Innvandrere, antirasisme

Andreas Hompland: Full skjering mellom godhetstyranniets elite og det trumphaugske trollitariatet

Andreas Hompland: Full skjering mellom godhetstyranniets elite og det trumphaugske trollitariatet

Andreas Hompland som gjesteblogger:

"Denne veka er ikkje utan alternative lysglimt, for det har vore full skjering mellom godhetstyranniets elite og det trumphaugske trollitariatet. Utvisings- og ekskluderingsminister Listhaug har mobilisert "pesa" og andre i sitt politiske nærområde til å stå opp mot dokkens og ulsteinars føleri og den sjyniske asylindustriens hylekor av hat, hån og nedlatenhet. Ho henger også kristenkorset rundt sin rakrygga hals i kampen mot korstoget som har ein visjon om å avkristna Norge med angrep på skulejulegudstenester. Slike jenter det vil sylvilistar ha; det forstår også vi som er sylvilismens nyttige idiotar.

Asylvi tar ikkje regi, ikkje frå Erna Solberg, ikkje frå Solveig Hornes kampanje mot netthets, og heller ikkje når Espen Teigen bruker hennar namn som psevdonym. Han er ein av Fremskrittspartiets påleggskalvar, nylig nominert på førsteplass i Nord-Trøndelag. Teigen er han ein verdig arvtakar etter den uregjerlige Per Sandberg (noen som minnest han frå før at han blei ein fiskeriminister på land?), som flytta kandidaturet sitt til Sør-Trøndelag for å sikra attval, men ikkje vidare til Troms der han og kona bur og er i full krig med partiets stortingsmann Øyvind Korsberg, som dei har "et ikke-eksisterende forhold" til. Mens Korsberg klagar på sandbergsk maktspel, kalla den uredigerbare nestleiaren sin kollega løgnaktig og hemngjerrig i boka "Mot min vilje".

Ein kan seia mye om Kristoffer Joners autentisitet som samfunnsaktør og skodespelar - med og utan anorakk. Men regi tar han, og det skapte ei monsterbølgje med Ann-Magrit Austenå på den fjerde nattevakt mellom måndag og tysdag. Ettersom eg er datateknisk analfabet, betalte eg ikkje min avlat, men eg kunne også sagt med min gamle kollega Sissel Benneche Osvold: Jeg skriver om, ikke under.

Lik og del - ikkje mitt skriftstykke, men dette diktet av Tor Jonsson:

FRAMTID

Den som ber fana, skal aldri sjå

draumane meisla til røyndom.

Difor er striden stor.

Og ætter som kjem etter våre,

skal tørke den salte tåre

med same ord.

 

Fanene logar i kvardags strev.

Dagane græt og går under

etter den tunge tid.

Men over kvar sjel som sovna,

brenn faner som bitter lovnad

om meire strid."