Innvandrere, antirasisme

Eit mellombels liv

Eit mellombels liv

"Å vera flyktning utan varig opphald er å leva eit liv i frykt og på vent, eit mellombels liv. Alle flyktningars mål er å finna ein trygg stad å leva. Ja, og så er nok alle flyktningars mål også at dei ein gong skal få venda attende til heimen og heimlandet – og det livet dei levde før dei måtte flykta. Det er «berre» det at det livet finst ikkje meir. Heimstaden er ikkje som han var, om han i det heile finst. Familien er dels død, dels spreidd for alle vindar. Naud, svolt og elende er krigens trufaste fylgjesvein. Den eine krigen fylgjer den andre, somtid så tett at sivilsamfunnet ikkje får tid til å bli sivilsamfunn att før neste krig kjem.

I haust fyller 130 einslege mindreårige asylsøkjarar med mellombels opphald 18 år – og då skal dei sendast ut. Dei vert kalla oktoberborna. No går oktober over i november. På grunn av ei lovendring som Høgre og FRP innførte med fleirtal frå AP og SP i fjor haust, har talet på einslege mindre årige som berre får bli til dei blir 18 år eksplodert. Samstundes har talet på einslege mindreårige som forsvinn frå mottaka og rømmer til andre land skote i veret. Sidan ordninga med mellombels opphald for asylborn vart innført i 2009 (ja, av den raud-grøne regjeringa – det vert ikkje ei rettare ordning for det!), har halvparten av alle som har fått mellombels opphald forsvunne. Politiet fryktar at endå fleire vil flykta utover hausten, før 17-årsdagen, skreiv VG 27. oktober.

Regjeringa, dei held no på med sitt, som om unge menneske er pakkepost og ikkje menneske i starten på livet. Ville du ha reist til Kabul, for ikkje å seia ha sendt ditt 17-18-årige barn eller barnebarn dit? Nei, ikkje eg heller. Vi skal alltid ta omsyn til barnets beste. Og det veit vi i 2017, at eit mellombels liv, slik Noreg tilbyr dei einslege mindreårige, det er ikkje det vi meiner med eit liv," skriver Oddny Miljeteig blant annet.

Les hele hennes artikkel under "les mer.".

 

Eit mellombels liv

Av Oddny Miljeteig

Å vera flyktning utan varig opphald er å leva eit liv i frykt og på vent, eit mellombels liv. Alle flyktningars mål er å finna ein trygg stad å leva. Ja, og så er nok alle flyktningars mål også at dei ein gong skal få venda attende til heimen og heimlandet – og det livet dei levde før dei måtte flykta. Det er «berre» det at det livet finst ikkje meir. Heimstaden er ikkje som han var, om han i det heile finst. Familien er dels død, dels spreidd for alle vindar. Naud, svolt og elende er krigens trufaste fylgjesvein. Den eine krigen fylgjer den andre, somtid så tett at sivilsamfunnet ikkje får tid til å bli sivilsamfunn att før neste krig kjem.

Noreg er eit heldig land på mange vis. Vi er også heldige avdi vi har hatt så lite krig på vår jord, samanlikna med så uendeleg mange. August Rathke, den gamle motstandsmannen frå 2. verdskrigen, meiner at det er grunnen til at vi er så lite flinke til å respektera og ta vare på krigsminnesmerke. Eg må skunda meg å leggja til at ulike delar av landet vårt har hatt ulike krigsopplevingar. Redslene folk i Finnmark opplevde, og som bergenske Ingebjørg Jensen no minner om i teikneseriar, er aldeles ikkje til å bagatellisera – forstå meg rett! Og bombinga av Holen skule på Laksevåg har sett sine merke i generasjonar. Telavåg ligg også i vårt fylke – Telavåg som vart brent ned som hemn, alle menn deporterte og kvinner og born internerte. Framleis finst tidsvitne, enno er ikkje vår fulle og heile historie frå 2. verdskrigen skriven – men tida gjer at minne bleiknar. Vårt kollektive minne hugsar ikkje lenger korleis det er å vera i krig og frykta på livet, sjølv om terror også har råka vårt land. Hardt. Likevel. I det store biletet er vi ein fredens plett på jorda.

Afghanistan ligg i hin enden. Afghanistan er eit land der det kollektive krigsminnet ikkje får festna seg før neste krig bryt ut. Afghanistan har ikkje fått fred for stormakter, det vere seg britane, Sovjetunionen eller USA. Taliban, Al Qaida, Ossama bin Laden – rørsler og namn som det stinkar død og fordervelse av. Krig mot Afghanistan som ein del av «Vondskapens akse» etter 9.september-åtaka i USA. Uhorvelege mengder soldatar og krigsmateriell har vorte landet til del. Noreg vart med også – grunngjeve nærast som ein feministisk offensiv – det er til å grina blod av. I dag er Afghanistan sundrive.

