Internasjonal politikk

Guantanamo/Røkke: Aukar presset på riksadvokaten

Riksadvokaten i Portugal har nå innleidd etterforsking etter mistanke om at CIA-fly med Guantanamo-fanger har mellomlande på portugisisk grunn.

- Dette viser at nokre land, som også er medlem av NATO, tek dette alvorleg. Det stiller tilsvarande krav til norsk påtalmakt, seier SV-politikaren, Ivar Johansen, til Bergens Tidende. Det var Johansen som i fjor melde Aker Kværner til riksadvokaten for moglege brotsverk på Guantanamo. - Det kjem stadig ny dokumentasjon på bordet om overgrepa på Guantanamo som også involverer Aker Kværner. Eg veit at nye dokument er undervegs, seier Johansen. - Av omsyn til Noregs rennome internasjonalt, er det viktig at påtalemakta fylgjer opp, legg han til.

Les mer i Bergens Tidende

Legg til kommentar