|
Internasjonal politikk
|
|
tirsdag 09. februar 2010 03:57 |
I dag står Jonas Gahr Støre på Stortingets talerstol for å snakke om situasjonen i Afghanistan. Det er ikke ein dag for de store sanningene. Det er snarere en dag for å spørre seg selv: Blir det mindre krig med flere soldater? Stortingsrepresentant Hallgeir Langeland og meg selv kommer i dagens VG med 5 utfordringer for norsk utenrikspolitikk.
Fem utfordringar for norsk utanrikspolitikk
Av Hallgeir H. Langeland, stortingsrepresentant frå SV og Ivar Johansen, internasjonal leiar i SV
I dag står Jonas Gahr Støre på Stortingets talarstol for å snakke om situasjonen i Afghanistan. Det er ikkje ein dag for dei store sanningane. Det er snarare ein dag for å spørje seg sjølv: Blir det mindre krig med fleire soldatar?
Mange afghanarar ønska dei militære styrkane velkomne til Afghanistan, og hadde håp om at de ville bidra til fred og utvikling i Afghanistan. Ei av dei var parlamentsmedlem Shukria Barakzai (38). Ho har tidligare blitt banka opp av Taliban, og er ei av dei kvinnene som etter invasjonen fikk mogligheit til å studere. Seinare har ho starta ei vekeavis om kvinners rettar i det afghanske samheldet.
I dag er situasjonen ein annan. Shukria Barakzai er ein av mange afghanarar som har bede den norske regjeringa om å revurdere den militære strategien. I et intervju sa ho: ”Send oss 30 000 lærarar i staden. Eller 30 000 ingeniørar. Men ikkje send fleire militære styrker – det vil berre føre til meir vold.”
Noreg er eitt av dei landa i verda som gir mest i bistand til Afghanistan. Samstundes er dette landet, saman med Palestina, det landet vi gir mest til av dei landa vi støttar med bistand.
Men vi bruker om lag like mykje på militære bidrag som vi gjer på sivil innsats. Og mykje tydar på at dagens NATO-styrkar korkje skapar stabilitet eller tryggleik for befolkninga i Afghanistan. Tilliten til dei internasjonale styrkane er på eit lågmål, og mange afghanarar tvilar på deira motiv for å vere i landet. Mykje peikar mot at den norske deltakinga i den amerikansk-leia krigen i Afghanistan ikkje har vore den suksessen ein håpa på, korkje for Afghanistan, NATO eller Noreg.
Einkvar utanriksminister må spørje seg sjølv: Gjer vi det som er rett? Gjer vi noko som er bra for Afghanistan? Blir det mindre krig med fleire soldatar?
Samstundes ber Afghanistan-situasjonen på noko større, nemlig innretninga på heile Noregs samla utanrikspolitikk. Det dreier seg om vårt forhold til FN og vår innsats for fred, Noregs forhold til USA, spørsmålet om nedrustning, og ikkje minst med vår internasjonale solidaritet med dei som treng hjelp. Kva gjer vi, og kvifor? Kven gjer vi det med? Er vi sikre på at alt vi gjer er rett?
Her er fem store utfordringar for utanriksministeren framover:
1. FN-sporet: I dag bygger norske utanlandsoperasjonar på våre ”forpliktingar” i NATO meir enn på våre pliktar overfor FN. Vi er i Afghanistan og krigar med NATO. Det har vist seg å ikkje vere nokon smart strategi. For kvar bombe som faller og for kvar innbyggjar som blir såra eller drepen, auker oppslutnaden om Taliban. Situasjonen i landet har gått frå vondt til verre. Tusenar av sivile er drepne sida invasjonen i 2001. 2009 var eit rekordår for talet på døde. Dei sivile dødsfalla i 2008 økte med 40 prosent samanlikna med året før. og har i praksis vist seg som et reiskap for stormaktsinteresser utanfor NATOs eigne grenser.
Det snakkas ofte om å følgje FN-sporet. Men dette sporet går ikkje i en snø som er rein og kvit for eit land som er NATO-medlem. Norsk medlemskap i NATO undergraver tvert i mot på mange måtar FN. Til dømes gjeld dette FNs moglegheit til å byggje ut ein eigen militær kapasitet. I tillegg har alliansen førstebruk av atomvåpen som del av sin strategi, og NATO førehald seg retten til å bruke militærmakt utanfor sitt eige område, også utan FN-mandat. NATO-medlemsskapet gjer òg at faren auker for at Noreg blir dratt med i angrepskrigar i strid med folkeretten. Gjennom vårt medlemsskap i NATO er vi derfor med på å svekkje FN som fredsbyggar. Er utanriksministeren klar til å frigjere seg meir frå NATO, for å verkelig følgje FN-sporet?
2. Innsats for fred: Det store er altså spørsmålet om kva som hjelper afghanarane. Mye tyder på at krigføringa har gjort vondt verre. I mange NATO-land diskuterast den militære strategien i Afghanistan. Det er debatt om både eventuell forlenging av militære styrker og om deltaking i kamphandlingar i sør. Stadig fleire innser at offensiv krigføring og fleire soldatar ikkje er løysninga på problemet. I England er 2/3 av befolkninga for at styrken skal trekkjast tilbake. I USA er det nå et fleirtal mot krigen i Afghanistan. Canada og Nederland har vedtatt at de stridande styrkane skal sendes heim. Meiner utanriksministeren det kan bli aktuelt med ei gradvis nedtrapping av vårt militære engasjement i Afghanistan, i lys av utviklinga landet?
