Funksjonshemmede

Ny seier og nye kampar for Norges Handikapforbund

Ny seier og nye kampar for Norges Handikapforbund"Byrådets formål er å kutte kostnader. 25 millioner kroner, cirka 10 prosent av TT-kostnadene, skal innsparast ved rasjonalisering og kutt i fritidsreisekvotene. Då er det forstemmande å sjå kor lite fokus Byrådet har på universell utforming av t-banestasjonar, buss, trikk, t-bane, holdeplasser etc. Hadde alt dette vore universelt utforma ville mange av dei som i dag kjører TT, kunne benytta ordinær kollektivtrafikk. Eg skulle ønske dagens Byråd kunne vise betydelig større evne til å tenke sammenhengar. Det ville gitt eit bedre Oslo – ikkje berre for mennesker med nedsatt funksjonsevne, men for alle. Å planlegge heilheitleg er normalt også langt billegare og meir effektivt," skriver Magnhild Sørbotten, regionleder i Norges Handikapforbund Oslo.

Les hele artikkelen nedenfor.


Ny seier og nye kampar for Norges Handikapforbund Oslo

Av Magnhild Sørbotten, regionleder i Norges Handikapforbund Oslo

 

Hausten 2011 fekk Norges Handikapforbund Oslo inn dei første rapportane om at studentar på universitet og høgskular ikkje hadde eigenandelstak på TT. Medan folk i full jobb maks betalte 330 kroner i månaden for sine arbeidsreiser, risikerte flittige studentar å betale 1300 – 1400 kroner i månaden. For dei fleste av oss var dette soleklart urimeleg. Derfor har vi jobba hardt for å få fjerna denne forskjellen. No har bystyret vedtatt dette. For funksjonshemma studentar gir dette ei årleg innsparing på opp mot 9-10.000 kr – men aller viktigast: vi har fjerna endå eit hinder for at funksjonshemma skal ta høgare utdanning. 

Vi er glade for at Byrådet og bystyret har fulgt NHF Oslo sitt råd i denne saka. Det er imidlertid forstemmande å sjå at dei samtidig lovar innskjerpingar i TT for 2014. Når Byrådet no tar sikte på å overføre arbeids- og utdanningsreisene (AU-reisene) i TT-ordninga til Nav er det dårleg nytt for brukarane. Både fordi ordninga blir overført til den einaste etaten som har dårlegare omdømme enn Samres – men mest fordi fleire grupper som i dag har AU-reiser under TT-ordninga vert ståande utanfor. Mennesker som har fått tilskot til bil, vil bli tvinga til å bruke denne også til arbeid og utdanning. Dagsenterbrukarar, mennesker på varig tilrettelagt arbeid, dei som har fått ein liten grunnstønad for transport, uføretrygda som prøver å komme tilbake i jobb – alle disse vil i den nye ordninga bli nekta AU-reiser. Eg veit at Byrådsavdelinga gjer det dei kan for å minske gapet mellom den nasjonale AU-reiseordninga og Oslos TT/AU-reiseordning. Det er imidlertid svært usannsynleg at ei ordning administrert av Nav vil ha spesialordningar for Oslo. Når vi så legg til at AU-reiseordninga til Nav ikkje ein gong er godt kjent på Nav-kontora i dei fylka som allereie er med – ser vi konturane av endå ei ordning som vil sørge for at mennesker med nedsatt funksjonsevne brukar endå meir tid på noko som burde vore like enkelt som for andre. 

Så lover Byrådet i si tilleggsinnstilling til budsjettet kutt i kvotane for TT-fritidsreiser i 2014. Det er både sterkt overraskande og sjokkerande. Eit einstemmig bystyre, inkludert Byrådspartia, har nettopp vedtatt ”Handlingsplanen for mennesker med funksjonsnedsettelser”. Den har i følge Ola Kvisgaard (H) ”et tydelig fokus på aktivisering, selvstendiggjøring og arbeid”. Det er grunn til å spørre korleis Byrådet vil gjennomføre dette med ei TT-ordning som er dårlegare og mindre inkluderande både på arbeids-, utdannings- og fritidsreiser enn i dag. NHF Oslo vil be Byråd Aud Kvalbein om ei snarleg avklaring på korleis ho skal oppnå måla i planen med disse virkemidla og kven som skal få mindre kvoter.

Sjølvsagt er Byrådets formål å kutte kostnader. 25 millioner kroner, cirka 10 prosent av TT-kostnadene, skal innsparast ved rasjonalisering og kutt i fritidsreisekvotene. Då er det forstemmande å sjå kor lite fokus Byrådet har på universell utforming av t-banestasjonar, buss, trikk, t-bane, holdeplasser etc. Hadde alt dette vore universelt utforma ville mange av dei som i dag kjører TT, kunne benytta ordinær kollektivtrafikk. Eg skulle ønske dagens Byråd kunne vise betydelig større evne til å tenke sammenhengar. Det ville gitt eit bedre Oslo – ikkje berre for mennesker med nedsatt funksjonsevne, men for alle. Å planlegge heilheitleg er normalt også langt billegare og meir effektivt. 

Det nærmar seg jul. Ta godt vare på kvarandre! Eg håper de alle får ei varm og god jule- og nyttårshelg – og at de får lada batteria og er klar til kamp igjen når vi kjem til januar. Eg skal vere klar! Eg håper vi blir mange kampklare!

(også trykket i tidsskriftet Christiania Quarten)

Følg Ivar Johansen på Twitter
Abonner på Ivar Johansens Facebook-meldinger
tilsendt temavise nyhetsbrev

Legg til kommentar