Annet

Nervekamp om nestleiar

Striden om kven som skal bli ny nestleiar i SV spissar seg endå meir til. Det går føre seg nå ei bearbeiding av utsendingar til støtte for kvar av dei to kandidatane.Mange av dei som støttar Fiskaa sitt kandidatur, seier rett ut at dei heile vegen har vore innstilt på å finne ein kompromisskandidat, men at dette er avvist av Solhjell sine støttespelarar.

Leiaren i Sosialistisk Ungdom, Kirsti Bergstø, seier det slik til Bergens Tidende:

– Det er framleis mogeleg å kome fram til ein kompromisskandidat. Vi som støttar Ingrid Fiskaa har gjort fleire forsøk på å få det til både før og etter at den delte innstillinga frå den førebuande valkomiteen låg føre. Det er bråkmakarane som støttar Bård Vegar som tek denne striden til landsmøtet, noko ein kunne ha unngått ved å gå inn for ein annan kandidat. Dei har nekta å gå med på å finne ein kompromisskandidat sjølv om vi då gjev opp innstillinga på Ingrid Fiskaa.

– Kven kunne vere ein slik kompromisskandidat?

– Ivar Johansen frå Oslo er eit godt namn.

Les mer

You have no rights to post comments