Internasjonal politikk

Underholdning NATO-style?

Underholdning NATO-style?

Oddny Miljeteig får sagt det:

"NATO kan trass alt ikkje ha sett i verk militærøvinga som rein underhaldning for trønderane, i fall Rosenborg glippar på gullet? Er eg useriøs? Vel, då får eg sitera frå kva NATO-leiinga sa då dei nyleg presenterte sine krigsaktivitetar for folk i Trøndelag nyleg.  Eg har funne sitata hos professor Erling Borgen.

På Byneset utanfor Trondheim vil det den 30. oktober  bli laga ein eigen VIP-paviljong for NATO-leiinga, forsvarsministrane i NATO og for andre viktige personar. Frå tribunen skal dei få oppleva ei gigantisk, komprimert krigsøving, nærast eit lite krigs- potpurri, på ein måte:

«Kampen på Byneset blir kort og konsis. Det hele skal være over på 70 minutter, forteller oberstløytnant Trond Bakke fraFOH. – Alle 29 NATO-land skal vise frem sine fly. Det vil være bølge etter bølge med flyangrep, med tretti sekunders mellomrom i 15 minutter, sier Bakke. Flyoperasjonen følges av landgangsoperasjon fra en nederlandskledet NATO-styrke og soldater og stridsvogner fra Brigade Nord.»

Samanlikna med dette kjem nok eikvar 17.mai-feiring, også den bergenske, på tap," skriver hun.

Les hele teksten nedenfor.

 

Underholdning NATO-style?

Av Oddny I. Miljeteig

NATO kan vel trass alt ikkje ha sett i verk militærøvinga som rein underhaldning for trønderane, i fall Rosenborg glippar på gullet?

Eg trudde det var i retteleg gamle dagar at slag i krig vart organisert nærast som teater og at folk kunne rigga seg til på grei avstand for å sjå på.  Nærast som ein piknik.  Soldatane var til hest og til fots, og atomdrivne ubåtar og atomvåpen fanst ikkje eingong i nokon sin fantasi.

Men no innfører NATO-øvinga «Trident Juncture» ein slags moderne versjon av krigshows-piknik, om eg skjønar rett.

Fyrst: Trident Juncture finn stad i hovudsak i Midt-Noreg  frå 25. oktober til 7. november og er ei slags mannjamning sett i scene av NATO overfor Putins Russland. 40.000 soldatar frå 30 land deltek. Det er ikkje noko småtteri. Og noka fredsøving er det ikkje. Snarare minner dette om terrorbalansens tid før Berlin-murens fall, før oppløysinga av Sovjetunionen og før eit seigt nedrustingsarbeid. Jens Stoltenberg, mannen som truleg kunne ha reist verda rundt og fremja vaksinasjonsprogram og slik berga millionar av menneskeliv, han står no i bresjen for ei storstilt vestleg militæropprusting. Eitt år etter at Nobelkomiteen gav fredsprisen til ICAN, organisasjonen som står i front for å avskaffa atomvåpen, sender USA det atomdrivne hangarskipet Harry S. Truman via Storbritannia til norskekysten så langt nord som til Tromsø. Statens strålevern har gjeve løyve til at det atomdrivne fartøyet kan koma hit. Skipet har tidlegare delteke i invasjonen av Irak i 2003, har plass til 90 fly og helikopter og har 6000 kvinner og menn om bord. Inkje mellomfolkeleg fredstiltak nett, dette skipet.

Forsvarsminister Frank Bakke Jensen ynskjer skipet velkomen og meiner at det ikkje er nokon grunn til at Russland skal finna aktivitetane ved denne øvinga provoserande.  Han må tru på julenissen. Sjølvsagt vil Russland finna ei så omfattande øving med verdas største amerikanske hangarskip provoserande! Russland har nok mindremannskjensle som det er. Seniorforskar Sverre Lodgaard ved NUPI (Norsk utanriskspolitisk institutt) peika i 2016 på at Russlands forsvarsbudsjett er åtte prosent av NATOs. Under den kalde krigen var forsvarsbudsjettet til Warsawapakta 80 prosent av NATOs.  Så kvifor denne storstilte militærøvinga like ved Russlands grenser, om det ikkje var for ein maktdemonstrasjon?

NATO kan trass alt ikkje ha sett i verk militærøvinga som rein underhaldning for trønderane, i fall Rosenborg glippar på gullet? Er eg useriøs? Vel, då får eg sitera frå kva NATO-leiinga sa då dei nyleg presenterte sine krigsaktivitetar for folk i Trøndelag nyleg.  Eg har funne sitata hos professor Erling Borgen.

På Byneset utanfor Trondheim vil det den 30. oktober  bli laga ein eigen VIP-paviljong for NATO-leiinga, forsvarsministrane i NATO og for andre viktige personar. Frå tribunen skal dei få oppleva ei gigantisk, komprimert krigsøving, nærast eit lite krigs- potpurri, på ein måte:

«Kampen på Byneset blir kort og konsis. Det hele skal være over på 70 minutter, forteller oberstløytnant Trond Bakke fraFOH. – Alle 29 NATO-land skal vise frem sine fly. Det vil være bølge etter bølge med flyangrep, med tretti sekunders mellomrom i 15 minutter, sier Bakke. Flyoperasjonen følges av landgangsoperasjon fra en nederlandskledet NATO-styrke og soldater og stridsvogner fra Brigade Nord.»

Samanlikna med dette kjem nok eikvar 17.mai-feiring, også den bergenske, på tap. Landmilitær sjef i Midt-Norge, oberst Håkon Warø, oppmoda på orienteringsmøtet folk på Byneset til å melda seg på som VIP-ar under ein planlagd generalprøve.

«Hvordan skal vi forholde oss vi som bor midt i dette infernoet?» spurde ein som bur midt i øvingsområdet. « Hadde det vært meg, hadde jeg blitt hjemme og sett på showet. Dette vil få fyrverkeriet på Kristiansten på nyttårsaften til å blekne. Ta med noen gladbobler ut på verandaen. Jeg kommer gjerne,» svara oberst Warø.

Gladbobler, altså. Nett som på nyttårsaftan. Eller 17. mai. Og så vi som alltid har vore stolte av at Noregs nasjonaldag vert feira med barnetog og ikkje militærparadar – og at dagen er borna sin festdag! 17. mai kan ikkje konkurrera med dette 70-minuttars-showet med pomp, prakt, bomber, fly, soldatar og stridsvogner. Kanskje NATO burde ha spandert ein minivariant av showet over Kreml i Moskva?

Eg må seia at dei fagmilitære eg har møtt frå og på Håkonsvern, aldri har referert til Noregs forsvar i termar av show og jubalong. Tvert imot. Difor vert eg dubbelt skræmd når eg les kva desse norske toppmilitære får seg til å seia til sivile trøndarar i samband med  NATOs krigsøving. For det er krigsøving det er. Leikekrig. Eit show. Med bobler til. Og eitt av USAs største krigsskip med atomdrift. Underhaldning  NATO-style. Ein må då bli fredsaktivist av mindre?