Funksjonshemmede

Det var plass til heile meg i heisen opp til likestillingsministeren

Det var plass til heile meg i heisen opp til likestillingsministeren

"Er personar med funksjonshemming likestilte? Same dag som bioteknologilova blei vedtatt, stemte Stortinget ned eit framlegg frå SV om at FN sin menneskerettskonvensjon om likestilling for personar med funksjonshemming, skulle bli norsk lov.

Eg skal akte meg vel for å påstå nokon samanheng mellom desse lovane. Likestillingsministeren har ansvar for begge felt, både kvinners rett til å bestemme over eigen kropp, og funksjonshemma sin rett til å delta i samfunnet på heilt lik linje med andre. Bioteknologilova blei altså vedteken på tysdag, og den andre har blitt føreslått vedtatt fleire gongar, men blir nedstemt kvar gong.

Myndigheitene meiner at dei skal strekke seg så langt dei kan for å oppfylle denne menneskerettskonvensjonen, men norsk lov står over menneskeretten til likestilling, slik at det ikkje får konsekvensar å bryte han. Det får ikkje konsekvensar når kommunar ikkje tilbyr Brukarstyrt Personleg Assistanse til personar med funksjonshemming. Det får ikkje konsekvensar når skular avviser barn med særskilde behov på grunnlag av manglande kompetanse og økonomi. Det får ikkje konsekvensar når offentlege bygg, for eksempel likestillingsministeren sitt kontor, ikkje er universelt utforma.

Tre gongar har Stortinget stemt ned lovframlegg om å gjere menneskerettskonvensjonen til norsk lov. FN har uttrykt bekymring for at Norge ikkje gjer konvensjonen til norsk lov, men norske politikarar synest det er nok å strekke seg så langt dei kan, uavhengig av kor langt kvar enkelt kommune kan strekke seg. Å kunne strekke seg er elles eit tøyeleg omgrep. Det var i november 2019 at det ikkje var plass til Jan Grue i heisen opp til likestillingsministeren sitt kontor. Eg tenkjer ofte på kor langt dette kontoret kan ha strekt seg for å syte for at personar med funksjonshemming har tilgang. Eg trur ikkje det kan vere særleg langt," skriver Olaug Nilssen i Klassekampen.

Les hele artikkelen nedenfor.

Det var plass til heile meg i heisen opp til likestillingsministeren

Av Olaug Nilssen

Er personar med funksjonshemming likestilte? Same dag som bioteknologilova blei vedtatt, stemte Stortinget ned eit framlegg frå SV om at FN sin menneskerettskonvensjon om likestilling for personar med funksjonshemming, skulle bli norsk lov.

Eg skal akte meg vel for å påstå nokon samanheng mellom desse lovane. Likestillingsministeren har ansvar for begge felt, både kvinners rett til å bestemme over eigen kropp, og funksjonshemma sin rett til å delta i samfunnet på heilt lik linje med andre. Bioteknologilova blei altså vedteken på tysdag, og den andre har blitt føreslått vedtatt fleire gongar, men blir nedstemt kvar gong.

I fjor vinter blei eg invitert til ei samtale på likestillingsministeren sitt kontor. Samtalen skulle dreie seg om likestilling for personar med funksjonsnedsetting, og eg var invitert – må eg anta – som pårørande til eit barn med utviklingshemming og autisme. Eg har nemleg ikkje nokon funksjonsnedsettelse. Om eg legg ekstrem dårleg vilje til, kan eg sikkert påstå at det er ei slags funksjonshemming at synet mitt er nede på -1,25 på begge auge, men slik eg sjølv vurderer det, så fungerer eg svært bra. Eg kan enkelt nytte alle rettar eg som fritt og fullt ut fungerande individ har tilgang til. For eksempel var det plass til heile meg i heisen opp til etasjen der likestillingsministeren sitt kontor ligg.

I møtet nytta eg høvet til å minne om at enkelte personar med funksjonsnedsetting utfordrar heile tanken om likestilling. Sjølv er eg nemleg mor til eit barn med så alvorlege utfordringar at det er vanskeleg å sjå kva han skal med rett til å bli inkludert i fellesskulen og i det normale arbeidslivet. For meg og min familie, og andre med tilsvarande utfordringar, kan likestillingstanken bli ei rein plage, fordi vi ser at inkluderingsrettane kan bli ei uønskt plikt som skapar større, ikkje mindre funksjonshindringar. Om eit menneske si funksjonshindring er sanseforstyrringar og sterk uro, er det ikkje gitt at vedkomande har godt av lik tilgang til dei forsamlingar samfunnets institusjonar består av.

