Helsevesen

Forskarar: Nav har gløymt helse i jakta på trygdesvindel

Forskarar: Nav har gløymt helse i jakta på trygdesvindel

Hovudårsaka til at nordmenn i arbeidsfør alder tek imot trygdeytingar er dårleg helse. Men det har tydelegvis Nav gløymt – eller fortrengt – i jakta på trygdesvindel, skriv OsloMet-forskarar.

"I etterkant av Nav-skandalen har fokuset primært vore på juridiske aspekt, og kven som er ansvarlege. Det er sjølvsagt viktig å setja lys på desse spørsmåla, men det seier lite om kvifor skandalen fekk vekse fram.

Både Nav-tilsette, leiande politikarar og fleire trygdeekspertar har gløymt at dårleg helsetilstand er hovudårsaka til at folk i arbeidsfør alder tek imot trygdeytingar. Uføretrygd, sjukepengar og arbeidsavklaringspengar er eksplisitte helserelaterte inntektssikringsordningar.

Den noverande politiske linja – prega av mindre generøse ytingar og kortare maksimal varigheit – vil berre føre til meir helsebasert utstøyting frå arbeidsmarknaden. I mellomtida vil me neppe sjå mindre mistenkeleggjering av, og feilaktige skuldingar mot, personar som tek imot inntektssikringsordningar.

I jakta på trygdesvindel har Nav enda opp med å ikkje sjå skogen for berre tre. Helseproblema har blitt sett i parentes, til fordel for perspektiv som opnar opp for meir mistanke og straffeforfølging.

Den einaste fordelen med ei slik systemsvikt er at det er mogleg å endre systemet," skriv forskarene blant annet.

Les hele artikkelen på linken.