Innvandrere, antirasisme

Vi må tora å ta debatten!

Vi må tora å ta debatten!

Tydelig Oddny I. Miljeteig:

"Det største trugsmålet mot vårt samfunn er lygna om at somme menneske er meir verde enn andre.

Når USA stengjer gruppe av menneske ute, er det ikkje berre alvorleg. Det er fælsleg. For USAs historie er historia om immigrasjon, om menneske og kulturar som har smelta saman: «The melting pot.» Men USAs historie er også historia om omsynslaus diskriminering av dei opphavlege innbyggjarane, nett slik Australia har behandla sine urinvånarar. Både USA og Australia høyrer til «den nye verda.» Begge har mørke kapittel i rasismens historie. Australia si behandling av flyktningar er sjølve definisjonen på inhumanisme. Når rasismen blir kopla med nasjonalsjåvinisme, viser Europas 1900-talshistorie meir enn noko anna kor fælsleg resultatet kan verta.

Vi må tora å ta debatten no. Det er på tide å sjå ubehaget i kvitauga, 16 år etter at Benjamin Hermansen vart drepen på Holmlia av nynazistar avdi han hadde feil hudfarge. Det handlar ikkje om isolerte ekkokammer på nettet. Det handlar om sterke krefter og rørsler midt iblant oss. Midt i Europa. No treng vi modige styresmakter på alle nivå. Vi treng humanismens faneberarar i stort og smått. For folkeretten. For solidariteten. For nestekjærleiken. For anstendigheit mellom menneske. Vi må tora å ta debatten!"

Les hele hennes tekst under "les mer."

 

Vi må tora å ta debatten

Av Oddny I. Miljeteig

Det sterkaste biletet eg har sett siste dagane er frå USA. Det er av ei gruppe unge jødar som aksjonerer på ein flyplass mot presidenten sitt reiseforbod i 90 dagar for personar frå sju muslimske land. Ei av dei unge kvinnene ber ei gul, heimelaga jødestjerne der det er skrive «Muslim» og teikna ein halvmåne. Eg greier ikkje å skriva om dette utan å frysa på ryggen. Fordi det er så sterkt. Fordi verda er midt i eit stort alvor som krev at vi hugsar historia attende til 1930-talet. Det er så lenge sidan, og tidsvitna er naturleg nok på veg ut or tida.

«Gje mannen ein sjanse til å visa kva han duger til!» - og: «Han er demokratisk vald!» Det er to utsegner som fyk rundt øyro no i veka etter at Donald Trump tok sete i Det kvite hus. I valkampen «lova» han at han ville forby muslimar å koma til USA. Så lempa han på det og sa «terroristar.» No er syriske flyktningar utestengde på ubestemt tid – og alle flyktningar er nekta tilgjenge til USA i 120 dagar. Innimellom har presidenten bestemt å kutta pengestøtte til organisasjonar som driv bistandsarbeid som inkluderer familieplanlegging og abort. Det vil gå ut over 27 millionar kvinner og gjera at fleire tusen kvinner døyr som fylgje av illegale abortar. Og dette er berre starten. I Europa må vi hugsa at det å vera demokratisk vald ikkje er garanti mot noko, sjølv ikkje nazistiske og fascistiske styresett.

President Trump verkar ikkje i eit internasjonalt vakum. Ein kald, reaksjonær vind blæs over den industrialiserte verda. USAs 45. president er vald på ein hatsk retorikk retta mot nasjonale mindretal. Han tok vel ikkje eingong fråstand frå støtta han fekk frå Ku Klux Klan! I Europa er fascistiske og høgreekstreme rørsler i sterk framvekst og grip etter statsapparatet sjølv i nasjonar med ein rotfest demokratisk tradisjon, slik som Frankrike og Nederland. I Canada ser det ut til at det var ein høgreekstrem Le Pen-tilhengjar som utførte terroråtaket i Quebec der seks menneske miste livet. Men den canadiske statsministeren står fjellstøtt og ynskjer velkomen dei som USAs president stengjer ute. Ære vere han.

Vi må tora å sjå den internasjonale rørsla som veks fram for augo våre bort frå internasjonal solidaritet og attende til nasjonalismens snevre, ekskluderande løysingar – og der fleirkutlurelle fellesskap med vilje vert nedbrotne. Høgrepopulismen er ikkje alltid rasistisk i sitt uttrykk, men den høgrepopulistiske veksten har openberrt styrkt rasistiske grupper og rasistisk politikk. Gradvis flytter grensene for den offentlege debatten seg, og dei råe, brunsvarte utgytingane i sosiale medias ekkokammer er nesten vortne kvardagslege standpunkt i det opne rom.

