Annet

På brillar og tenner skal fattige kjennast

Oddny Miljeteig er klar: "Dei som trudde klassesamfunnet var historie, dei må tru om att.  På briller og tenner skal fattige born og vaksne kjennast.

Eg måtte klypa meg i armen då statsbudsjettet vart framlagt forleden.

Rosinene i pølsa, om vi kan kalla det så. For det fyrste: Regjeringa vil spara 122 millionar på briller til svaksynte born.  122 millionar. Ved å innføra faste satsar for støtte til barnebriller, er det 122 millionar å spara.  No skal vi altså få sjå, midt i andleta på borna, kven som har råd og kven som ikkje har råd til skikkelege briller. Stikk den, du. Slik stikk klassesamfunnet hoven fram, midt i blant oss.  1200 kroner i støtte for ordinære briller, 2400 for ekstra tilpassa briller skal satsane vera.  Sei meg, når gjekk nokon i regjeringa til optikar med borna sine sist? Uansett har dei i regjeringa både til salt i grauten og briller til borna. Men ikkje alle andre tener over millionen. Det gjer dei ikkje eingong på Stortinget, meiner eg. 

Regjeringa stoppar ikkje ved brillene.  Dei går også lause på støtta til tannregulering.  Frå og med 2020 fjernar dei støtta til tannregulering som er såkalla kosmetisk grunngjeven.  Det kan bety at 10.000 færre får regulering  i året.  Staten sparer , er det 15 millionar? Presidenten i Tannlegeforeininga er opprørt. Dels av di det sit ei faggruppe og arbeider med å gå gjennom støtteordningane. Gruppa er ferdige om tre veker.  Dessutan meiner ho at det er feil å seia at denne gruppa tannregulering får støtte til reint kosmetiske tiltak.  «Dette kan være bitt-avvik som kan gi vansker med å bite og spise, men dette er også bittavvik som er veldig synlige, og som man ikke skal måtte leve med», meiner tannlege-president Camilla Hansen Steinum. Tannhelseminister Bent Høie har ikkje tid til å svara på kritikken, melder FriFagbevegelse.  Ikkje rart, det. Å gjera smilet til born, og vaksne, til ei sak om foreldreøkonomi, det er det same som å stempla «fattig» i munnvika på dei borna som heilt tydeleg ikkje har høve til å få regulert tennene," skriver Miljeteig blant annet.

Les mer nedenfor.

 

På brillar og tenner skal fattige kjennast

Av Oddny I. Miljeteig

Eg måtte klypa meg i armen då statsbudsjettet vart framlagt forleden. Rett nok plar eg asa meg opp når Framstegspartileiar Siv Jensen legg fram statsbudsjettet som finansminister.  Kan skjøna eg saknar Kristin Halvorsen – og for den del Sigbjørn Johnsen!  Og i grunnen svært mange finansministrar, når sant skal seiast. Så har det då heller aldri vore ei så mørkeblå regjering i manns og kvinns minne i Noreg.

Regjeringa tek 58 millionar kroner  i flate kutt frå Nav i 2020. 58 millionar er pengar – og det hjelper ikkje at det heiter «avbyråkratisering» og «effektivisering.» Kathrine Haugland Martinsen i Fellesorganisasjonen kjenner at kutt på ganglaget når ho ser dei: «Regjeringen forsøker å skape et bilde av at Nav vil komme til å bli mer kreativ og målrettet dersom de ansatte har mindre ressurser. Når over halvparten skal tas i arbeids- og tjenestelinja i Nav, altså den statlige delen av Nav-kontorene og fylkeskontor, sier det seg selv at det vil komme til å merkes på oppfølgingen.»

Dette er særs interessant. Her kan vi sjå at den mørkeblå regjeringa nyttar same tankegang for Nav-medarbeidarar som dei gjer på dei fattige og trygda som dei jobbar med: Dess mindre pengar, dess meir kreativitet og arbeidsvilje.   Solfrid Lerbrekk frå SV på Stortinget påpeikar til FriFagbevegelse at det blir heilt bakvendt å snakka om å styrkja oppfølginga i Nav når regjeringa vel å kutta i løyvingane.

