Eldreomsorg

Omsorg etter et lang liv

Omsorg etter et lang liv

"Det kom eit brev i dag, sa dei, frå kommunen, trur eg? Først stod det at eg ikkje måtte sei det til nokon. Så stod det at min søknad om plass ikkje var handsama, det var ikkje plass til meg på sjukeheim, min situasjon er forsvarleg, stod det. Eg hugsar så dårleg, ikkje ser eg så godt heller, men eg høyrer det meste, seier dei. Høyreapparatet mitt ligg på bordet, men eg når det ikkje, no kjem det nokon, trur eg?

Vi skulle ha det så godt vi, men så vart eg åleine, så fekk eg slag, nei kan hende var det drypp, eg hugsar ikkje så godt. Eine foten er livlaus, eine handa òg, men dei forstår nokre av dei orda eg får fram. Du kan skrive, sa dei. Då kan du søkje på sjukeheimsplass på nytt, det står i lova, sa dei. Men kva skal eg søkje om, eg hugsar så dårleg eg.

Omsorg - det er berre eit ord, det veit eg no. Eg sit att med så mange spørsmål. I verdigheitsgarantien, som no er føreskrift, brukast ordet FORSVARLEG. Har det base i livskvalitet, etikk? Kva for krav er det til dei som tek avgjerd til kva som er forsvarleg?" skriver Borge Rørvik, forbundsleder i Pensjonistforbundet blant annet.

 

Omsorg etter eit langt liv

Av Borge Rørvik

Eg sit her i godstolen min og tenker på tida som kjem, eg har tenkt at eg skal førebu meg på det som kan hende oss. Og ikkje minst har eg brukt noko tid på å planlegge siste delen av vårt liv, og om ein av oss skulle bli att åleine.

Eg følgde med min gode venn Karl opp gjennom hans alderdom. Han var 10 år eldre enn meg. Hans erfaringar vil kunne vise meg mulegheiter og farar i mi siste tid. Karl var lenge frisk og aktiv. Mykje glede og livsmot spreidde han om seg, så vart han åleine, og så fekk han slag.

Karl måtte ut av bustaden sin, fekk omsorgsbustad, alarm, heimesjukepleie tre gonger i døgnet, heimehjelp ein time kvar fjortande dag. Han hamna i omsorgstrappa, vart der til sin siste dag og fekk berre løfte om plass på sjukeheim. Karl hadde lite familie på staden, og dermed lite besøk, noko som førte honom inn i einsemd.

Minner frå samtalar

Eg vil på min måte gjengi litt frå dei mange, gode samtalane vi hadde:

Eg set no her i godstolen min i dag som i går, og dagen før, var her nokon på besøk tru? Eg fekk hjelp til å komme meg i stolen, trur eg. Ikkje vær redd, sa dei, du får alarm. Den må du bruke berre når du må, sa dei. Snart er det mørkt, då får eg hjelp i seng. Dei er så gode mot meg. Hjelper meg frå stol til seng, og frå seng til stol.

Snart vert eg 85 år. Då får eg besøk, trur eg? Eg gløymer så snart, men hugsar at dei sa at når eg blei gamal då skulle eg få bu saman med andre på sjukeheim. Det var visst før eit val. Kan hende drøymde eg det også. Eg når ikkje brillene mine, dei ligg på bordet, trur eg?

Det kom eit brev i dag, sa dei, frå kommunen, trur eg? Først stod det at eg ikkje måtte sei det til nokon. Så stod det at min søknad om plass ikkje var handsama, det var ikkje plass til meg på sjukeheim, min situasjon er forsvarleg, stod det. Eg hugsar så dårleg, ikkje ser eg så godt heller, men eg høyrer det meste, seier dei. Høyreapparatet mitt ligg på bordet, men eg når det ikkje, no kjem det nokon, trur eg?

Vi skulle ha det så godt vi, men så vart eg åleine, så fekk eg slag, nei kan hende var det drypp, eg hugsar ikkje så godt. Eine foten er livlaus, eine handa òg, men dei forstår nokre av dei orda eg får fram. Du kan skrive, sa dei. Då kan du søkje på sjukeheimsplass på nytt, det står i lova, sa dei. Men kva skal eg søkje om, eg hugsar så dårleg eg.

Det er så godt her i stolen min, sa dei. Veggen rett i mot er så kvit og fin. Taket over senga mi er også kvit og fin. Eg kan sjå på TV, sa dei, men eg når ikkje brytaren, trur eg? Det var nokon med mat til meg, dei sa at den var så god, men kva var det tru. Nei, no er det mørkt ute, då kjem dei og legg meg. Dei skal kome i morgon, og dagen etter også, dersom eg blir her så lenge då?

Fokus på tiltak

Omsorg - det er berre eit ord, det veit eg no. Eg sit att med så mange spørsmål. I verdigheitsgarantien, som no er føreskrift, brukast ordet FORSVARLEG. Har det base i livskvalitet, etikk? Kva for krav er det til dei som tek avgjerd til kva som er forsvarleg?

Det er viktig at vi eldre har fokus på den første tida i omsorgstrappa, at vi legg til rette bustad og hjelpemidlar. Det vert stadig fleire eldre, nye kutt i eldrebudsjetta i kommune-Noreg, færre timer med heimehjelp og kortare besøkstid av heimesjukepleie og færre plasser i sjukeheimar.

Pensjonistforbundet vil ha sterkt fokus på den første delen av alderdommen. Kva må til av tiltak, kva kan ein førebu sjølv og kva skal kommune og storsamfunnet legge til rette?

Bli med i dette arbeidet - det er i kommunen vi bur vi kan påverke.

(også publisert i Pensjonisten)