Sosialpolitikk

Enn om det verkjeleg var nissen?

Enn om det verkjeleg var nissen?

Oddny Miljeteig: "Enn om det var sjølve nissen som tigga utanfor Bryn kyrkje i Bærum julaftan?"

"Eg forargar meg meir over biletet av nissen som verdas rikaste mann enn den tiggande nissen. Verdas rikaste mann – ein velferdsprofitør, gjerne, med formua henta frå dunkle skatteparadis – skulle det vera nissen?

Nei takk! Då heller ein tiggar med frynsete omdøme, lik så mange av dei Han omgav seg med, han som skulle bli fødd seinare på julaftan, etter at alle vi kyrkjegjestane hadde gått heim, kvar til vårt.... Og St. Niklas er både bornas, dei fattiges, tjuvar og fangar sin helgen. Mildt sagt ei salig blanding. Niklas gav avkall på å vera ein rik mann.

Det er krevjande at «vi» ikkje berre kan teikna nissen i vårt bilete. Men nissen står altså nærare tiggaren enn den rike. Lik det eller ikkje. Det er både julaftans og romjulas bodskap.

Eg håpar du har ei gild romjul – og at du kanhende sender bornas, dei fattiges, tjuvar og fangar sin helgen ein tanke i det 2017 glader," skriver Oddny Miljeteig blant annet.

Les mer under "les mer."

 

Enn om det verkjeleg var nissen

Av Oddny Miljeteig

Nissen – kjøpesenternissen som symbol på overflod, bornas helgen og gode hjelpar, eller ein smått vondskapsfull gardnisse som heldt husbondsfolket i age og gjorde peik og ugagn om ikkje alt gjekk etter hans pipe?

Nissen kjem med pakkar til «snille born». Jau, eg også hugsar nissen. Eg trur det var den gongen eg fekk Anne-dokke til jul heime på Tøsse. Ikkje hugsar eg om pappa var inne i stova då nissen kom, men det skulle ikkje forundra meg om han var ute. I alle fall hugsar eg at eldsteson Ola og jamgamle Cathrine var med hennar bestefar Harald og sette ut graut til gardsnissen inne i Hagjen på Fjæra – og grauten var oppeten dagen etterpå. Vonleg var gardsnissen nøgd med traktementet og fann ikkje på travaskap meir det året, det vil seia fram til neste jul. Gardsnissen hadde ikkje den side, raude frakken som kjøpesenternissen og den amerikanske versjonen av nissen. Gardsnissen hadde mørk bukse og jakker i ulike fargar, arbeidsklede – og raud topphuve, i alle fall etterkvart og på julekorta.

St. Nikolas var bisp i Myra i Lykia i Tyrkia i det fjerde hundreåret. Far hans var rik og kjend for si velgjerd overfor trengjande. Mor hans var syster til biskopen av Myra som også heitte Nikolas. Foreldra hadde vore gifte i mange år og hadde gjeve opp å få born då mora vart gravid med Nikolas.Som ung mann vart han ordinert til prest av onkelen. Like etter døydde foreldra av pest, og Nikolas arva faren si formue. Han gav bort alt til dei fattige, men gjorde det i løynd slik at ingen skulle rosa han for det. I år 300 vart Nikolas vald til biskop av Myra. Under kristendomsforfølgingane i området vart han fengsla og grovt mishandla. Han døydde 6. desember eit år mellom 345 og 351 og vart kåra til helgen kort etter sin død. Han er ein av dei viktigaste helgenane ved sida av Maria møy, læresveinane og Laurentius. Han er rekna som helgen for mellom andre fattige, born, tjuvar og fangar. I mange land ser ein at julenissen sitt namn er inspirert av Nikolas, til dømes nederlandske Sinterklaas som har gjeve opphavet til engelske Santa Claus.

Nissedraktane som er å få kjøpte her til lands, høyrer ikkje gardsnissen til, men er ein sid og raud frakk. Og så med hue. Det var ein slik habitt han hadde iført seg, tiggaren som julaftan på dagtid tigga utanfor Bryn kyrkje i Bærum. Det fall mange tungt for brystet og budstikka.no kunne mellom anna melda om tildragelsen: «Julaften bryn kirke i dag! Hva slags oppfattning får barna av julen når selv nissen sitter å tigger??? Dette er IKKE greit!!» Ei mor var frustrert og forarga. «Jeg reagerte fordi jeg har barn selv. Mitt barn tror på julenissen, og er av den oppfatning at nissen er verdens rikeste siden han kan lage gaver til alle barn i verden. Derfor mener jeg at når en tigger møter i nissedrakt på selveste julaften, vil det gi et inntrykk til barna om at nissen må tigge til seg penger for å kunne ordne gavene. Ingen barn tror at nissen er fattig.» Kommentarfeltet let ikkje venta på seg – og den ukjende tiggaren fekk sitt pass påskrive for å ha ikledd seg kleda til sjølvaste nissen. «Seriøst d er ikke greit. Ville sagt ifra til Kirken.» «Også Høgre-politikar Dag Egil Strømme kasta seg inn i diskusjonen med denne kommentaren:

"Ikke greit! Den nissen hadde reist fra langtvekkistan? Ingen norske som gjør sånt, håper jeg.» Denne Høgre-politikaren synest tydelegvis dette var mykje verre enn at Arbeidarpartiet i si tid stal kleda deira då dei var ute og bada – i fylgje tidlegare statsminister Jan P. Syse. Eller dette var meir handfast og up to date.

Men enn om det var sjølvaste nissen som sat der? Den ekte nissen? Nissen som hadde sprengt kjøpesenteriets overflodslenkjer og så og seia funne attende til sitt opphav? Som den Nikolas som hadde gjeve vekk alt han hadde? «Dei fattige har de alltid iblant dykk.» Slik på lag formulerte han seg, Menneskesonen frå Nasaret. Særleg blonde og ljoshåra kan dei ikkje ha vore, korkje Nikolas eller Jesus. Ein mørkhåra mann som tiggar likjest dei nok meir i så måte.

Enn om det var ein falsk tiggar, slik fleire i budstikka.no, tok til orde for, ei ukjure tilhøyrande ein organisert bande? For var det ikkje fleire som hadde gjort det same?Ja, enn om? Ville du ha teke på deg nissedrakt og sett deg til å tigga utanfor ei kyrkje julaftan – i staden for å ha fri eller gått til jobben din? Trur vi andre menneske er så mykje annleis enn oss fordi dei tiggar?

Eg forargar meg meir over biletet av nissen som verdas rikaste mann enn den tiggande nissen. Verdas rikaste mann – ein velferdsprofitør, gjerne, med formua henta frå dunkle skatteparadis – skulle det vera nissen? Nei takk! Då heller ein tiggar med frynsete omdøme, lik så mange av dei Han omgav seg med, han som skulle bli fødd seinare på julaftan, etter at alle vi kyrkjegjestane hadde gått heim, kvar til vårt.... Og St. Niklas er både bornas, dei fattiges, tjuvar og fangar sin helgen. Mildt sagt ei salig blanding. Niklas gav avkall på å vera ein rik mann. Det er krevjande at «vi» ikkje berre kan teikna nissen i vårt bilete. Men nissen står altså nærare tiggaren enn den rike. Lik det eller ikkje. Det er både julaftans og romjulas bodskap. Eg håpar du har ei gild romjul – og at du kanhende sender bornas, dei fattiges, tjuvar og fangar sin helgen ein tanke i det 2017 glader.

Takk for fylgjet i gamleåret!


Legg til kommentar

Sikkerhetskode
Vis ny kode