Barn og Unge

Osloskolen: Bak fasaden

Osloskolen: Bak fasaden

"Skolen i Oslo har store visjoner. Osloskolen skal ikkje berre bli best i landet: “Våre elever skal konkurrere med de beste i Europa.” Men visjonær leiing er avhengig av gode resultat for å vedlikehalde sin appell og autoritet. Difor er resultata i Osloskolen kontroversielle.

Når ein i Osloskolen stadig påpeiker at ein har Norges beste lærarar, rektorar, elevar og resultat verkar det underlege sett frå utsida. Men sett innanfrå det være slik. For med visjonen kjem problem med å lytte til, og forstå, innvendingar mot ein instrumentell skole. Difor vil ein heller bekjempe personar og institusjoner som ein meiner representerer hinder og forfall, som står i mot ideeane,"

skriver Simon Malkenes - selv lektor i Osloskolen - blant annet i dette gjesteblogginnlegget (se nedenfor).

Denne uka lanserer han boka "Bak fasaden i Osloskolen."

 

Bak fasaden i Osloskolen

Av Simon Malkenes

”Osloskolen skal være en drivkraft i utviklingen av skole-Norge” skriv Oslo Kommune i si årsberetning. For Osloskolen har som mål at ”alle skal lære mer”. I byrådet i Oslo finn ein fram til ønska idealtilstander, mål og delmål. Alle elevar skal bli betre i norsk, eller dei skal få betre læringsmiljø, år etter år, betre og betre, mot stadig høgre mål: “Vi kommer uansett til å ha stadig mer ambisiøse mål for hva elevene skal lære. Våre elever skal konkurrere med de beste i Europa”, seier skolebyråden. Slik byggjer byrådet i Oslo flyet mens dei flyg, eller båten mens dei ror, som det heiter i visjonane. Og dei instruerer Utdanningsetaten til å planlegge, finn dei rette reiskapa og gjennomføre det politiske prosjektet rasjonelt og konsistent mot målet.

Men, ein kan ikkje vite om vegen til det endelege målet går igjennom resultatorientering, konkurranse, fritt skolevalg, pengane følger eleven, stadardisering av undervisning, oppskrifter. Ein kan berre tru. I dette finn vi ei grov misforståing av vitskapleg metode og forskjellen på vitskapleg prediksjon og politiske visjonar. Dette gjer at ein overser dei openbare problema knytt til resultatorientering, fritt skolevalg og liknande. Fordi ein trur dei fører til målet. Difor er ein slik rasjonalitet i seg sjølv irrasjonell. Fordi den er villig til å bruke vitskaplege verkemiddel så lenge dei fører mot målet. Men ein forkastar vitskapen om den ikkje fører mot målet. Ein slik irrasjonell rasjonalitet ligg til grunn for målstyringa i Osloskolen. Og trua på den er sterk.

Trua legg til grunn nødvendige og absolutte sanningar om livet i klasserommet, som utviklingslover, nødvendige, økonomiske mekanismer eller sanning om læring og utdanning. Utfrå desse vil ein planlegge, styre og kontrollere framtida, få betre resultat i skolen Det gjer at det er lett å ta snarvegar ved å forveksle tru med sanning og slik ignorere skoleverkelegheiten sin praktiske logikk og kompleksitetet. I staden kan ein få eit kunnskapsteoretisk vindskjeivt og snevert blikk som overser det vitale skillet mellom ein instrumentell modell av klasserommet og ei mangfaldig verd fyllt av komplekse praktiske problem.

Ein konsekvens av dette er maktkonstruksjoner der ein anten er ”på innsida” i Utdanningsetaten eller i byrådet og ser og forstår målet og midla. Eller så befinn ein seg ”utanfor” som studieobjekt og materiale, som lærarar og elevar, som skal brukast av dei på ”innsida” for å nå målet. Leiarar vert slik tilskriven makt i kraft av å sjå betre, vite betre og å ha ein betre tilgang til, og forståing av, mål og middel. Og læraren og eleven kan brukast av leiaren til å oppnå det han vil, for dei ser berre brotsykker av det heile.

