Funksjonshemmede

Fagre løfter

Fagre løfter

Enkelte hevdar at kommunevalg ikkje er så viktig – meir feil går det ikkje an å ta, skriver lederen for Handikapforbundet i Oslo, Magnhild Sørbotten.

"Er det viktig for deg om du kjem inn og ut av T-banen, inn på utestader, butikkar, kontor og offentlege bygningar? Er det viktig for deg at det finst ei god TT-ordning som kan kompensere for manglande universelt utforma reisekjede – også etter at du blir 67, utan at du må beregne å bruke tre ganger så lang tid på reisa som dei som tar trikken? Er det viktig for deg at barnet ditt får gå på nærskolen, saman med vennene i nabolaget? Er det viktig for deg at du får rask hjelp av ergoterapeut i bydelen, at du, eller barnet ditt, får gode og koordinerte tenester, at du får BPA – og sjøl får velge kva for ein leverandør du skal bruke? Er det viktig for deg at det ikkje blir bygd omsorgsgettoar der du eller barnet ditt må bu saman med fleire titalls andre funksjonshemma? Er det viktig for deg at det blir gjort mest mulig for at funksjonshemma som kan det, skal få arbeide?

Alt dette er beslutningar som tas i bystyre, byråd og bydeler – sjølsagt påvirker dette korleis du har det i dagleglivet – og det er vel viktig?" skriver Magnhild Sørbotten blant annet i dette gjesteblogginnlegget.

 

Fagre løfter…

Av Magnhild Sørbotten, regionleder for Norges Handikapforbund Oslo

Våren er verkeleg starten på sesongen for fagre løfter. Nei, eg snakkar ikkje om forlovelsar og ekteskap, men om valgkampen! Men er dei fagre løfta truverdige, eller tyder erfaringane på at dei knapt blir noko meir enn fagre ord?

Eit av dei områda der byrådet har levert på, er traineeordninga som skal få fleire funksjonshemma i arbeid. Byråd Aud Kvalbein har vore ein entusiastisk pådrivar. Derfor er det også lettare å ha tillit til byrådspartia sine løfter på dette området. KrF sitt forslag om karriereveiledning spesielt retta mot funksjonshemma er eit spennande tiltak.

Byrådsleder Stian Berger Røsland seier til Quarten at ”Høyre vil at mennesker med funksjonsnedsettelser skal leve mest mulig aktive og selvstendige liv med likestilling og full deltagelse.” Det er kjempeflott! Spørsmålet er kvifor han samtidig signerer ei byrådssak om ny TT-forskrift, der byrådet avviser vårt og bystyrets ønske om reisegaranti for TT - slik det er for reiser med Ruter. Vårt krav om at samkjøring ikkje skal gi meir enn 20 min ekstra i bil, blir omtalt som for detaljert og til hinder for samkjøring. Sosiale grunner til å få bruke TT over bygrensa blir foreslått begrensa til når foreldre og barn er døande. Det er vanskeleg å høre kor ”aktive, selvstendige liv” og ”full deltagelse” blei av i desse formuleringane. Det er ingen grunn til å legge skjul på at TT er ei sak der støtten til våre synspunkt i stor grad har kome frå SV, FrP, Ap og Rødt. Auken frå 50 til 70 reiser for brukarar over 67 år kom etter eit forslag frå SV og FrP.

I motsetning til kva mange politikarar trur: funksjonshemma flest vil heller kjøre kollektivt saman med venner og familie, enn å bruke TT. Men då må det skje ei drastisk endring i tilgjengelegheita på heile reisekjeden. Eg veit at samferdselsbyråden og mange andre politikarar er opptatt av dette, men her må dei også legge betydeleg større press på Ruter. Det er for ille når den rullestolen som har store nok hjul til at du kan forsere gapet mellom perrong og T-bane, er for stor til at du kan ha den med på trikk og buss. Mine rullestolar kan fortsatt ikkje brettast saman og puttast i lomma, slik at eg til ei kvar tid kan sitte i den som passar best til kvar kollektivetappe.

Likestilling startar i barndommen. Derfor er det gledeleg at både AP og Venstre går inn for at alle barn skal ha rett til å gå på nærskolen. Venstre er også ambisiøse på tidsfrist for universell utforming av skoler. Dersom dette får gjennomslag kan dagens barn som vaksne ha langt betre holdningar til funksjonshemma, enn det foreldra deira har i dag.

Enkelte hevdar at kommunevalg ikkje er så viktig – meir feil går det ikkje an å ta. Er det viktig for deg om du kjem inn og ut av T-banen, inn på utestader, butikkar, kontor og offentlege bygningar? Er det viktig for deg at det finst ei god TT-ordning som kan kompensere for manglande universelt utforma reisekjede – også etter at du blir 67, utan at du må beregne å bruke tre ganger så lang tid på reisa som dei som tar trikken? Er det viktig for deg at barnet ditt får gå på nærskolen, saman med vennene i nabolaget? Er det viktig for deg at du får rask hjelp av ergoterapeut i bydelen, at du, eller barnet ditt, får gode og koordinerte tenester, at du får BPA – og sjøl får velge kva for ein leverandør du skal bruke? Er det viktig for deg at det ikkje blir bygd omsorgsgettoar der du eller barnet ditt må bu saman med fleire titalls andre funksjonshemma? Er det viktig for deg at det blir gjort mest mulig for at funksjonshemma som kan det, skal få arbeide? Alt dette er beslutningar som tas i bystyre, byråd og bydeler – sjølsagt påvirker dette korleis du har det i dagleglivet – og det er vel viktig?

Les kva vi skriv om valget, kva politikarane svarer, men les også programma, still politikarane spørsmål – og møt opp når NHF Oslo saman med dei andre organisasjonane for menneske med nedsatt funksjonsevne arrangerer valgmøte i slutten av august. Godt valg!

(tidligere publisert i Christiania Quarten)

 


Kommentarer   

0 #1 Tove Bolstad 13-06-2015 17:52
Mangt kan sies om manglende vilje til å bedre funksjonshemmed es bevegelsesfrihe t. Men - jeg er ikke enig i dårlig behandling av ergoterapeuten. Selv har jeg bare gode opplevelser ved henvendelser til bydelen(Bjerke) når det gjelder hjelpemidler. Rask og god hjelp.
Hadde det bare vært mulig og få flere TT turer etter fylte 67 år , skulle jeg ikke si et vondt ord om hjelpen jeg får. Men 70 turer altså 35 ganger kan jeg komme meg ut. Klarer ikke offentlig transport, må drosje når jeg har handlet så da blir det ikke mye igjen til sosiale aktiviteter. Da har du ikke lenger noe liv, men bare eksistens.

Legg til kommentar

Sikkerhetskode
Vis ny kode