Helsevesen

Oddny Miljeteig: Ein vert ikkje frisk av å ha dårleg råd!

Oddny Miljeteig: Ein vert ikkje frisk av å ha dårleg råd!

Eg hadde ikkje vore friskare om eg hadde hatt økonomiske suter i tillegg til kreften, skriver Oddny Miljeteig.

"Synest du at den norske sjukeløna, med løn frå fyrste dag og eitt år frametter, er for raus? Vel, då kan det vera du må passa på blodtrykket når du les vidare. For i dag er ein av dei dagane eg har såpass til krefter at eg har asa meg opp. Ikkje som når eg er i mi kvinndoms fulle kraft,  men såpass at eg nesten ser dampen stå ut begge øyro.

For no er det altså dags for åtak på sjukeløna igjen. Det plar alltid vera det ei høveleg, eg meiner uhøveleg, tid før valet. Alt etter kva styrke høgresida kjenner at dei har, kjem åtaka på sjukeløna.

Sjukefråveret gjekk ned i Sverige då dei kutta i sjukeløna. Ja, det gjorde det. Men: Sjukenærveret auka. Det skriv og snakkar dei borgarlege aldri om. Som om det er lurt med smittefårlege, sylte forkjøla folk på jobb" skriver Oddny Miljeteig blant annet.

Les hele hennes tekst nedenfor.

Ein vert ikkje frisk av å ha dårleg råd!

Av Oddny Miljeteig

Synest du at den norske sjukeløna, med løn frå fyrste dag og eitt år frametter, er for raus? Vel, då kan det vera du må passapå blodtrykket når du les vidare.

For i dag er ein av dei dagane eg har såpass til krefter at eg har asa meg opp. Ikkje som når eg er i mi kvinndoms fulle kraft,  men såpass at eg nesten ser dampen stå ut begge øyro.

For no er det altså dags for åtak på sjukeløna igjen. Det plar alltid vera det ei høveleg, eg meiner uhøveleg, tid før valet. Alt etter kva styrke høgresida kjenner at dei har, kjem åtaka på sjukeløna.

I år kjenner dei seg ikkje så grueleg sterke, dei lengst til høgre, visst. For Høgre har hatt landsmøte utan at lidenskapelege åtak stod på talarstolen. Frp har ikkje hatt landsmøte enno, men dei ligg så dårleg an på meiningsmålingane at det vert vel med den valege sleivkjeften frå ungdomsorganisasjonen.

Det er liksom ungdomsorganisasjonane som vert sende i felten når moderpartia kjenner seg på tynn is. Såpass signal må dei gje til sine velgjerarar i milliardklassen om at dei er til å stola på. Dei stikk berre ikkje hoven fram utan at dei kjenner seg ideologisk ovanpå, vaksenpartia i regjering. Det er det berre Venstre som gjer – dei som ein gong var eit sosialliberalt parti, men no har tømt omgrepet for mål og meining.

Denne regjeringa syter for sine – og kuttar hos uføre og kronisk sjuke. Uførereforma frå 2015 har gjort mange uføre fattigare. Regjeringa vil ikkje sjå kva konsekvensar det har for dei det gjeld – sjølv om dei har ein heil statsadministrasjon og likevel brukar 12 milliardar i konsulentutgifter. Dei skal jo ha til flaksalt på grauten, konsulentklassen også. Kuttet i barnetillegget for uføre, sjå, det har dei våga. Og barnetrygda har stått stille i kroner sidan 1996 – ja, gjennom dei åtte raud-grøne åra også, eg veit då vel det! Eg har kuleramme og alt, eg – og har mykje realfagskompetanse i min nære familie. Så det.

Like under overflata i sjukelønsdebatten boblar myten om latskapen, lønsarbeidaranes latskap.

Moderatarne i Sverige lukkast lenge med å framstilla seg som eit parti for arbeidsfolk. Ja, tru det eller ei, men det gjorde dei. Og Høgre på sitt mest høgtflygande, under Erling Norvik og Kaci Kullman Five, framstod som eit folkeparti og heldt seg jamvel med ei slags eiga avdeling for bygdefolk: Bunads-Høgre.  Men sjukelønsaversjonen fylgjer både Høgre og Frp i tjukt og tynt. Dei må vera dugeleg forarga på seg sjølve, inst inne, for at dei ikkje har fått gjort kål på denne særnorske sjukeløna frå fyrste dag. Sjølv om dei har innført tvangsarbeid for sosialhjelp.

Bergens Tidende skal ha takk for at dei på leiarplass i går oppsummerte den borgarlege propagandaen mot sjukeløna på nokså elegant vis. Sjukeløna er for raus. For Noreg har det høgaste sjukefråveret blant land vi kan samanlikna oss med. Sjukefråveret gjekk ned i Sverige då dei kutta i sjukeløna. Ja, det gjorde det. Men: Sjukenærveret auka. Det skriv og snakkar dei borgarlege aldri om. Som om det er lurt med smittefårlege, sylte forkjøla folk på jobb!

(publisert i Bergensavisen)