Samstundes må lærarar og fagforeininger bruke media i staden for dei indre arenaer i skolen for å fremje sine syn. Det gjer òg at utdanningspolitikk i først og fremst handlar om mediaregi, om å lage ein fasade med strategisk bruk av informasjon der ein får gjennomslag, ikkje ein arena for å lære, drøfte eller få verdifulle innspel. Ein slik fasade finn ein i Osloskolen sin konkurranse med resten av skolenorge om å være best i landet. Konsekvensen av mediefasaden er eit styre av dei få gjennom deira medieregi. Og eit krav om at dei ansette skal halde vedlike fasaden som når eit privat kommunikasjonsbyrå vart leigd inn for 3 millionar kroner for å gje rektorane i Oslo eit obligatorisk eindagskurs i medietrening.

I Osloskolen er det praktisk talt ikkje er nokon forskjell mellom det politiske nivå, det administrative og det utøvande i det enkelte klasserom. Ein kan difor kontrollere, hindre uønska utvikling eller forutsjå og justere i forhold til den overordna planen. I planen ligg eit bestemt kunnskapssyn, ei oppskrift for læring. Den spring ut av trua på ei fullverdig vitskapleg skildring av konkrete sosiale situasjonar som til dømes den ein finn i klasserommet. Men, ei slik skildring av klasserommet vil alltid være full av manglar og sider ein har oversett. Likevel er ein i Utdanningsetaten skråsikker i si sak. For den vil ikkje berre innhente kunnskap om utdanningssektoren ved å bruke ein umogeleg metode. Den vil òg styre  skolen ved å bruke den same umogelege metoden.

Skolen i Oslo har store visjoner. Osloskolen skal ikkje berre bli best i landet: “Våre elever skal konkurrere med de beste i Europa.” Men visjonær leiing er avhengig av gode resultat for å vedlikehalde sin appell og autoritet. Difor er resultata i Osloskolen kontroversielle. Når ein i Osloskolen stadig påpeiker at ein har Norges beste lærarar, rektorar, elevar og resultat verkar det underlege sett frå utsida. Men sett innanfrå det være slik.

For med visjonen kjem problem med å lytte til, og forstå, innvendingar mot ein instrumentell skole. Difor vil ein heller bekjempe personar og institusjoner som ein meiner representerer hinder og forfall, som står i mot ideeane.

Ein del av kampen er å unngå kritikk eller å hindre at kritikarane skal få makt. Dette gjer òg at ein i Osloskolen har vansker med å tolke og akseptere kritikk og å skilje rasjonell kritikk frå det ein i Osloskolen sjølv oppfattar som irrasjonell kritikk.

Mangelen på velfungerande demokratiske institusjoner i Osloskolen er difor òg eit problem for Osloskolen sjølv. Utan dei indre stadane der kritikarar, motstandarar og meiningsbrytning kjem til uttrykk og har innflytelse forsvinn den korrigerande og kritiske funksjonen som lærarar og tillitsvalde kunne hatt.

I staden gjev nedbrytinga av det indre deltakerdemokratiet ei overdreven innflytelse til dei i byrådet og Utdanningsetaten. Dei får ikkje nok formell og institusjonell motmakt til å bli korrigert i sine analyser eller verkelegheitsforståingar. Og då trur dei ein instrumentell skole er vegen mot målet. For Utdanningsetaten har ikkje kompetanse eller innsikt nok til å fylle dei forutsetningane om eit allmektig og allvitande leiarskap som målstyringa krev, nettopp fordi det er læraren og tillitsvald som sit på den kompetansen og innsikta. Og dei er målbundne bak fasaden i Osloskolen.

Kommentarer   

0 #1 Gunnar ø. 27-09-2014 09:46
En er for mye;
Osloskolen er det praktisk talt ikkje er nokon

Legg til kommentar