Annet

Andreas Hompland: Ingen modellar er evige

Andreas Hompland: Ingen modellar er evige

Det organiserte arbeidslivet er ein berebjelke i den norske modellen som blir unisont hylla.

"Eit godt samfunn kan ikkje fungera som summen av individuelle kjøparar og seljarar på arbeidsmarknaden, og på marknadene for varer og tenester. Det må ha andre mekanismar som gjer noe med dei sosiale fordelingskanalane for inntekt og velferd, og med styrkeforholdet mellom arbeid og kapital, mellom dei mektige systema og den enkelte.

Det organiserte arbeidslivet i Norge kviler på lovar, reguleringar og tilsyn. Den andre sida er etablerte og kyndige forhandlingsapparatet  mellom velorganiserte partar i arbeidslivet, i trepartsamarbeid med statsmyndighetene. Men toppar må ha eit fundament for å vera solide og ha styrke til å gjera jobben sin. På arbeidstakarsida betyr det eit organisert grunnplan som har innsikt, kunnskap, trygghet og tillit til sine tillitsvalde.

Denne sida av den norske modellen er det krefter som vil undergrava. Dei ser fagorganisasjonar som heft og plage for bedriftene, men også for tilsette som vil vera meir fleksible, produktive og tilpasningsvillige. Deira ideal er amerikansk-inspiserte og reine marknadsmodellar med stort armslag, men der folk flest er uorganiserte og livredde for å falla gjennom og hamna som usikre lausarbeidarar.

Sjølve den norske modellen står ikkje på dagsorden som stridspunkt ved valet om eit par veker, for den er alle for - i ord. Men i praksis står det om modellens framtid dersom stadig nye bitar av den blir tona ned i det organiserte arbeidslivet."

Andreas Hompland er tydeleg. Les heile hans tekst under "les mer."

 

Ingen modellar er evige

Av Andreas Hompland, sosiolog, skribent og scenarist

Den norske modellen er eit nasjonalt klenodium, eit smykke som mange vil pynta seg med. Politikarar av alle fargar skryter av den - heime, men særlig ute. I internasjonale fora framstår modellen som ei verdifull eksportvare som andre kan læra av, ta i bruk og bli lykkeligare og meir velfungerande samfunn.

Til og med FrP-leiaren Siv Jensen, som i valkampen for fire år sidan sa at den norske modellen er ei tvangstrøye som står i vegen for det norske folk, har som finansminister lagt om språkbruk og tonefall. Om ho ikkje har begynt å lika eller elska den norske modellen, så har ho lært seg at ho inntil vidare må finna seg i å leva med den.

Men bakafor den unisone hyllinga av den norske modellen, er det både faktisk og retorisk usemje om kva modellen faktisk er, kva som er dei viktigaste berebjelkane i den, og kven som har flest aksjar i den. Sosialdemokratiet påberopar seg gjerne opphavsretten og hovudæra for å halda modellen i stand. Høgretenketanken Civita nyttar alle høve til å gjera modellen til eit historisk og politisk felleseige. Andre vil gjerne røra inn dosar av protestantisk arbeidsmoral, egalitære verdiar og ei historie med små etniske forskjellar.

Felles for alle truverdige oppfatningar og utgaver av modellen, er at den kviler på eit godt utbygd og trygt offentlig velferdsapparat som gjer at omstillingsevna er stor. Men den viktigaste kapitalen i det norske systemet , som sikrar modellens berekraft, er den utbreidde tilliten - tillit mellom folk, tillit til og mellom organisasjonar, og tillit til stat og kommune som ein slags garantistar for sosial regional fordeling av godene.

Denne tilliten har ikkje kome av seg sjøl, den kan ikkje vedtas, og den vedvarer ikkje automatisk. Det ein beinet er nasjonale velferdsordningar og styringsverk med lovar og reglar som er rettferdige og like for alle. Men eit perfekt lovverk og detaljert regelverk er ingen garanti for at eit system fungerer, og at alle har mulighet til å få sine rettar og rettessige del av samfunnskaka.

Det andre beinet må vera eit fungerande sivilsamfunn med frivillige organisasjonar som er integrerande og skaper tillit både oppover og nedover og sidelengs i systemet, gjennom strid og samspel. Det gjeld i kvardagslivet og det sosiale livet, men ikkje minst i arbeidslivet.

Eit godt samfunn kan ikkje fungera som summen av individuelle kjøparar og seljarar på arbeidsmarknaden, og på marknadene for varer og tenester. Det må ha andre mekanismar som gjer noe med dei sosiale fordelingskanalane for inntekt og velferd, og med styrkeforholdet mellom arbeid og kapital, mellom dei mektige systema og den enkelte.

Det organiserte arbeidslivet i Norge kviler på lovar, reguleringar og tilsyn. Den andre sida er etablerte og kyndige forhandlingsapparatet  mellom velorganiserte partar i arbeidslivet, i trepartsamarbeid med statsmyndighetene. Men toppar må ha eit fundament for å vera solide og ha styrke til å gjera jobben sin. På arbeidstakarsida betyr det eit organisert grunnplan som har innsikt, kunnskap, trygghet og tillit til sine tillitsdvalde.

Denne sida av den norske modellen er det krefter som vil undergrava. Dei ser fagorganisasjonar som heft og plage for bedriftene, men også for tilsette som vil vera meir fleksible, produktive og tilpasningsvillige. Deira ideal er amerikansk-inspiserte og reine marknadsmodellar med stort armslag, men der folk flest er uorganiserte og livredde for å falla gjennom og hamna som usikre lausarbeidarar.

Sjølve den norske modellen står ikkje på dagsorden som stridspunkt ved valet om eit par veker, for den er alle for - i ord. Men i praksis står det om modellens framtid dersom stadig nye bitar av den blir tona ned i det organiserte arbeidslivet.

(publisert i "Ta del", DELTAs medlemsblad)

You have no rights to post comments