I haust fyller 130 einslege mindreårige asylsøkjarar med mellombels opphald 18 år – og då skal dei sendast ut. Dei vert kalla oktoberborna. No går oktober over i november. På grunn av ei lovendring som Høgre og FRP innførte med fleirtal frå AP og SP i fjor haust, har talet på einslege mindre årige som berre får bli til dei blir 18 år eksplodert. Samstundes har talet på einslege mindreårige som forsvinn frå mottaka og rømmer til andre land skote i veret. Sidan ordninga med mellombels opphald for asylborn vart innført i 2009 (ja, av den raud-grøne regjeringa – det vert ikkje ei rettare ordning for det!), har halvparten av alle som har fått mellombels opphald forsvunne. Politiet fryktar at endå fleire vil flykta utover hausten, før 17-årsdagen, skreiv VG 27. oktober.

Fleire av dei unge som flyktar landet har enda på gata i Paris. Dei søv på gata og fortel til VG at politiet vekkjer dei med spark og tåregass. I Europa, skriv VG, vert afghanarar no jaga frå skanse til skanse, «drevet av sin egen frykt for retur til hjemlandet.» 20 «oktoberborn» har VG funne i Paris. Norsk politi åtvara for litt sidan om kor sårbare desse unge gutane er når dei flyt vidare ut i Europa. Ingen av gutane VG møtte i Paris, ser på det å reisa attende til Afghanistan som noko alternativ. Då er likevel gata i Paris betre. Sjølv om dei vert jaga av politiet frå stad til stad. Eit ord av den franske nobelprisvinnaren i litteratur, Anatole France, renn meg i hugen: «Loven, i sin majestetiske likhet, gjør det like ulovlig for rike og fattige å sove under bruene i Paris, å tigge i gatene, og å stjele brød.» Ja, det er i sanning ein «majestetisk likskap».

I Oslo må forresten no ein restaurant/fiskehandlar i Folketeaterpassasjen ved Youngstorget i Oslo nekta folk å få vatn i vassflaskene sine etter pålegg frå huseigar, Youngstorget Eiendom AS, ått av Arbeidarpartiet og OBOS. Huseigar meiner dei ikkje diskriminerer. Forbodet gjeld «alle». Kjære lesar: Det er ikkje langt frå hovudstaden til bruene i Paris, altså.

Imedan ulmar det i Arbeidarpartiet. Vi får sjå om det kjem til noko meir. I Senterpartiet ulmar det visst ikkje. Men utviklinga i Afghanistan har fått Amnesty International til å krevja ein stans i alle tvangsreturar til landet. Amnesty lanserer, skreiv Klassekampen laurdag, ein internasjonal kampanje som m.a. kritiserer Noreg skarpt og påpeikar at Noreg bryt internasjonal lov ved å senda folk attende til fårlege område. Noreg er blant dei landa i Europa som tvangsreturnerer flest flyktningar til Afghanistan, også familiar. Amnesty meiner Noreg har sendt flyktningar i døden. No krev SV i lag med MDG og Raudt i Stortinget mellombels stans i returane til Afghanistan.

Ordføraren i Oslo, Marianne Borgen seier offentleg at regjeringas politikk overfor flyktningeborn er barnefiendsleg og at flyktninge- og integreringsministeren «står i spissen for offentlig barnemishandling.» Marianne Borgen er ikkje kven som helst når det kjem til barnepolitikk. I tillegg til å vera ordførar i hovudstaden har ho mangeårig røynsle frå Redd Barna og Barneombodet. Regjeringa har både eitt og hitt å læra av Oslos ordførar om kva ein barndom betyr, at ein barndom varer heile livet, jamvel i generasjonar – og at ein barndom ikkje kan levast oppatt.

Regjeringa, dei held no på med sitt, som om unge menneske er pakkepost og ikkje menneske i starten på livet. Ville du ha reist til Kabul, for ikkje å seia ha sendt ditt 17-18-årige barn eller barnebarn dit? Nei, ikkje eg heller. Vi skal alltid ta omsyn til barnets beste. Og det veit vi i 2017, at eit mellombels liv, slik Noreg tilbyr dei einslege mindreårige, det er ikkje det vi meiner med eit liv.