Innvandrere, antirasisme

H/Fr.P-kommuner prioriterer egen lommebok framfor flyktninger i nød

H/Fr.P-kommuner prioriterer egen lommebok framfor flyktninger i nødNår asylsøkarar får opphald har dei krav på ein bustad i ein norsk kommune. Staten ber kvar enkelt kommunane ta imot ei viss mengd flyktningar, men kommunane kan sjølve velje kor mange dei faktisk seier ja til. No viser NRK sin gjennomgang av statistikken at kommunar som er styrte av H og Frp seier nei langt oftare enn andre. Så langt i år har desse kommunane teke imot under 80 prosent av flytktningane dei er blitt utfordra til å huse. Dei andre kommunane har teke imot 92 prosent. Oslo utgjer ein vesentleg del av biletet. Oslo er beden om å busette 480, og har sagt ja til 240.

Sandefjord-ordførar Bjørn Ole Gleditsch (H) trur det er politiske grunnar til at det er slik:  Vi på den borgarlege sida lyttar meir til veljarane våre, som er restriktive til å ta imot våre nye landsmenn. Vi er ikkje så naive som mange sosialistar er. Vi er først og fremst sett til å ivareta interessene til innbyggarane våre. Vi har ei lommebok, og når den ikkje er stor nok, må vi prioritere, seier Gleditsch. - Då prioriterer vi våre eigne lommebøker, og det trur eg borgarlege politikarar er flinkare til enn politikarar på venstresida.

Les mer hos NRK

You have no rights to post comments