Korleis kan vi utløyse potensialet hos fleirspråklege elevar?
"Høgre likar å tru at dei er for meir kunnskap i skulen. Gjennom ei målretta satsing på kunnskapsretorikk har dei også overtydd ein del veljarar om dette.
Men etter mange år med Høgre-styre i hovudstaden er det klart at det er langt mellom retorikk og verkelegheit. I verkelegheita brukar dei store ressursar på eit byråkratisk testregime som heller hindrar enn å bygga kunnskap hos den enkelte eleven. Samtidig motset dei seg sterkt å satsa på det som faktisk fungerer: god og tilpassa undervisning. Eit slåande døme er norskopplæringa for minoritetsspråklege elevar. Kvar fjerde elev i grunnskulen i Oslo, over halvparten av dei minoritetsspråklege elevane, har eit vedtak om såkalla særskilt språkopplæring. Slik språkopplæring er meint å vera ei overgangsordning for elevar med eit anna morsmål inntil dei har gode nok norskkunnskapar til å delta i vanleg opplæring.
I staden for å berre produsera statistikkar må skulen sjå den enkelte eleven og gi henne ei undervisning ho kan læra noko av. Høge ambisjonar må følgjast opp med verkeleg kunnskapsbygging," skriver Ingrid Fiskaa blant annet, selv lærer i Oslo-skolen.