kreftforeininga ikkje minst ; og Rosa sløyfe-aksjonen trillar årleg inn millionar landet rundt - og verda rundt. Skilsetjande forsking vert utført for Rosa sløyfe-pengar. Kanskje er det nett Rosa sløyfe-pengar som gjer at eg får lov til å stå her i dag. Ein vert ekte audmjuk og takksam av å tenkja på det.

Snart skal Fløyen fargast rosa. Det handlar altså om solidaritet – og kjærleik. Rosa, like sterk som raud. Om ærefrykt for livet. Om å leggja dagar til livet og liv til dagane. Om å vera takksam. Om å ta kampen. Om å la andre ta kampen. Om kvardagane, somme gode, somme vonde, somme ikkje til å halda ut, somme til å halda ut – Hans Børli seier det slik:

PÅ STIEN EN MORGEN

«Det knaser sprøtt i kongler under støvlene mine,

jeg går her halvt fraværende

med hodet fullt av blå lang-tanker

mens alt er hverdag

og ting av fortrolighet rundt meg.»

Og så seier han:

«plukk de gylne solsekundene

opp i den slitte gamle neverskrukka,

hjertet ditt.

Jeg stanser,

står fortumlet på stien

og snyter meg i en flik av morgenrøden»

Takk for at Rosa sløyfe-aksjonen finst, takk for at de er her – og takk for at vi kan snyta oss med ein flik av morgonrauden. Den rosa morgonrauden.

 

Kommentarer   

-1 #1 Signe Wiik 02-10-2016 17:26
Selv om jeg ikke kjenner henne personlig, er Oddny Miljeteig et menneske jeg har enorm respekt for. Jeg ble så glad for at hun er blitt frisk at tårene rant.Takk for at det finnes sånne mennesker.

You have no rights to post comments