Innvandrere, antirasisme

100 flyktningar frå Lesvos til Bergen? 1000 til Norge?

100 flyktningar frå Lesvos til Bergen? 1000 til Norge?

Flott initiativ fra SV i Bergen bystyre, ved Oddny Miljeteig:

"I mars skal bystyret i Bergen fastsetja kor mange flyktningar vi skal ta imot til busetjing i vår by. Det er, for å seia det slik, ei putle-sak.  For no er det ikkje mange flyktningar og asylsøkjarar som slepper innom Noregs grenser. Nei, det er ikkje FRP i regjering som skræmer flyktningane vekk frå Noreg, sjølv om det kunne ha vore grunn god nok. Det er piggtrådgjerde og stengde grenser og innstramingar på alle vis sør i Europa som stengjer vegen mot nord.

Asyl- og flyktningepolitikk er nasjonal politikk. Likevel har Bergen bystyre blanda seg borti, gong etter gong, somme tider som ei humanismens fyrlykt. Lita, men likevel. No trengst det at Bergen på nytt går i bresjen for ein human flyktningepolitikk.  Vi må be om at regjeringa hentar hit 100 menneske frå Morialeiren/Lesvos attåt kvoten vi er bedne om, om nødvendig rett frå Lesvos til Bergen. Vi har plass. Vi har kompetanse. Vi har eit mottaksapparat som vil gjera jobben. Dessutan kan det vera ei god øving til seinare – når klimaet tuktar oss og flyktningar uansett vil koma.

Er dette eit asylpolitisk opprør? Gjerne det. Viss vi ikkje sprengjer taket for den usle norske flyktningepolitikken, då er vi med og kvitvaskar ein rå og inhuman politikk som eg slett ikkje vil vera ein del av," skriver Oddny Miljeteig bl.a. i Bergensavisa. Les hele hennes artikkel nedenfor.

Ut fra et slikt initiativ kunne regjeringen sagt: Norge tar 1.000. Vi i Oslo har tradisjon for å si ja til det Staten ber oss om, å spør gjerne om f.eks. 300..

 

100 flyktningar frå Lesvos til Bergen

Av Oddny I. Miljeteig

Norsk asyl-og flyktningepolitikk toler ikkje møtet med menneske.  Norsk asyl- og flyktningepolitikk stryk i møte med humanisme. Vi hadde eit blaff i 2015, då den vesle døde kurdiske guten i raude og blåe klede, skyld i land på ei strand ved Middelhavet, plumpa ned i hjarte og sjel og gjorde at vi var menneske. Sjølv ikkje den norske kommunevalkampen vart prega av brunspettete innvandringsutspel – og FRP gjorde eit heller skralt kommuneval.

Men det fortok seg raskt. No har dei såkalla sentrumspartia Venstre og KrF flytta inn i regjering, og dermed er dei stranda menneska ved Middelhavet ein sjanse fattigare.

I mars skal bystyret i Bergen fastsetja kor mange flyktningar vi skal ta imot til busetjing i vår by. Det er, for å seia det slik, ei putle-sak.  For no er det ikkje mange flyktningar og asylsøkjarar som slepper innom Noregs grenser. Nei, det er ikkje FRP i regjering som skræmer flyktningane vekk frå Noreg, sjølv om det kunne ha vore grunn god nok. Det er piggtrådgjerde og stengde grenser og innstramingar på alle vis sør i Europa som stengjer vegen mot nord.

Vi skal ikkje uroa oss så grueleg mykje for at vi skal bli «heile verdas sosialkontor», som somme yndar å seia det. Dei fleste av jordas innbyggjarar har ikkje tenkt seg til Noreg. Ikkje dei fleste av verdas flyktningar, heller.

I år ber staten om at Bergen kommune buset 205 flyktningar, av dei 11 plassar til einslege mindreårige. Førespurnaden byggjer på eit nasjonalt busetjingsbehov på 5.350. Dessutan refererer byrådet, som sant er, at regjeringa/stortingsfleirtalet legg opp til at det skal koma på lag 3000 overføringsflyktningar til Noreg. Overføringsflyktningar, eller kvoteflyktningar, er dei som har fått flyktningestatus av FNs høgkommissær. Har eg forstått regjeringa rett,  vil kvar einaste asylsøkjar som kjem gå til fråtrekk på flyktningekvoten.  3000 er altså det maksimale gamle Noreg skal ta imot.

I fjor vart Bergen beden om å ta imot 200 flyktningar til busetjing, så 40 til – men det var berre 193 som kom for å busetja seg.  Har så talet på flyktningar i verda gått ned? Har situasjonen i Afghanistan betra seg? Har situasjonen på Lesvos i Hellas betra seg? Er Moria-leiren vorten forsvarleg å bu i, sanitært, i matvegen, med klede? Svaret på alle spørsmåla er eit rungande nei.

Høyrer vi på den politiske debatten i Noreg, er det ikkje dei humanistiske røystene som dominerer. Slett ikkje. Vi vert sagde å vera naive. Det tek eg som eit heidersteikn, sjølv om asylpolitikken er det politikkfeltet eg er minst naiv i. 68 millionar menneske er på flukt i verda frå krig, forfølging og klimakriser. Halvedelen av desse skal vera born. Når klimaendringane viser seg endå sterkare, vil flyktningestraumen auka, kanskje dobla seg. Kva skal vi i Europa gjera då – be Donald Trump eller Victor Orban koma og byggja murar, slik at Festung Europa vert ein fysisk realitet? Skal vi verkjeleg stikka hovudet i sanden og bli der til vi har brukt opp Oljefondet?

