Internasjonal politikk

Fryktar ikkje russarane

Fryktar ikkje russaraneLandsdelskommando Nord-Noreg gler seg over auka russisk militær aktivitet i nord, høyrde me nyleg i Dagsnytt. Russlandsekspertar slår òg fast at det er liten grunn til otte. Det er berre få månader sidan store russiske marinestyrkar viste stor og nærgåande interesse for norske oljeinstallasjonar til havs. Russarane har òg teke opp att rutinane med å senda bombefly langs kysten vår utan å varsla på førehand. Men det får ingen alarmklokker til å ringja på norsk side: – Dette er meir gledeleg enn ikkje gledeleg, sa kontreadmiral Trond Grytting til NRK. Han er sjef for landsdelskommando Nord-Noreg. – For ein stat er det eit teikn på god helse at dei har eit militærstell som er i orden. Dei har slite med manglande ressursar og har heilt klårt hatt færre øvingar enn dei har ynskt, la han til. Dei to forskarane Ingerid Opdahl og Katarzyna Zysk på Institutt for forsvarsstudium er langt på veg samde med admiralen.

Les mer i Dag og Tid

You have no rights to post comments