Men eg veit godt at dette gjeld for oss, og slett ikkje for alle. For oss er det ikkje nokon fysiske hindringar i vegen inn på toget, inn på skulen, inn i regjeringsbygningen. Eg veit godt at eit overordna mål om likestilling også kan ha rom for individuelle tilpassingar, og at det overordna målet om likestilling er meir forpliktande dersom det er lovfesta. Eg veit godt at det er skilnad på meg, som kan greie ut om situasjonen for min familie, og barnet mitt med psykisk utviklingshemming, som eg aldri kan vite om eg fullt ut taler på vegner av. Han har nemleg ikkje språk, og han har svært avgrensa mogelegheiter til å gjere greie for sine behov. Han hadde neppe likt seg på likestillingsministerens kontor, og hadde i alle fall ikkje klart å oppfylle forventa konvensjonar for korleis ein skal bere seg åt i ein slik møtesituasjon.

Men det var eg som var invitert. Saman med to andre personar utan funksjonshemming. Den einaste personen med funksjonshemming som var invitert, var Jan Grue. I eit samfunn der Jan Grue var likestilt med meg, hadde han kunna kome seg til likestillingsministeren sitt kontor utan at det var hindringar i vegen for han. I eit samfunn der han var likestilt med meg, hadde likestillingsministeren sitt kontor vore universelt utforma. Og om det ikkje var det, hadde likestillingsministeren visst det, og nokon hadde gjort noko med det. Men det var ikkje plass til Grue sin rullestol i heisen opp til likestillingsministeren sitt kontor.

Myndigheitene meiner at dei skal strekke seg så langt dei kan for å oppfylle denne menneskerettskonvensjonen, men norsk lov står over menneskeretten til likestilling, slik at det ikkje får konsekvensar å bryte han. Det får ikkje konsekvensar når kommunar ikkje tilbyr Brukarstyrt Personleg Assistanse til personar med funksjonshemming. Det får ikkje konsekvensar når skular avviser barn med særskilde behov på grunnlag av manglande kompetanse og økonomi. Det får ikkje konsekvensar når offentlege bygg, for eksempel likestillingsministeren sitt kontor, ikkje er universelt utforma.

Tre gongar har Stortinget stemt ned lovframlegg om å gjere menneskerettskonvensjonen til norsk lov. SV føreslo det første gong i 2016, andre gong i 2017 og tredje gong same dag som Stortinget vedtok bioteknologilova. FN har uttrykt bekymring for at Norge ikkje gjer konvensjonen til norsk lov, men norske politikarar synest det er nok å strekke seg så langt dei kan, uavhengig av kor langt kvar enkelt kommune kan strekke seg. Å kunne strekke seg er elles eit tøyeleg omgrep.

Det var i november 2019 at det ikkje var plass til Jan Grue i heisen opp til likestillingsministeren sitt kontor. Eg tenkjer ofte på kor langt dette kontoret kan ha strekt seg for å syte for at personar med funksjonshemming har tilgang. Eg trur ikkje det kan vere særleg langt.

(publisert i Klassekampen)

Kommentarer   

#1 Svein Wisth 13-06-2020 12:21
Norsk lov står over Menneskerettsko nvensjonen, og EU-direktiver står over norsk lov. Forstå det den som kan.
#2 Nelly Landsverk 13-06-2020 13:11
Jeg har etterlyst og prøvd å finne ut hvorfor norske politikere ikke vil innlemme CRPD i norsk lov, på linje med barnekonvensjon en, kvinnekonvensjo n m.fl., men begrunnelsen er visst hemmelig.
#3 Ragnhild Anita G. Bjørklund 14-06-2020 21:02
Fremdeles florerer det skumle og nedverdigende fordommer ute blant folk. Noen ser til og med på mennesker med funksjonsutford ringer som "secondhands people" eller annenrangs borgere, og dette er ikke så. Kommunene behandler BPA.saker ulikt. og tilrettelegger ikke alle områder. Som om de forventer at VI skal tåle det, men det gjør VI IKKE, det!

You have no rights to post comments