Annet

Leike butikk

Leike butikk

"Det er ikkje «kunstige» arbeidsplassar når det offentlege initierer større byggeprosjekt som jernbane eller kulturhus. Dei set folk i arbeid både under bygging og under drift, i tillegg til at dei gir goder til befolkninga. Jernbane i form av det å kome seg rundt på ein miljøvenleg måte, kulturhus gjennom å ha ein samlingsstad for opplevingar for publikum og jobbengasjement for kulturarbeidarar. Når det offentlege kjøper tjenester og varer for midlar basert på innbetalt skatt, har jo desse midlane kome tilveges gjennom folks arbeid. Skattepengar inn til det offentlege og skattepengar ut til befolkninga er også eit kretslaup som skapar verdiar på vegen, materielle som immaterielle. Dette er like ekte verdiar som dei som skapast gjennom kjøp og sal i Næringslivsbutikken.

Og det er ikkje slik at Staten er eit overformynderi som overkøyrer folkets vilje. Tvert i mot består «Staten» av demokratisk valde representantar for folket, og som har blitt gitt tillit til å forvalte offentlege midlar. Og til skilnad frå profittmotivasjonen til å drive butikk i Næringslivet, skal motivasjonen for offentlege investeringar vere å skape goder for befolkninga. Det er det skattemidlar skal gå til. Den verkeleg kunstige pengeinnblandinga får vi derimot viss offentlege skattemidlar brukast på å finansiere profitt hos private butikkeigarar, som vi har sett når tjenester som barnehage og aldersheimar privatiserast og eigast av velferdsprofitørar," skriver Guro Gravem Johansen b.a. som gjesteblogger.

Les hele hennes tekst under "les mer."

 

Leike butikk

Av Guro Gravem Johansen

Linda, nabojenta, og eg, var ganske innovative da vi var små. Ein gong vi hadde lyst på smågodt på butikken, fann vi ut at vi kunne gå rundt på bygda og ha loddsal til dette gode føremålet. Vi sanka saman eit lite utval avlagte gjenstandar frå kjellarane våre (til dømes bestefar min sine gamle briller med berre eitt glas, og ein nesten ubrukt tannkremtube med utløpsdato oktober 1947), supplerte premiehaugen med eigne teikningar, laga ei loddbok og begynte dør-til-dør-aksjonen. Og alle dei vaksne som opna dørene for oss var heldigvis med på leiken, dei kjøpte lodd og tok i mot merkelege premiar med eit smil. Vår lille bedrift gjekk så bra at vi undervegs fann ut at vi måtte la halvparten av pengane gå til Redd Barna. Èin nabo, eg lurar på om det var Hanna på Vollen, ville ikkje ta i mot gevinsten ho fekk (og det var ikkje fordi den ikkje var ordentleg, eg meiner ho vann ein uopna pakke med serviettar). Ho syntes vi kunne ta pengane og spare gevinsten til neste loddkjøpar. På den måten kunne vi jo få solgt enno fleire lodd og tjent meir pengar.

Vi skjønte at Hanna meinte å vere grei, men vi blei litt skuffa. Vi dreiv jo butikk. Det var akkurat som om dette almisset frå ein voksen gjorde butikken vår mindre ekte. Ei kunstig inntekt vi ikkje hadde jobba for, syntes vi. Hallo. Vi LEIKTE ikkje butikk. Vi leikte BUTIKK.

Det er litt sånn i AS Noreg også. Syns nokon. I fjor, til dømes, bevilga regjeringskameratane fem milliardar i ei tiltakspakke mot den aukande arbeidsløysa. Men det satt langt inne. Når pakka kom hadde opposisjonen mast ganske lenge på tiltak, og for Høgre var det viktig å få sagt kor kunstig tiltakspakker er for økonomien i landet: - Skal vi lykkes med omstillingen handler det først og fremst om å legge til rette for at det vokser frem flere lønnsomme arbeidsplasser som bidrar til statsbudsjettet, ikke flere som lever av statsbudsjettet, sa Høgres finanspolitiske talsperson Svein Flåtten, og passa på å få nemnt «vekstfremmende skatteletter» på den same utpusten.

