Innvandrere, antirasisme

Puls-Yngvar: Ein helvetes neger med dialekt...

Yngvar Andersen: Ein helvetes neger med dialekt...

"Eg kjenner på skuld over å ha fått personleg styrke av alle dei gongene eg sjølv har fått desse blikka og rasistiske kommentarane. Eg er kulturelt heilt norsk med halve genmaterialet frå Afrika. Dette har opp i gjennom åra vore ein trigger for folk til å uendeleg mange gonger seie: «Du er grei, du, du kan ikkje noko for at du er neger, men alle desse andre jævlane...». Dette har drept litt av meg kvar gong, og påverka meg mykje meir meir enn eg har vore bevist på dei siste cirka 30 vaksne åra mine.

Eg gret ein heil dag i hagen etter at eg høyrde eit lydopptak (The Daily) av dei 8 siste minuttane til George Floyd. Dei fortvila stemmene til modige forbipasserande som trygla: DU DREP HAN! STOPP – SJEKK PULSEN!

Kulden er uutholdelig og ubegripelig. Opplevelsen av at eit menneske er mindre verdt eller nærmare null verdt. Fy faen, så det svir inn i marg, bein, musklar og ledd," skriver Yngvar Andersen blant annet.

Les mer nedenfor.

 

Ein helvetes neger med dialekt, også kjent som Puls-Yngvar.

Første gong eg oppfatta at nokon kalla meg helvetes svarting/neger/apekatt/osv. var eg 13 år. Dette var i 1987 og familien min hadde då, som mange andre på den tida, eit eige rom i huset dedikert til eit solarium. Min reaksjon var å bli så brun/svart som mulig. Vinteren 1988 var eg på det brunaste i mitt liv og kjende meg sterk. Eg ville vise dei. Vise at eg ga faen.

Det blei med den vinteren i solarium, men eg har sidan helst ville vore så mørk i huda som mulig.

I dag kjenner eg på skuld over å ha fått personleg styrke av alle dei gongene eg sjølv har fått desse blikka og rasistiske kommentarane. Eg er kulturelt heilt norsk med halve genmaterialet frå Afrika. Dette har opp i gjennom åra vore ein trigger for folk til å uendeleg mange gonger seie: «Du er grei, du, du kan ikkje noko for at du er neger, men alle desse andre jævlane...». Dette har drept litt av meg kvar gong, og påverka meg mykje meir meir enn eg har vore bevist på dei siste cirka 30 vaksne åra mine.

Eg gret ein heil dag i hagen etter at eg høyrde eit lydopptak (The Daily) av dei 8 siste minuttane til George Floyd. Dei fortvila stemmene til modige forbipasserande som trygla: DU DREP HAN! STOPP – SJEKK PULSEN!

Kulden er uutholdelig og ubegripelig. Opplevelsen av at eit menneske er mindre verdt eller nærmare null verdt. Fy faen, så det svir inn i marg, bein, musklar og ledd.

På instagram her om dagen sveipa eg forbi ein tekst der det stod: «Kan ikke alle bare være snille med hverandre?». Det har eg lese før, sagt før og så vidare. Men i den konteksten vi er i no vart det så utrueleg sterkt. Kunne vi prøve hardt på dette no? Vere snille med kvarandre? For meg betyr dette også å vere raus med alle som har trakka feil, men som ønsker å endre seg, og å tilgi dei som oppriktig beklagar utsagn eller dårlege vitsar.

Det skjer vold og ekstrem urett mot menneske i alle land, i heile verda, kvar einaste dag. Det eg merkar ramma meg så voldsomt med denne hendinga, i ein by langt borte, er likegyldigheiten. Mordaren ropa ikkje, han såg ikkje sint ut, han kunne like gjerne hatt ein kaffikopp i handa og vore på jobben som normalt. På alle måtar var dette eit bilde på det daglegdagse. George var berre mindre verdt. Livet hans, den han var, betydde ikkje noko.

Eg har klart meg bra i mitt liv. Men eg merkar, etter det siste 10 dagane, kor mykje eg har lagt lokk på og kor mykje smerte alle orda og dei rasistiske handlingane eg er blitt utsett for har forma meg. Kor hardt eg har prøvd å gløyme.

At vi i 2020 må seie at «black lives matter» er så uforståelig at eg, negeren med dialekt, har vanskelig for å skrive det. Men det trengs eit krafttak for godheit og for ei fargeblind framtid der det er den du er på innsida som betyr noko.

You have no rights to post comments