Internasjonal politikk

Dropp BITS

BITs inneber ein uakseptabel internasjonal rettsorden og lovfesting av djupt udemokratiske maktforhold. Verst er det for land i Sør. Land som har dårlege regelverk for å verna om menneske og miljø blir låst fast i eit system der slike omsyn alltid må vika for storselskapa sine krav om eit «godt investeringsklima». Dei blir effektivt fråtatt politisk handlingsrom og vegar til utvikling som liknar den vegen vi ein gong valde. Men også Noreg kan fort oppleva at utanlandske selskap sit med sterke maktmiddel når demokratiske avgjerder ikkje favoriserer interessene deira. Det hjelper lite å senda fleire avlatspengar til dei fattige dersom vi hindrar dei i å ta inntektene av eigne naturressursar. Å droppa investeringsavtalane er ein god start, skriver Ingrid Fiskaa.


Dropp BITs

Av Ingrid Fiskaa, styremedlem i Attac Noreg

Gullprisen går opp. Det kunne ha gitt gode inntekter til gullproduserande fattige land. Men dei fattige kan sjå langt etter gevinsten. Under dagens globale maktforhold er rike naturressursar snarare ei utgift.

Gullgruveselskapa sine brotsverk mot menneske og miljø i Tanzania vart nyleg avslørt i media: Lokalbefolkninga er jaga vekk frå områda sine. Menneske vart levande gravlagde i gruvegangane. Gruveselskapa etterlet seg enorme sår i landskapet og cyanid i vatnet. Arbeidarar som streika vart enkelt og greitt sparka, og det finst få eller ingen positive ringverknader til lokalt næringsliv. På toppen av det heile betaler selskapa rundt tre prosent skatt.

Dette er bare eitt av mange døme på storselskapa si regelrette plyndring av lokalsamfunn og naturressursar. Det er knappast nyheiter for lesarane av denne avisa. Det hadde heller ikkje vore i nyheitssendingane i Noreg, om det ikkje var for at norske oljepengar er investert i dei gjeldande selskapa. Det forholdsvis nye er at dei maktforholda som gjer slike plyndringstokt moglege, er i ferd med å bli avtalefesta og institusjonalisert.

I år er det ti år sidan den multilaterale investeringsavtalen MAI vart avslørt og stoppa. Det skjedde ved at grasrotrørsler over heile verda ganske enkelt offentleggjorde innhaldet i avtalen. Politikarane var i ferd med å gi frå seg makt og styringsrett til transnasjonale storselskap, utan at dei var klar over det sjølv. Heldigvis fekk dei hjelp til å snu i tide.

Planane om investeringsavtalar vart imidlertid ikkje lagt på hylla. Forsøk på å innføra det same regelverket gjennom WTO er så langt blitt møtt med massiv motstand frå fattige land. Men på kryss og tvers har det blitt inngått ei rekkje bilaterale investeringsavtalar, såkalla BITs, basert på dei same prinsippa som den skandaliserte MAI-avtalen.

Noreg har ikkje signert slike avtalar sidan 1995. Men i januar dukka det opp eit forslag om investeringsavtalar som no har vore ute på høyring. Det er oppsiktsvekkande frå ei regjering som i regjeringserklæringa slår fast at ein ikkje vil «ta frå fattige land styringsrett og verkemiddel som har vore viktige for å utvikla vårt eige samfunn til eit velferdssamfunn». Den norske velferdsstaten er bygd opp ved hjelp av ei sterk fagrørsle og strenge krav til investeringar. Utanlandske investorar fekk sleppa til i oljesektoren med kapital og teknologi. Til gjengjeld skulle dei betala høge skattar, overføra teknologi og kunnskap, og skapa arbeidsplassar i Noreg.

Investeringar utan slike konsesjonsvilkår er det motsette av utvikling, slik Tanzania og mange andre fattige land bittert erfarer det i dag. Dei sit igjen med miljøproblem, elendige arbeidsvilkår og tilnærma null skatteinntekter, medan storselskapa flyttar fortenesta til skatteparadis. Og verre kan det altså bli. Investeringsavtalane har som formål å avgrensa statane sitt politiske handlingsrom til fordel for investorane. Selskapa blir gitt sjølvstendig rett til å saksøka statar dersom dei til dømes innfører reguleringar som innskrenkar framtidig forteneste.

BITs inneber ein uakseptabel internasjonal rettsorden og lovfesting av djupt udemokratiske maktforhold. Verst er det for land i Sør. Land som har dårlege regelverk for å verna om menneske og miljø blir låst fast i eit system der slike omsyn alltid må vika for storselskapa sine krav om eit «godt investeringsklima». Dei blir effektivt fråtatt politisk handlingsrom og vegar til utvikling som liknar den vegen vi ein gong valde. Men også Noreg kan fort oppleva at utanlandske selskap sit med sterke maktmiddel når demokratiske avgjerder ikkje favoriserer interessene deira.

Det hjelper lite å senda fleire avlatspengar til dei fattige dersom vi hindrar dei i å ta inntektene av eigne naturressursar. Å droppa investeringsavtalane er ein god start.

(Klassekampen 21. april 2005)

You have no rights to post comments