Innvandrere, antirasisme

Ingen opposisjon?

Ingen opposisjon?

"Påfallande at Stortinget har gått inn for kraftige innstrammingar i innvandringspolitikken utan at det har ført til meir debatt om dei konkrete tiltaka.

For KrF og Venstre sin del er dette eit ganske markant linjeskifte jamført med deira tidlegare standpunkt. Vil det ha konsekvensar for kor mange som kjem til Noreg? Kanskje. Men det vil i alle fall heilt sikkert ha konsevensar for dei som skal prøva å byggja seg ei ny framtid i Noreg,"

skriver Helga Eggebø blant annet som dagens gjesteblogger.

Les hele under "les mer."

 

Ingen opposisjon?

Av Helga Eggebø (ph.d), sosiolog og bloggar, arbeider ved KUN senter for kunnskap og likestilling i Steigen.

Med asylavtalen som vart vedteken 19. november, er det brei politisk semje om ein innvandringspolitikk FrP for kort tid sidan berre kunne drøyma om å få KrF og Venstre med på.

Innvandringsdebatten har endra seg raskt den siste tida, og det same har innvandringspolitikken. At kraftige innstrammingar er nødvendig for å få færre til å søkja asyl i Noreg, blir sett på som så sjølvsagt at det knapt er nokon som hever ei kritisk røyst.

Avtalen er signert av Høgre, FrP, Arbeiderpartiet, KrF, Senterpartiet og Venstre. Berre SV og Miljøpartiet dei Grøne har gått mot avtalen.

Venstre og KrF har fram til no forsvart retten til eit familieliv, og derfor vore kritiske til dei siste åras stadige innstrammingar i familieinnvandringspolitikken. Men 19. november signerte dei ei slags blankofullmakt for innstramming: «Stortinget ber regjeringen fremme et lovforslag om å stramme inn retten til familieinnvandring for asylsøkere og flyktninger».

Å trygga medmenneske på flukt har vore eit viktig prinsipp for KrF i lang tid. Det kan likna ei heilomvending når dei no ber regjeringa om å «fortløpende vurdere forslag til lovendringer, forskriftsendringer og justere aktuelle instrukser med sikte på å oppnå innstramminger» i retten til beskyttelse.

I avtalen heiter det at internasjonale konvensjonar ikkje er tilpassa dagens situasjon. Men som Marie Simonsen peikte på i Dagbladet nokre dagar før avtalen vart inngått: «Men i en ekstraordinær situasjon, som det nå stadig heter, er det ikke nettopp da lovverket skal hindre at myndighetene fristes til å bryte med grunnleggende rettsprinsipper?»

Stortingsfleirtalet ønskjer ein innvandringspolitikk som er (minst) like streng som «andre land det er naturlig å sammenlikne oss med». Når ein skal konkretisera er det gjerne Danmark og Sverige me samanliknar oss med. Med asylavtalen signert, gratulerte FrP seg sjølv med å ha sørgja føre at Noreg har blant Europas strengaste invandringspolitikk.

Men at Noreg er strengast i Europa er rett og slett feil. Faktum er at dersom Noreg skulle vore bare i nærleiken av så streng som Danmark, måtte ein gått langt meir drastisk til verks. Også i Danmark føregår ein innstrammingspolitikk det er tverrpolitisk semje om, frå Dansk Folkeparti til Socialistisk Folkeparti, og Danmark leiar med god margin. At Danmark er strengast, Sverige mest inkluderande og Noreg i midten, er status quo. Som Frøy Gudbrandsen tørt kommenterte den dagen avtalen vart inngått: dette kjem ikkje til å ha effekt.

Det er mogleg avtalen ikkje kjem til å ha særleg effekt på kven og kor mange som kjem til Noreg for å søkja asyl. Når alt kjem til alt, så er det krig og konflikt som avgjer kor mange som flykter. Men det som i alle fall er heilt sikkert er at avtalen kjem til å få store konsekvensar for dei menneska som kjem til Noreg i åra framover. 


Legg til kommentar