Dei liberal-konservative partia leikar med livsfårlege krefter når dei opnar døra for samarbeid med høgrepopulisme og nasjonalsjåvinisme. No er Moderaterna i Sverige i ferd med å kvitvaska Sverigedemokraterna. Det står om politisk anstendigheit og om demokratiet sjølv når dei stillteiande og i praksis aksepterer den meir eller mindre eksplisitte rasismen hos samarbeidspartnarane sine.

Rasismen er eit åtak på sivilsamfunnet og demokratiets integritet, ja, sjel. Den skader både einskildmenneske og grupper. Rasismen er gruppetenking på sitt aller mørkaste og tek frå einskildmenneske menneskeverdet avdi dei høyrer til «feil» gruppe, det vere seg jødar, svarte eller muslimar. Eller homofile og lesbiske. Til dømes. Rasismen undergrev rettstryggleiken og tillita mellom fleirtal og mindretal. Rasismen må nedkjempast, i stort og smått. Kvar dag. Av deg og meg – og av styresmakter på alle nivå. Anten det gjeld tiggarane av romfolket, jødar, muslimar – eller samane. I konsentrasjonsleiren Ravensbrück vart lesbiske kvinner internerte og tekne av dage avdi dei var lesbiske. Funksjonshemma vart også utsette for holocaust. Norsk politi var lydige og samla inn norske jødar som vart transporterte til utsletting i dødsleirane.

Islamofobien er i ferd med å spreia seg i Europa og Noreg. Det minner skremmande om korleis antisemittismen vaks fram i mellomkrigstida. Og no har vi 30-talet som ein historisk spegel for notida. Når byrja det, vil ettertida spørja oss. Kva gjorde de når de såg det skje? Vi må ha svar, også for korleis vi skal stogga - og snu – i tide.

Det største trugsmålet mot vår anstendigheit og vårt folkestyre, mot likestilling og mot demokratiet er ikkje våre nasjonale mindretals kledeplagg. Sjølv om vi gjerne kan diskutera somme av dei – og somme av våre eigne. Det er ikkje berre nikab som er eit seksualiserande kledeplagg! Men hugs dette: Det største trugsmålet mot vårt samfunn er lygna om at somme menneske er meir verde enn andre.

Når USA stengjer gruppe av menneske ute, er det ikkje berre alvorleg. Det er fælsleg. For USAs historie er historia om immigrasjon, om menneske og kulturar som har smelta saman: «The melting pot.» Men USAs historie er også historia om omsynslaus diskriminering av dei opphavlege innbyggjarane, nett slik Australia har behandla sine urinvånarar. Både USA og Australia høyrer til «den nye verda.» Begge har mørke kapittel i rasismens historie. Australia si behandling av flyktningar er sjølve definisjonen på inhumanisme. Når rasismen blir kopla med nasjonalsjåvinisme, viser Europas 1900-talshistorie meir enn noko anna kor fælsleg resultatet kan verta.

Vi må tora å ta debatten no. Det er på tide å sjå ubehaget i kvitauga, 16 år etter at Benjamin Hermansen vart drepen på Holmlia av nynazistar avdi han hadde feil hudfarge. Det handlar ikkje om isolerte ekkokammer på nettet. Det handlar om sterke krefter og rørsler midt iblant oss. Midt i Europa. No treng vi modige styresmakter på alle nivå. Vi treng humanismens faneberarar i stort og smått. For folkeretten. For solidariteten. For nestekjærleiken. For anstendigheit mellom menneske. Vi må tora å ta debatten!

(publisert i Bergensavisen)

