Rik på tillit
- Detaljer
- Overordnet kategori: Temaer
- Kategori: Innvandrere, antirasisme
- Publisert mandag 10. april 2017 03:32

Det er merkeleg korleis tillit avlar tillit. Tillit er ein fornybar ressurs. Viss alle får vere med på køyreturen, skriver Guro Gravem Johansen.
"Det er ein ting eg hugsar spesielt godt frå den første dagen Lwanda var utvekslingsstudent på utdanningsinstitusjonen der eg jobbar. Rykket i kroppen hans.
Cape Town er ikkje Oslo. Men kontrasten mellom den generelle frykten som hadde tatt bustad i Lwanda og den generelle tryggleiken eg tok for gjeve i gatene i Oslo, minte meg på noko om det å bo i Noreg. Tilliten. Utlendingar som besøker Noreg blir ofte fascinert over turisthyttesystemet vårt, at vi berre kan legge nøkkelen under dørmatta og så kan folk kome og gå, og attpåtil legge igjen litt vaskemiddel til nestemann. Over at du kan passere T-banesperringa, som nettopp IKKJE er ei sperring, utan streng kontroll. Denne norske tilliten er kanskje ein mykje viktigare del av norsk identitet enn brunost og binders. Vi smykker oss med den, vi er stolte av den," skriver Guro Gravem Johansen som gjesteblogger.
Les hele teksten hennes nedenfor, under "les mer."