3. Tilhøvet til USA: NATO-medlemsskapet er òg med på å gjere Noreg for avhengig av USA, og gjer det vanskelegare å utvikle ein norsk politikk uavhengig av USAs interesse. Sjølv om Barrack Obama har lovet forandring, er det ikkje nokon tvil om at USA enno er ein stormakt som setter eigne strategiske og økonomiske behov føre omsynet til fred og utvikling mange stader i verden. Aggressiv utanrikspolitikk frå USA er ein av årsakene til fleire av verdens mest betente konfliktar. USA nektar også å underlegge seg internasjonale avtaler, for eksempel om rustningskontroll og krigsforbrytardomstol. Noreg er derfor tent med å gjøre seg mindre avhengig av USA. Slik krigsdeltaking trekker Noreg djupare inn i stormaktspolitikken, og vil svekke norsk evne til å spille en aktiv rolle i internasjonalt fredsdiplomati. Er utanriksministeren klar til å frigjere seg meir frå USA, for å styrkje Noregs sjølvstendige stemme internasjonalt?
4. Nedrustning og våpeneksport: Konflikt og krig rundt om i verda, som Afghanistan, minskar tryggleiken, og gjer handel med våpen til storindustri. For å auke folks tryggleik treng me å arbeide for ei verd fri for kjernevåpen og andre masseøydeleggingsvåpen gjennom forpliktande avtaler som omfattar alle land. Vi bør ha som mål å innføre sluttbrukarerklæring frå alle land, og arbeide for at dette blir norm i NATO. Desse krava må òg gjelde ved sal til NATO-land. Er utanriksministeren klar til å ta dei grepa som trengs for nedrustning, og innføre sluttbrukar erklæring på norsk våpeneksport?
5. Eit meir solidarisk Noreg: Afghanistan er bare eitt av mange steder i verda kor folk lider. Til saman er over 40 millionar menneskjer på flukt, frå krig eller konflikt verda over. Det er difor Noreg skal føre en meir human flyktningpolitikk, og lyttar meir til FN sine anbefalingar om kven som treng hjelp. Samstundes må me òg hjelpa fol der dei er. Vil utanriksministeren slåss for å auke talet på kvoteflyktningar no som talet på asylsøkarar går ned? Vil han oppretthalde norsk bistand på ein prosent av BNP, og samtidig stø kravet om at norsk bistand ikkje skal gå til program som pålegg mottakarane liberalisering eller privatisering av offentlig verksemd?
(VG 9. februar 2010)
Tilbakemelding(0)
 |
Kopirett © 2012 Ivar Johansens blogg. Alle rettigheter reservert.
|
|
Blogg om internasjonal politikk
Ein god og ein dårleg nyheit
forandre verden? 16.5.2012
Som avbrekk i eksamenslesinga har eg delteke på intern-seminar på BI i dag. Temaet som stod på agendaen var politiske protestbevegelsar. David Yanagizawa-Drott frå Harvard University var mannen som hadde ordet. Den unge og kreative Harvard-øko
17. mai-feiring mot homofobi
16.5.2012
17. mai er Norges nasjonaldag. Det er den dagen vi feirer Norge som selvstendig og demokratisk nasjon, og der vi hyller viktige nasjonale verdier som likeverd, fellesskap og inkludering. Ut i verden blir dagen feiret som Den internasjonale dage
Faglunsj med Nansen Dialog-nettverket
Norges Fredsråd 16.5.2012
Tid: tirsdag 22. mai, kl. 12–13.30
Sted: Fredshuset, Møllergata 12, 0179 Oslo
Nansen Dialog-nettverket vil snakke om sitt arbeid med dialog som konflikthåndteringsmetode i tidligere Jugoslavia. I 15 år har de jobbet med lærere, journalister, un
Al Naqba og slutt på palestinske fangers sultestreik
Fellesutvalget for Palestina 15.5.2012
Palestinske kvinner med bilder av sønner i israelske fengsler. Foto: Elisabet Palerud
I dag, 15. mai, markerer palestinere verden over Al Nakba(arabisk for «katastrofen»), dagen da staten Israel ble opprettet i 1948. I kjølvannet av det
Retten til å komme hjem
Palestinakomiteen i Norge 15.5.2012
Av Gada Azam, leder av Palestinakomiteen i Oslo
(dette innlegget stod også i Klassekampen 15. mai)
Den 15.mai markerer palestinere Al Nakba (katastrofen), mens Israel feirer statens opprettelse. Al Nakba er betegnelsen på fordrivingen av 750 000
#M12 – SOLIDARITETSMARKERING
Attac Norge 11.5.2012
12. mai tar mennesker over hele verden til gatene for å vise sin motstand mot den skjeve fordelingen av ressurser og mot kriseløsningene som har blitt diktert av markedene.
Vi ønsker å vise solidaritet med de ungdommene, arbeidsledige, studentene
Intern-diplomati
Norge i verden 10.5.2012
Daglig ringer tyske journalister ambassaden med spørsmål om alt fra norsk samfunns- og kulturliv via turistinformasjon til fargen på prinsesse Ingrid Alexandras sykkel. Inneværende uke har jeg for eksempel bidratt til tysk folkeopplysning ved å
Fredsinitiativet går i 1.mai-toget med EL og IT forbundet
Fredsinitiativet 1.5.2012
Fredsinitiativet går i 1.mai toget sammen med EL og IT forbundet som ifjor. Vår parole er LO-Oslos parole
“Norske soldater ut av Afghanistan – nei til angrepskrig”
Fredsinitiativet har laget sin 1 mai-løpis i år og vi håper at
Ny landsleder i IKFF
IKFF 26.4.2012
IKFFs landsmøte 21-22 april på Hamar valgte Kirsten Margrethe Tingstad (Lillehammer) til ny landsleder etter Dagmar Karin Sørbøe. Ny nestleder i styret er Edel Havin Beukes (Oslo/Akershus).
Landsmøtet vedtok tre uttalelser:
1) Til Stortinget og
|