Sjukepleiar Marthe Valle og lege Hanne Heszlein- Lossius frå Bergen har i fleire omgangar reist som frivillige til Moria-leiren på Lesbos. Dei er røynde hjelpearbeidarar. Likevel har sjølv dei vanskeleg for å skildra med ord nauda og elendet som møter dei. Når born driv med sjølvskading avdi angst og vonløyse vert uoverkomelege, då er det fåre på ferde. Javel, så løyver Noreg 33 millionar sylvpengar (euro) til migrasjons- og utviklingsprogram i Hellas. Lutfattige Hellas, dyppa i armodets tjøre og rulla i fjører av EU slik at landet har meir enn nok med seg sjølv. Likevel viser dei ein solidaritet som vi burde ha gjort dei etter.  Men kva gjer Noreg? Jo, «vi» skal altså ta imot 3000 naudlidne i år. 3000.  Det har ingenting med behovet å gjera.  Kan det å ha med å gjera tidlegare tiders kolonialisme å gjera at vi framleis ikkje verdset «dei andre» på line med oss sjølve? Kva skuldar ikkje Europa menneske frå land vi tidlegare utbytte og trødde under hælen – bokstaveleg tala? Slaveskipa gjekk også under dansk-norsk flagg og bergensk herredøme. Nemleg.

I  flyktningeleirar i Libya har no slavehandelen fått sin renessanse, slik eg tidlegare har skrive om her på spalteplass. Det er ikkje noko å vera stolt over. Skal vi grava oss endå djupare ned i sanden? Kva med vårt historiske ansvar, vårt internasjonale ansvar, vårt humanitære ansvar?

Det er på høg tid at partia på Stortinget tek skeia i ei anna hand. Humanismens og solidaritetens hand. Det er berekraftig. Det er det einaste som over tid er berekraftig.  Vår fremste oppgåve kan ikkje vera å la menneske på flukt forkoma der dei er. Vi hjelper dei ikkje der dei er.  Moderne slavehandel er så visst ikkje å hjelpa folk der dei er. Asylpolitikkens jarntriangel, dvs. AP, H og FRP må sprengjast. Oppmodinga går til AP, som er det einaste partiet av dei tre som kjenner omgrepet solidaritet. Senterpartiet må koma seg ut or det nasjonale skuggetilveret dei har lagt seg i når det gjeld asylspørsmålet.

Asyl- og flyktningepolitikk er nasjonal politikk. Likevel har Bergen bystyre blanda seg borti, gong etter gong, somme tider som ei humanismens fyrlykt. Lita, men likevel. No trengst det at Bergen på nytt går i bresjen for ein human flyktningepolitikk.  Vi må be om at regjeringa hentar hit 100 menneske frå Morialeiren/Lesvos attåt kvoten vi er bedne om, om nødvendig rett frå Lesvos til Bergen. Vi har plass. Vi har kompetanse. Vi har eit mottaksapparat som vil gjera jobben. Dessutan kan det vera ei god øving til seinare – når klimaet tuktar oss og flyktningar uansett vil koma.

Er dette eit asylpolitisk opprør? Gjerne det. Viss vi ikkje sprengjer taket for den usle norske flyktningepolitikken, då er vi med og kvitvaskar ein rå og inhuman politikk som eg slett ikkje vil vera ein del av.

Kommentarer   

+2 #1 Reidun Alma Hagenes 02-03-2019 13:03
Ja, det ser ut som om Norge ikke kommer utenom et asylpolitikk opprør. Hvordan kan Norge forsvare å lukke øynene for den usle flyktningpoliti kken ? Trist og opprørende!
+2 #2 Astrid Irene Giskegjerde 03-03-2019 16:07
Det må vere mennesker uten empati som kan bla vidare uten å bli berørt av et slikt bilde. Og vi har blitt et ufølsomt folk !
+2 #3 Wenche Dorothea Haukland 03-03-2019 19:17
Jeg takker varmt og inderlig flotte, uredde og helstøpte Oddny Irene Miljeteig for at hun så tydelig setter ord på det tusenvis av mennesker over hele landet står for, mener og tenker!
Vi fortviler over den kulden, likegyldigheten , "være seg selv nok" -
mentaliteten, den kynismen og mistenksomheten som har satt, og setter agenda for asyl og innvandringspol itikken vår.
Vi er ikke først og fremst n o r s k e, men like meget Verdensborgere,
medmennesker på denne Jord - Det er presserende at vi gjør det vi kan for mennesker i ytterste nød! Så la oss stå sammen, ta imot medmennesker som får starte på et LIV igjen!!!
#4 Therese Thorne 18-03-2019 14:40
Tøm leieren- vi har kapasitet, plass og iføge Erna så trenger vi barn. Disse er ferdig laget- og pga idiotisk, umenneskelig politikk- ferdig ødelagte. ... Hadde vi tatt dem for to år siden hadde de ikke vært så traumatiserte og knuste som de som er der nå. Erna, Siv og Sylvi- shame on you!

You have no rights to post comments