For å fullenda kutt-sirkelen innan Nav, kuttar regjeringa også i stønad til unge sjuke. Regjeringa gjer framlegg om å avvikla ung ufør-tillegget i Arbeidsavklåringspengar til alle nye mottakarar. Dette gjeld unge menneske som på grunn av alvorleg sjukdom ikkje har same høve som friske unge til å ta utdanning eller stå i jobb.   Så vel regjeringa å argumentera for kuttet med å samanlikna dei unge uføre med friske studentar eller lærlingar . Det er både uetisk, falskt og simpelt, sidan regjeringa må vita at dei samanliknar det som ikkje kan samanliknast. Kuttet er ikkje lite, heller. 68.000 kroner er pengar for dei aller fleste i dette landet, og når du  får kutta inntekta di frå 198.000 kroner til 130.000 kroner, er det sanneleg ikkje mykje att å leva av. Dei unge uføre kan ikkje ta sommarjobb eller deltidsjobb for å spe på inntekta – av di dei er nett uføre!

Aldri har nokon vorte friskare av at fattigdommen nådelaust trengjer seg inn i stova  til dei, og aldri har nokon vorte friskare av å verta fattig/are.  Pussig nok foreslår regjeringa at det dei sparer i å ta frå unge uføre livsgrunnlaget, det skal dei nytta til tettare oppfølging av dei same unge.  Det er ein rå og brutal politikk og endå eit steg vekk frå Noreg som velferdsstat.

Diverre er det ikkje vanskeleg å finna fleire kutt og manglande prioriteringar som reduserer velferdsstaten . Dei statlege overføringane til kommune-barnevernet vert reduserte med 1,7 prosent frå 2019 til 2020. Ni millionar vert løyvde til å styrkja tilbodet om vidareutdanning for tilsette i barneverntenesta; sju millionar til å heva kompetansen, to millionar til å vidareutvikla rettleiingsteama, dei som hjelper kommunalt barnevern etter behov. Ine Haver frå kampanjen #heierna er vonbroten: Det er vel og bra at regjeringa vil heve kompetansen…… men det går ikke an å dra på kurs når det ikke er folk på jobb.» Logisk nok for mine øyro, i alle fall. Det trengst 1000 stillingar til kommune-barnevernet om dei tilsette skal ha sjanse til å gjera jobben sin – over heile landet.

Så til rosinene i pølsa, om vi kan kalla det så. For det fyrste: Regjeringa vil spara 122 millionar på briller til svaksynte born.  122 millionar. Ved å innføra faste satsar for støtte til barnebriller, er det 122 millionar å spara.  No skal vi altså få sjå, midt i andleta på borna, kven som har råd og kven som ikkje har råd til skikkelege briller. Stikk den, du. Slik stikk klassesamfunnet hoven fram, midt i blant oss.  1200 kroner i støtte for ordinære briller, 2400 for ekstra tilpassa briller skal satsane vera.  Sei meg, når gjekk nokon i regjeringa til optikar med borna sine sist? Uansett har dei i regjeringa både til salt i grauten og briller til borna. Men ikkje alle andre tener over millionen. Det gjer dei ikkje eingong på Stortinget, meiner eg. 

Regjeringa stoppar ikkje ved brillene.  Dei går også lause på støtta til tannregulering.  Frå og med 2020 fjernar dei støtta til tannregulering som er såkalla kosmetisk grunngjeven.  Det kan bety at 10.000 færre får regulering  i året.  Staten sparer , er det 15 millionar? Presidenten i Tannlegeforeininga er opprørt. Dels av di det sit ei faggruppe og arbeider med å gå gjennom støtteordningane. Gruppa er ferdige om tre veker.  Dessutan meiner ho at det er feil å seia at denne gruppa tannregulering får støtte til reint kosmetiske tiltak.  «Dette kan være bitt-avvik som kan gi vansker med å bite og spise, men dette er også bittavvik som er veldig synlige, og som man ikke skal måtte leve med», meiner tannlege-president Camilla Hansen Steinum. Tannhelseminister Bent Høie har ikkje tid til å svara på kritikken, melder FriFagbevegelse.  Ikkje rart, det. Å gjera smilet til born, og vaksne, til ei sak om foreldreøkonomi, det er det same som å stempla «fattig» i munnvika på dei borna som heilt tydeleg ikkje har høve til å få regulert tennene. 

Dei som trudde klassesamfunnet var historie, dei må tru om att.  På briller og tenner skal fattige born og vaksne kjennast. Med verste helsing regjeringa Erna Solberg.