For det er ikkje så gøy å leike butikk med Staten, anten det er i form av skatteinnkreving eller subsidiar og offentlege arbeidsplassar. Det er kunstig innblanding i butikken, syns nokon. For det er når alle leiker butikk med alle at samfunnets maskineri, det store Næringslivet, går best rundt. Når Næringslivet tar seg av alt frå bilreparasjonar, hårklipp og fiskebolleproduksjon til barnehagedrift, rusomsorg og teaterproduksjonar, då tjener alle pengar vi kan bruke på kvarandre sine butikkar. Dette Næringslivet er heilt sjølvregulert gjennom tilbod og etterspørsel, og så lenge folka i Næringslivet har gode nok rammevilkår, det vil seie slepp å betale skatt, poppar innovative arbeidsplassar opp. Seier nokon.

Vi på venstresida blir skulda for å hemme vekst i arbeidsplassar, ved at vi krev inn skatt til Staten, som sug pengar ut av Næringslivets sjølvdrevne kretsløp og tvingar bedriftar til å sparke folk. Vidare skuldast vi for å ville dele ut almisser i aust og vest, eller sagt på ein annan måte: vere som Hanna. Tenk om alle berre skulle FÅ pengar utan å jobbe for det? Tenk om alle ungane i bygda begynte å gå å tigge pengar til smågodt, utan den innsatsen det tross alt var å lage dei teikningane? Det er ikkje ordentleg butikk! (Dei er seigliva, desse mytene om at skatteletter automatisk gjev fleire arbeidsplassar og at arbeidslause er folk som ikkje gidd å jobbe, sjølv om forskning slår fast det motsette.)

Men la oss snu på det. Oslo er eit godt døme. Etter at AP, SV og MDG kom til makta har vi fått inn auka kommuneinntekter gjennom innføring av (for den enkelte ganske liten) eigedomsskatt. For desse pengane har Oslo kommune oppretta hundrevis av fleire stillingar i helsevesenet og barnehage og skole. Dette er ikkje «kunstige» arbeidsplassar. Det syns verken den hjelpepleiaren som har ei full og fast stilling som ho dermed kan leve av, og som veit at pensjonen hennar er sikra fordi kommunen er øvste arbeidsgjevar, eller det unge foreldreparet med barnet i ein kommunalt dreve barnehage med stabilt personale og eit pedagogisk tilbod verdimessig forplikta av Barnehageloven.

Det er heller ikkje «kunstige» arbeidsplassar når det offentlege initierer større byggeprosjekt som jernbane eller kulturhus. Dei set folk i arbeid både under bygging og under drift, i tillegg til at dei gir goder til befolkninga. Jernbane i form av det å kome seg rundt på ein miljøvenleg måte, kulturhus gjennom å ha ein samlingsstad for opplevingar for publikum og jobbengasjement for kulturarbeidarar. Når det offentlege kjøper tjenester og varer for midlar basert på innbetalt skatt, har jo desse midlane kome tilveges gjennom folks arbeid. Skattepengar inn til det offentlege og skattepengar ut til befolkninga er også eit kretslaup som skapar verdiar på vegen, materielle som immaterielle. Dette er like ekte verdiar som dei som skapast gjennom kjøp og sal i Næringslivsbutikken.

Og det er ikkje slik at Staten er eit overformynderi som overkøyrer folkets vilje. Tvert i mot består «Staten» av demokratisk valde representantar for folket, og som har blitt gitt tillit til å forvalte offentlege midlar. Og til skilnad frå profittmotivasjonen til å drive butikk i Næringslivet, skal motivasjonen for offentlege investeringar vere å skape goder for befolkninga. Det er det skattemidlar skal gå til. Den verkeleg kunstige pengeinnblandinga får vi derimot viss offentlege skattemidlar brukast på å finansiere profitt hos private butikkeigarar, som vi har sett når tjenester som barnehage og aldersheimar privatiserast og eigast av velferdsprofitørar. Det blir som om Hanna hadde subsidiert mitt og Linda sitt smågodtforbruk i den tru at ho bidrog til Redd Barna.

Det er ikkje gale å ville skaffe seg pengar til å kjøpe smågodt. Det erikkje gale å kome opp med innovative idéar til ei bedrift med ønske om profitt, som også gir fleire enn deg sjølv jobb. Det er flott å bo i eit samfunn med rammer for initiativ og varierte næringar. Men velferd, opplæring, infrastruktur, sysselsetting og tilgong til opplevingar er for viktige til å overlatast heilt til tilfeldige, profittmotiverte marknadskrefter. Eit samfunn leiker ikkje butikk.

You have no rights to post comments