Åpenhet

Om ytringsfridom og lojalitetsplikt for tilsette i kommunar og fylkeskommunar

Dei folkevalde er likevel berre "tenarar for folket". Det er veljarane som til ei kvar tid avgjer kva for politikk kommunen skal føre. Via dei politiske vala avgjer folket kva for val og prioriteringar kommunen bør satse på, og gjennom politisk debatt i lokalpressa og andre stader er folket med på å påverke premissane for avgjerdene som skal treffast. Politisk og moralsk er det såleis folket som er den eigentlege arbeidsgivaren i kommunen. For at folket skal kunne øve påverknad og føre ein etterfølgjande kontroll, er det ein føresetnad at det vert informert om faktiske tilhøve og meiningsbrytingar i kommunen. Tenestemenn som sit inne med faktakunnskap som kan vere av allmenn interesse, har difor også ei moralsk plikt til å halde folket informert, skriver Kommunaldepartementets rundskriv "Om ytringsfridom og lojalitetsplikt for tilsette i kommunar og fylkeskommunar".

Kommunaldepartementet: Om ytringsfridom og lojalitetsplikt for tilsette i kommunar og fylkeskommunar