Internasjonal politikk

Er grunnlova til hinder for krig?

Er grunnlova til hinder for krig?

"Vi er alle tent med at norsk krigsinnsats i utlandet er underlagt klåre og opne konstitusjonelle rammer. Difor bør politikarane no gripe høvet til å diskutere meir prinsipielt kva konstitusjonelle grenser som gjeld på dette området. Av same grunnen bør også Stortinget involverast i spørsmålet om Noreg kan og bør delta i krigshandlingar mot IS i Irak, sjølv om regjeringa etter Grunnlova kan bestemme dette åleine.

I det minste må vi kunne forlange at dersom det blir aktuelt for Noreg å delta i krigshandlingar mot IS, så må regjeringa kunne forklare korleis det er «til forsvar av landet»," skriver Eirik Holmøy, professor i rettsvitenskap ved Universitetet i Bergen, blant annet i denne artikkelen.

Er grunnlova til hinder for krig?

Av Eirik Holmøy, professor i rettsvitenskap ved Universitetet i Bergen

No om dagen diskuterer politikarane våre om Noreg skal delta i ein internasjonal militæroperasjon mot terrororganisasjonen IS i Irak og kanskje også i Syria.

Kva eit eventuelt norsk militært bidrag skal gå ut på er enno uvisst. Sikkert er det iallfall at om norske styrkar skal delta i krigshandlingar mot IS, så må regjeringa gjere ei rekke vanskelege vurderingar av politisk, militær og juridisk art.

Politikarane våre har med andre ord mange ting å tenkje på. Men dei bør også tenke på ei side av saka som enno ikkje har vore løfta fram i den politiske debatten: Er det konstitusjonelle grenser for bruk av norsk militærmakt i utlandet, og kva er dei?

Etter Grunnlova § 26 har Kongen rett til å «byrje krig til forsvar av landet». Med desse orda set Grunnlova ei ytre grense for bruk av norsk militærmakt. Samstundes set Grunnlova her ei grense for kva regjeringa lovleg kan bestemme. Sagt med andre ord har ikkje regjeringa lov til å drive med krig på nokon annan måte enn «til forsvar av landet». Heller ikkje Stortinget kan lovleg bestemme noko slikt. Spørsmålet er kva denne tilsynelatande enkle setninga i Grunnlova betyr juridisk og politisk.

I motsetnad til det mange kanskje trur er ikkje denne føresegna frå 1814, men frå 1917. Under inntrykka frå den fyrste verdskrigen endra nemleg Stortinget Grunnlova for å hindre at norsk militærmakt i framtida kunne brukast til noko anna enn sjølvforsvar. I dag, snart 100 år seinare, er føresegna i § 26 framleis like bindande for regjeringa.

Det er grunn til å merke seg at Stortinget den gongen ikkje var oppteken av den tekniske definisjonen av krig. Krig mellom statar, borgarkrig eller krig mot terrorisme – forma skulle ikkje vere avgjerande. Det avgjerande for Stortinget i 1917 var å «gjøre selvforsvar med vaabenmagt til det eneste krigsbegrep, vor grundlov overhodet kjender og tar sigte paa», sa Konstitusjonskomiteen då.

Stortinget i 1917 var likevel ikkje blind for at også norsk sjølvforsvar kunne vere avhengig av internasjonalt samarbeid. Stortingspolitikarane den gongen såg føre seg ei framtid der internasjonale konfliktar vart løyst gjennom internasjonale freds- og tvisteløysingsordningar. Grunnlova skulle vere ein del av dette kosmopolitiske fredsprosjektet. Difor kan vi ganske sikkert seie at eit FN-mandat med føremål i verne internasjonal fred og tryggleik vil gi regjeringa konstitusjonell ryggdekning for bruk av norske styrkar mot IS.

Men kva om militæroperasjonen mot IS ikkje får FN-mandat, og Noreg saman med andre statar brukar militærmakt mot IS på eiga hand? Her er det vanskeleg å gi sikre juridiske svar. Dagens verdsorden og konfliktmønster er annleis i dag enn i 1917. Kvar går grensa for konstitusjonelt lovleg sjølvforsvar i ei tid der regionale konfliktar får globale konsekvensar? Og kvar går grensa mellom krigsinnsats og andre bidrag i internasjonale militæroperasjonar? Trass i at Noreg har vore involvert i fleire krigar dei siste tiåra har skiftande storting og regjeringar vist liten interesse for å diskutere desse spørsmåla opp mot Grunnlova.

Vi er alle tent med at norsk krigsinnsats i utlandet er underlagt klåre og opne konstitusjonelle rammer. Difor bør politikarane no gripe høvet til å diskutere meir prinsipielt kva konstitusjonelle grenser som gjeld på dette området. Av same grunnen bør også Stortinget involverast i spørsmålet om Noreg kan og bør delta i krigshandlingar mot IS i Irak, sjølv om regjeringa etter Grunnlova kan bestemme dette åleine. I det minste må vi kunne forlange at dersom det blir aktuelt for Noreg å delta i krigshandlingar mot IS, så må regjeringa kunne forklare korleis det er «til forsvar av landet».

(også publisert i Klassekampen 17. sept. 2014)

Anbefalt lesning:

Stortingets søvngjengeri, av Frode Ersfjord, leder av Fredsinitiativet

FN taper i konkurransen med NATO, av Gunnar Garbo

Afghanistan: Krigen vi tapte, av Fredrik Græsvik


Kommentarer   

0 #1 Haakon 19-09-2014 21:38
Hei Eirik Holmøy!

Jeg skal forklare deg hvorfor det er til nasjonens interesse!

Vi har i dag tre store nasjoner i verden. Russland, Kina og USA. Om du ser på de siste konfliktene (som også er FN godkjente) ser du at Russland og Kina ikke gidder å delta så mye. Til tross for at begge har enorm militær makt.
Da er det USA og deres alierte igjen.

IS har et uttalt mål om å gjøre verden til sin, en ekstrem islamistisk verden.
Nå - det er i alle fall i noens interesse at det ikke blir slik. Noen må da stå opp mot dem. Siden to av tre ikke gidder så er det fint at en gidder - sammen med vennene sine.

For - Eirik - om ingen står opp mot dem så raser de bare videre slik de gjør i dag. Slik som Norge ble kristnet for den saks skyld : "Tro på meg eller så hogger jeg hue av deg" - bokstavelig talt.
Nå har vi utviklet oss de siste 1000 år. Demokratiet har her seiret over kirken. Kirkene må forholdet seg til landets lover. Ikke motsatt.

Så - om ingen står opp mot dem - vil ditt tippoldebarn bli gift. Godt gift sikkert. I 8 årsalderen.
I 14-15 årsalderen vil hun bli dømt for å ha latt seg bli voldtatt og desverre avslutte livet så altfor tidlig.
Med steining.

Jeg er for at det ikke skal skje med ditt tippoldebarn, Eirik.

Legg til kommentar

Sikkerhetskode
Vis ny kode