Brukervalg og valgfrihet

Frihet til å sleppa å velja

Å kunna bytta straumleverandør eller sjonglera mellom ulike takstsystem kan neppe seiast å vera av dei store og frigjerande vala i livet. Men vi blir tuta øyrene fulle av at det er slike alternativ vi må halda oss informerte om, at slike val er skilnaden på klokskap og dumskap. Frie val på grunnlag av markedskunnskap og etter individuelle preferansar er konge.

I dagens hegemoniske klima er det politisk ukorrekt å meina at det kan vera ei sann plage å ha frihet til å gjera slike val. Den som seier noe sånn, må stå til rette for at ein egentlig ønsker seg eit samfunn i anorakk og nikkers, med bare eit slags brød og ein einaste fabrikk med folkeskoen som skal passa for alle.

Men det er ingen grunn til å la seg pressa til å hylla dei uvesentlige vala. Å velja mellom ulike straumleverandørar er eit lite piss i varmehavet. Det er val som blir gjort heilt andre stader - og med mye større konsekvensar - enn i mine private kalkulasjonar som bestemmer om det er forsvarlig og fornuftig å satsa på straum, ved, olje, steinull eller ein ekstra genser, skriver Andreas Hompland i Dagbladet.

Frihet til å
sleppa å velja


Av Andreas Hompland

Å shoppa rundt mellom ulike straumleverandørar er eit lite piss i varmehavet. Markedet guden for dei små ting.


Å kunna bytta straumleverandør eller sjonglera mellom ulike takstsystem kan neppe seiast å vera av dei store og frigjerande vala i livet. Men vi blir tuta øyrene fulle av at det er slike alternativ vi må halda oss informerte om, at slike val er skilnaden på klokskap og dumskap. Frie val på grunnlag av markedskunnskap og etter individuelle preferansar er konge.

I dagens hegemoniske klima er det politisk ukorrekt å meina at det kan vera ei sann plage å ha frihet til å gjera slike val. Den som seier noe sånn, må stå til rette for at ein egentlig ønsker seg eit samfunn i anorakk og nikkers, med bare eit slags brød og ein einaste fabrikk med folkeskoen som skal passa for alle.

Men det er ingen grunn til å la seg pressa til å hylla dei uvesentlige vala. Å velja mellom ulike straumleverandørar er eit lite piss i varmehavet. Det er val som blir gjort heilt andre stader - og med mye større konsekvensar - enn i mine private kalkulasjonar som bestemmer om det er forsvarlig og fornuftig å satsa på straum, ved, olje, steinull eller ein ekstra genser.

For så vidt svikta eg aldri Oslo Lysverker; det var Oslo Lysverker som svikta meg. Det var ikkje eg som ville bytta strumleverandør; det var straumleverandøren som bytta ut seg sjøl. Eg veit ikkje kor mange gonger dei har endra namn og selskapsform, eller kva dei heiter for tida, eller kven som eig selskapet. Faktum er at dei trass i stadig fleire informasjonsbrosjyrer er blitt stadig meir fjerne og ukjende for meg. Dei lovte meg ikkje eingong ein bestevilkårs-klausul: Lojale kundar skal vera sikra like gode vilkår som dei som blir brukt for å lokka nye kundar. Dei fristilte meg frå abonnent til kunde og tvang meg til å velja.

Eg gjorde det - på estetisk grunnlag: Eg valde Ustekveikja energi fordi namnet er så flott. Og lykka har vore betre enn forstanden, etter det eg forstår, for det vesle selskapet i Øvre Hallingdal ligg også lågast i pris.

Det var tilfeldig at det blei Ustekveikja. Det kunne like gjerne ha blitt Tussa kraft - ikkje i solidaritet med kraftprodusentar på Sunnmøre, men på grunn av eit muntert minne om namnet. Eg kom eingong til eit hotell på Island der jentene i resepsjonen låg tvikroka av lått over skranken. Det som hadde skjedd, var at styreformannen i Tussa kraft - i spissen for ein delegasjon av sunnmørske ordførarar med hustruer, kom høgrøysta inn i resepsjonen og ropte ut: "Her kjem Tussa kraft! Er sengene våre klare?"

Fotnoten er at "tussa" på islandsk er ei folkelig nemning for det kvinnelige kjønnsorganet.

Å shoppa straumleverandør er som å kjøra rundt og leita etter billig bensin når literprisen hoppar opp og ned frå dag til dag og frå merke til merke. Eg lar det vera og fyller der det fell seg når pila går mot rødt. Gleda ved utsikten til å spara 20-30 kroner ved å velja éin stasjon, ville uansett ha vore mindre enn ergrelsen over at det kunne ha vore endå noe øre billigare å fylla ein annan stad eller dagen før.

Uansett er det avgjerande valet gjort når du satsar på å bruka privatbil, og det store valet har heile transportpolitikken ramma inn for deg.

Knut Hjeltnes er ein av våre mest spennande arkitektar. Han har fått både Treprisen og Murverkprisen for sine nyskapande hus med enkle løysingar og praktiske detaljar. Til Aftenposten her om dagen sa han at han vil bidra til at dagliglivet kan styrast av ro. Og han spissformulerte det i ein aforisme eg gjerne skriv under på: "Det å slippe å forandre ting, er også en frihet".

Frihetens forpost her nord har flytta seg frå dei store til dei små tinga i livet - frå val av samfunnsliv til val av livsstil, frå val av rammer til val av ornamentikk. Forbannelsen sit i detaljane, mens heilheten er utan velsignelse. I så måte er markedet guden for dei små ting.

(Dagbladet 21. nov. 2004)

You have no rights to post comments