Barn og Unge

Ein kvalitetsreform i barnehagen

Ein kvalitetsreform i barnehagenVi har fått maksprisen. Vi har full barnehagedekning i det meste av Noreg. Det blir lovfesta rett til barnehageplass frå 2009. No treng barnehagen ei kvalitetsreform, skriver kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell.


Ein kvalitetsreform i barnehagen

Av kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell


Vi har vore gjennom ein stille revolusjon. Barnehagerevolusjonen.

Det året eg vart fødd, i 1971, gjekk mindre enn 3% av born i Noreg i barnehagen. Av ungane som forventningsfullt troppar opp på skulen no i august vil om lag 95 % ha ei fortid i barnehagen.

Barnehagerevolusjonen er viktig for likestillinga i samfunnet. Det er også bra for arbeidslivet.

Det er sjølvsagt også god integreringspolitikk å satse på barnehagar. Det store fleirtalet av born med minoritetsbakgrunn går no i barnehage, og har ein felles arena med alle andre frå tidleg barndom.

Først og fremst er barnehagen viktig for ungar. Dei første åra i barns liv er dei viktigaste. Barn sansar, opplever og lærer frå første sekund på fødeavdelinga.

Gjennom leik, utforsking og rettleiing finn små barn dei første og største bitane i det puslespillet som kunnskap er. Barnehagen erstattar ikkje foreldre og familie, den kjem i tillegg til familien. Barnehagen tek ikkje barndomen frå ungar. Den tilfører barndomen noko.

Barnehagen erstatter gata

For nokre tiår sidan var lokalmiljø fylt av småungar som leika i lag medan mødrene var heime. Sjølv gjekk eg aldri i barnehage, men hadde mange leikekameratar i grenda der eg vaks opp.
I dag er gata eller grenda erstatta av barnehagen. Det er den sosiale arenaen.

I tillegg til den viktige kontakten med andre ungar, kan born der få eit godt pedagogisk tilbod. Barn som går i barnehagen får betre resultat på skulen.Både norsk og internasjonal forsking peikar i retning av at det å gå i barnehage er bra for både fagleg og sosial læring, særleg for barn over 3 år. Barnehagar er med andre ord viktige for barndomen - og dermed for vaksenlivet seinare.
Vi er nesten i mål med eit stort kvantitetsløft. Det er naudsynt.

Prisen måtte ned og skal vidare ned. Mengder av nye plassar måtte byggast, fleire skal kome. Samstundes har vi gjort viktige framsteg på kvalitet.No er det på tide å sette innhaldet sterkare på dagsorden. Eg meiner difor vi skal bruke dei neste fem åra på ein kvalitetsreform i barnehagen.
Kjernepunktet i kvalitetsreforma må vere å styrke kompetansen i barnehagen. Utan kompetente tilsette, ingen kvalitet. Vi treng enno fleire førskulelærarar, og enno betre kvalifiserte tilsette.

Fagleg utvikling

I dag manglar vi minst 3-4000 førskulelærarar i barnehagen. Heldigvis er interessa for yrket stor.
Søkinga til utdanninga går opp, og vi har auka talet på studieplassar.

Fleire av dei som byrjar på utdanninga gjennomfører den, og søkjer seg til yrket. Klarer vi å halde på denne utviklinga kan vi ha dekka mangelen på pedagogar innan om lag 5 år. Vi må likevel ikkje slappe av.

Mange barnehagar har for dårleg rom for fagleg utvikling i det daglege. Det krev ressursar, men også ei systematisering av dette som ein naturleg del av virket til barnehagen. Det må gjelde alle yrkesgruppene. Det er mange viktige og dyktige tilsette assistentar eller barne- og ungdomsarbeidarar i barnehagane. Dei spelar ein sentral rolle i oppfølginga av ungane, og ei kompetansesatsing må også rettast mot desse.Vi veit kor viktig språk er for alle ungar. Både det fleirkulturelle Noreg og kunnskapen vi har om lese- og skrivedugleik tilseier at språk må vere kjerneområdet i barnehagen.

Så og seie alle barnehagar er opptekne av at ungane skal vere fysisk aktive, og mange legg vekt på kosthald.
Nokre barnehagar er flinke til å trekke kultur inn i kvardagen. Andre barnehagar forsøker seg med framandspråk.Vi treng å gå gjennom kva vilkår vi skal stille til alle barnehagar, og korleis vi skal følgje opp at alle barn får det dei krav på.
Samstundes kan vi kanskje tenke i retning av ei spesialisering, der foreldre skal kunne velje mellom barnehagar med ulike satsingsområde.

Sosial dugleik

Den tredje punktet eg meiner må med er ein gratis førskule for alle barn, som sentral del av det siste året i barnehagen. Innhaldet bør mellom anna vere grunnleggande omgrep, sosiale dugleikar og evne til å delta aktivt og konstruktivt i eit fellesskap med andre barn.Det bør ikkje vere eit mål at barna skal nå kunnskapsmål som i skulen (til dømes å kunne skrive og lese), men at barna har eit personlig og sosialt grunnlag for å følgje med på skulen.

Språkstimulering og styrking av barnas sosiale kompetanse, konsentrasjonsevne, forståing av reglar, lærelyst og tillit til eigen læreevne er då viktig.
Barnehagen bør vere for alle fordi det er viktig at alle er førebudd på skulen. Alle bør kome til møtet med skulen med eit minimum av språkleg og sosial kompetanse, og med eit kjennskap til andre barn og fellesskapet med dei.

Vi veit at ein del av dei som ikkje går i barnehage i dag hadde hatt stort utbytte av det. Det må vere gratis, fordi det blir ein del av det opplæringstilbodet alle har rett på og plikt til.

(VG 12. aug 2008)

You have no rights to post comments