Åpenhet

Viktig at teieplikta blir broten

Viktig at teieplikta blir broten– Teieplikta skal sjølvsagt respekterast, men når prinsipielle ting står på spel, er det viktig at den blir broten. Det såg me i Behring Breivik-saka, seier jussprofessor Ståle Eskeland til Uniforum.

Jussprofessor Ståle Eskeland har i mange år kritisert den makta og påverknaden dei sakkunnige, anten dei er rettsmedisinarar, legar eller psykiatrar, har over domstolane. Difor tykkjer han at prosessen rundt og dommen i saka mot terroristen Anders Behring Breivik har gitt han medhald i denne kritikken.

– Tenk om ingen hadde leke innhaldet i den første psykiatrirapporten til media. Då hadde det ikkje blitt utnemnt nye psykiatriske sakkyndige, og då ville kan henda Anders Behring Breivik blitt kjent utilrekneleg på sviktande grunnlag. Det er vel og bra med teieplikta, men samtidig er det ved enkelte høve svært viktig at den også blir broten, meiner Eskeland. Han er difor nøgd med dommen.

– Det er ein grundig dom som både er basert på god jus og god bevisvurdering. Behring Breivik-saka var ein augeopnar, slår han fast.

Eskeland reiser en viktig debatt, og jeg tror nok jeg deler hans syn. Hva tenker du?

Les intervjuet i Uniforum