Privatisering, marked og konkurranse

Arbeidarane som krev tillitsvalde

Arbeidarane som krev tillitsvalde

Aleris-saka viser meir enn noko anna korleis det kan gå med arbeidsfolk som ikkje har ein tillitsvald, skriver Kjell-Erik Kallset i Fagforbundet.

«Vi har ønska oss tillitsvalde i mange år. Men Aleris har sagt at vi ikkje kan få det, fordi vi er konsulentar», sa nyleg eit av dei 26 medlemmene våre som har saksøkt Aleris Ungplan & BOI. Ho og dei andre driv omsorgsarbeid i bustader for folk som har problem med blant anna rus og psykiatri.  Alle 26 har vore engasjerte som sjølvstendig næringsdrivande, sjølv om dei har utført ordinært arbeid. Kjernen i Aleris-saka er nettopp at arbeidstakarar har vorte maskerte som sjølvstendig næringsdrivande.

Dei 26 historiene som medlemmene våre fortel, handlar om elendige lønns- og arbeidsvilkår, rovdrift og fryktkultur. Historiene er dokumenterte med timelister, oppdragskontraktar og andre bevis," skriver Fagforbundets Kjell-Erik Kallset blant annet.

Les hele hans tekst under "les mer."

 

Arbeidarane som krev tillitsvalde

Av Kjell-Erik Kallset, kommunikasjonssjef i Fagforbundet

Aleris-saka viser meir enn noko anna korleis det kan gå med arbeidsfolk som ikkje har ein tillitsvald.

«Vi har ønska oss tillitsvalde i mange år. Men Aleris har sagt at vi ikkje kan få det, fordi vi er konsulentar», sa nyleg eit av dei 26 medlemmene våre som har saksøkt Aleris Ungplan & BOI. Ho og dei andre driv omsorgsarbeid i bustader for folk som har problem med blant anna rus og psykiatri.  Alle 26 har vore engasjerte som sjølvstendig næringsdrivande, sjølv om dei har utført ordinært arbeid. Kjernen i Aleris-saka er nettopp at arbeidstakarar har vorte maskerte som sjølvstendig næringsdrivande.

Dei 26 historiene som medlemmene våre fortel, handlar om elendige lønns- og arbeidsvilkår, rovdrift og fryktkultur. Historiene er dokumenterte med timelister, oppdragskontraktar og andre bevis.

For dei har det ikkje vore uvanleg å måtte jobbe 70 – 120 timar i veka. Ein av dei arbeidde ein gong i åtte og eit halvt døgn i strekk, med berre ti timar kvile. «Man blir gående rundt som en zombie», har han som Dagbladet kallar «Zafer» fortalt.

Våre folk har jobba så lange skift at det har trua helsa deira og omsorga for brukarane. Dei kunne nekta, men da ville dei fått færre vakter enn dei kan leva av, eller dei kunne rett og slett miste kontrakten.

Maktforholdet mellom Aleris og arbeidarane er ekstremt skeivt, så skeivt at folk har vorte pressa til å bryte lova. På ein bustad for rusmisbrukarar vart arbeidarane pålagde å køyre ein av brukarane inn til Oslo for å kjøpe heroin. Medlemmene våre protesterte mot å medverke til lovbrot, men vart da trua med at dei ville miste jobben om dei nekta. Fleire av saksøkarane fortel denne historia, som også er skriftleg dokumentert.

Aleris-saka viser at når arbeidsfolk blir utkledde som sjølvstendig næringsdrivande, blir dei samtidig strippa for rettane som arbeidstakarar har. Dei mistar retten til regulert arbeidstid, tariffavtale, overtidsbetaling, sjukelønn, yrkesskadeerstatning, pensjon og vern mot oppseiing og anna urimeleg behandling. Vernet som arbeidsmiljølova skal gi, blir tatt frå dei.

Aleris-saka viser framfor alt kor svakt ein arbeidstakar står utan ei fagforeining og ein tillitsvald. Oppdragsgivaren har all makt over arbeidslivet deira og kan ta frå dei livsgrunnlaget over natta, ved å seie opp kontrakten.

No støttar Fagforbundet dei 26 medlemmene våre som krev dom på at dei heile tida har vore arbeidstakarar og ikkje «konsulentar». Fleire av dei krev å få etterbetalt langt over ein million kroner. Dessutan har Fagforbundet meldt Aleris til Økokrim for grov arbeidskriminalitet. Vi har også varsla Arbeidstilsynet, Skattedirektoratet og Fylkesmannen.

Saka er symbolsk og prinsipielt viktig. Aleris-saka viser at sosial dumping har spreidd seg frå byggeplassen til omsorgsbustaden. Vi veit at mange hundre jobbar som «konsulentar» i Aleris, og enda fleire i andre kommersielle omsorgsselskap.

Aleris-saka vil bli langvarig. Rettssaka skal gå i tre månadar frå nyttår. Mykje pengar står på spel for Aleris, og derfor vil selskapet truleg anke eit nederlag.

Fagforbundet vil kjempe imot velferdsprofitørane i retten og vi skal slåss mot dei i kommunevalet neste haust. 17.000 tillitsvalde kan få slutt på at helse- og sosialarbeidarar blir utnytta og forkledde som sjølvstendig næringsdrivande. Vi har krefter til å kjempe gjennom at offentlege pengar skal gå til velferd til dei mange, ikkje til profitt til nokre få velferdskonsern.

Vinn vi fram, viser vi folk det dei 26 Aleris-arbeidarane veit så inderleg vel: Tillitsvalde er vår viktigaste medlemsfordel.


Kommentarer   

-2 #1 Eyvind Henriksen 11-10-2018 09:12
Jeg kjenner en del til Boganes sykehjem i Stavanger da Aleris drev sykehjemmet. Jeg kan bekrefte at arbeidsvilkåren e var svært dårlige med grov utnyttelse av de ansatte. Nå har jeg sett meg lei av disse private aktørene i helsesektoren. En gang skulle jeg ta vaksiner til utenlandsreise og ble av fastlegen henvist til et privat foretak. Senere skulle jeg gjenta dette og ble oppmerksom på at sykehuset hadde samme tilbudet, og selvsagt var det billigere.
Sist jeg var hos fastlegen skulle jeg bli henvist for å ta røntgen. Legen var med en gang ute og viste til 2 private aktører. Jeg ga klar beskjed til fastlegen om at jeg kun ville ta røntgen hos SUS. Legen framhevet at det var ventetid osv. og nevnte først etterpå at jeg kunne gå på SUS samme dag uten timebestilling. Hvorfor er det slik?

Legg til kommentar

Sikkerhetskode
Vis ny kode