Byestetikk

Fattige kommunar sel seg til reklamen

Meir reklame i gatene er prisen 21 norske kommunar betalar for å sleppe vedlikehaldsutgifter. Oslo er overbelasta med reklame, seier Peter Butenschøn, som sjølv var med på å innføre ordninga. I desse dagar er Bergen og Drammen kommune i ferd med å bestemme seg for om dei skal signere kontrakt eller ikkje med reklameselskapa.

Ivar Johansen, bystyremedlem i Oslo for SV, har eit klart råd å gje politikarane i Bergen og Drammen: – Ein må alvorleg vurdere om ein skal seie ja i det heile tatt. Dersom ein skal seie ja, må ein setje grenser på volumet på reklamen, og på kor reklamen skal stå, seier Johansen til avisa Dag og Tid.

Les mer i Dag og Tid

You have no rights to post comments