Kommentarer   

#1 Åse Karin Karlsen 09-02-2017 08:20
SÅ sanne og viktige ord. Det einaste som skremmer meg er hatet som strømmer ut fra så alfor mange i vårt eget samfunn:( verbale bomber kan ramme hardt , også våre gamle verdier som slettes ikkje såg slik ut :( tenk vi hadde verdens første høykommisær for flyktninger , Nansen gjorde en massiv innsats og dét lenge før oljen ! Å det beviser vel at det hele handler om menneskesyn og verdi, som langt overskrider , pengenes verdi ! Har virkelig savnet en klàr og tydelig stemme i denne så livsviktige saken, så takk Miljeteig , vi trenger sårt noen som tør å ta denne debàtten på høyt plan
#2 Arve Meisingset 09-02-2017 19:45
Det holder ikke å kritisere andre land. Se på oss selv. Når flyktninger fryser ihjel i Europa og Midtøsten, nekter Listhaug å ta mot flere flyktninger og kvoteflyktninge r, selv om vi har stor ekstra kapasitet og rikelig med penger. Å gi en flyktning utdannelse og arbeid er mye billigere enn å oppfostre egne barn. Derfor har FrP alltid løyet om flyktningeregns kapet. Listhaug er en antiinnvandring sminister. Menneskesmugler ne gjør mer humant arbeid enn henne. Nansen var ateist og humanist.
Arve Meisingset
#3 Arve Meisingset 09-02-2017 20:05
Det fine med Trump er at han tvinger våre utenrikspolitik ere til å tenke selv. Det har de ikke gjort på flere titalls år. Obama snakket som en emissær, som lever av å narre kvinnfolk på landsbygda, mens han hver uke godkjente drap med droner. Over 12000 bomber i hans presidentperiod e, og våre utenrikspolitik ere lot seg lure hver gang.
#4 Arild Sæther Johannessen 09-02-2017 21:51
Som Oddny Irene Miljeteig er inne på: USAs historie er også historien om utryddelsen av store deler av urbefolkningen og dens kultur. Dagens amerikanske "melting pot" er en innflytterkultu r som baserer seg på undertrykking og etnisk rensing. Derfor har ikke USA, i motsetning til f.eks. europeiske land, noen "egne" kulturhistorisk e tradisjoner de ønsker å ta vare på. Snarere tvert imot. For å fortrenge minnet om den opprinnelige befolkningens kultur, har det vært ønskelig å importere kulturer og tradisjoner fra resten av verden. Denne "multikulturen" passer derfor ikke, og lar seg heller ikke gjennomføre, noen andre steder enn i USA.
For at et samfunn skal fungere noenlunde harmonisk, må det til en mye større grad av assimilering enn det har vært politisk vilje til i Norge.
Mislykket integrering, med ghettodannelse og parallellsamfun n som konsekvenser, er noe vanlige folk (i motsetning til den kulturelle eliten på vestkanten) føler på kroppen hver dag. Dette er den viktigste årsaken til rasisme og fremmedfrykt, og her har myndighetene samlet ris til egen bak i årevis.
#5 Kim Braskerud 09-02-2017 21:52
Vi gjør det vi kan ved og gi til veldedige formål,frivilli ge arbeid. I følge UN er det nesten 65 millioner mennesker som har krav på flykning status i verden skal vi presse alle inn til Europa er det løsningen din? se på Tyskland,Storbr itannia,Frankri ket,til og med Sverige våres nabo er i fullstendig kaos etter og ha sluppet inn 160 tusen flykninger/immi granter nei sorry Ivar Johansen det her er galskap !
+1 #6 Arve Meisingset 10-02-2017 07:49
Svar til Braskerud
Selvsagt skal Europa ikke ta mot alle flyktningene. Men la oss se på tallene dine. Vi ser bare på EU-delen av Europa. EU har 520 millioner innbyggere. En frisk familie greier lett en familieforøknin g på 10 prosent, dvs 52 millioner. Dette er hele verdens flyktningebefol kning. Når EU ikke greier å ta mot 1-2 millioner flyktninger, 0.2 promille, må EU være en meget dysfunksjonell familie.
#7 Arve Meisingset 10-02-2017 07:59
Om antall bomber
Jeg ga feil tall om bomber ovenfor.
The Guardian opplyser at USA slapp 26176 bomber i 2016. Da er bomber fra Appache-helikop tere ikke tatt med. Disse bombene er en vesentlig årsak til flyktningestrøm mene. Disse bombingene fortsetter i flere land uten å konsultere den nye presidenten.
+1 #8 Amira Urban 10-02-2017 10:19
Hva med å komme ut av komfortsonen, rett her i Norge, der asylsøkere må vente i månedsvis for å få behandlet sin søknad om oppholdstillate lse? Det største trugsmålet mot menneskelighete n vår er å godta et samfunn delt inn i "Vi" og "De andre".
+2 #9 Else Hauan 11-02-2017 11:09
Still krav til partiene før valget om at vi må åpne for flere flyktninger, forenkle søknadsprosesse n og gi statsløse pass.Vi må få et lovverk som er verdig i Nansens fotspor.

You have no rights to post comments