Eldreomsorg

Mislykka omsorgsreformer

Eldreomsorga er ikkje betre i dag enn den var for tretti år sidan, meiner sosiologiprofessor Kari Wærness. Moderniseringa av dei offentlege omsorgstenestene har lenge vore på gale spor, ifølge Wærness, som har forska på offentlege omsorgstenester sidan slutten av 1970-talet. Ho meiner at det er på høg tid å reformere sektoren nedanfrå. Dette bør gjerast ved å bygge på kunnskapsressursane til dei røynde arbeidarane i førstelinja som framleis finst i dei offentlege omsorgsorganisasjonane. Den kjende sosiologen meiner at vi bør forkaste dei økonomiske modellane som no dominerar under namnet «New Public Management». Og få ein slutt på at eldreomsorga druknar i byråkrati.

Les mer

You have no rights to post comments