Internasjonal politikk

Norge som verdstjerne?

Norge som verdstjerne?I spørsmålet om nye jagarfly har SV si stortingsgruppe vedteke ikkje å kjøpe nye, men vedlikehalde dei me har i tjue år til. Det er ikkje berre etiske grunnar til det, men det vil vera etisk konsistent i høve til pensjonsfondet. Det er fleire gode alternativ til å bruke ca 140 milliardar kroner til opprustning og krigsflyvåpen.  Eit alternativ er infrastruktur: Eg vil heller vise fram eit framtidsretta nett for høgfartstog, enn å ha 48 dyre krigsfly i lufta, skriver Hallgeir Langeland i en artikkel i flere aviser i dag.

Norge som verdstjerne?
 
Av Hallgeir H. Langeland, Stortingsrepresentant for SV og medlem av rådet i PNND.

 
Norge har ”verdstjernestatus” blant dei gruppene som arbeider for ei klode utan atomvåpen. Årsaka er at Kristin Halvorsen har trekt ut våre investeringar i den globale industrien som kan knytast til produksjon av atomvåpen. Men rakettskjoldet og eit eventuelt kjøp av jagarfly kan fort gjera slutt på stjernestatusen. I dag er det 63 år sidan atombomba blei slept over Hiroshima.
 
Det gigantiske norske pensjonsfondet på snautt 2500 milliardar kroner er ein maktfaktor i vår kapitalistiske verden. I 1997, i eit av mine første innlegg i Stortinget, tok eg opp at me måtte bruka fondet til å forandra verden, ikkje bare til å auke inntektene til fondet. Svaret frå Bondevik 1-regjeringa var at marknaden var heillag, og ikkje kunne gripast inn i. I 2004 kunne SV feire ein stor seier: Pensjonsfondet fekk etiske retningslinjer! Nå skulle Norge ha ein politikk for kva me skulle investere i. 
 
På ein konferanse i Pugwash i Canada i midten av juli i år, var eg invitert til å holde innlegg på kva status er for fondet, og då spesielt i høve til atomvåpenindustrien. Faktadelen var kjekk å orientere om sidan eg kunne vise fra namnet på 9 selskap som me har trekt oss utav, og ikkje investerer i. På konferansen deltok parlamentarikarar frå alle delar av verden, og responsen var eintydig: Stor takk til Norge, og dette må me heim og jobbe for få til i New Zeeland, Tyskland, Japan osv.
 
Men som anti-kapitalist, måtte eg få fram kor vanskeleg det er å vera ein etisk korrekt kapitalist. Då var det på sin plass å problematisere og sjå om Norge kan holde sin sti rein og vera konsistent. Og det lettare sagt enn gjort, som desse 2 døma viser:

1. NATO meiner at eit rakettforsvar i Europa kan være lurt, og planlegginga fortsett.  Dette er ei ny atomopprusting og vil føra til mottrekk frå dei som ikkje får vera med.

2. Norge skal etter planen kjøpe nye jagarfly for ca 140 milliardar kroner, og dei to alternativa, JSF og Gripen, kan på ulikt vis knyttast til dei selskapa me av etiske grunnar har trukke oss ut av. Me skal altså kjøpe jagarfly av selskap som det er etisk forkastelig å investere i!

Konferansen i Pugwash såg heilt klart desse vanskelege etiske problema Norge står ovanfor, men dei er jo ikkje uløyselege! Nå er det parti i Norge som vil kaste korta, og som vil tilbake til før 2004. Så kan dei bare telle pengar utan å tenke på om det er barnearbeid, atomvåpen eller forureining inntektene kjem frå. Men folk flest i Norge er ikkje der. Folk flest er mot atomvåpen og atomopprustning, og folk flest har etikk og moral. Mitt svar  på rakettforsvaret er i samsvar med regjeringserklæringa, så her kan ikkje Norge stemme for bygging. Det er etisk konsistent. Når Norge ikkje investerer i atomvåpenindustrien, kan me heller ikkje vera med på atomopprustning. SV arbeider nå saman med andre parti og organisasjonar i verda for å stoppe utbygging av rakettforsvaret.
 
I spørsmålet om nye jagarfly har SV si stortingsgruppe vedteke ikkje å kjøpe nye, men vedlikehalde dei me har i tjue år til. Det er ikkje berre etiske grunnar til det, men det vil vera etisk konsistent i høve til pensjonsfondet. Det er fleire gode alternativ til å bruke ca 140 milliardar kroner til opprustning og krigsflyvåpen.  Eit alternativ er infrastruktur: Eg vil heller vise fram eit framtidsretta nett for høgfartstog, enn å ha 48 dyre krigsfly i lufta. Også den nye dyre Operaen i Oslo kan eg og visa fram. Ja, mange syntes han var dyr, og mange billege politiske poeng vart scora, men nå er omtalen at Operaen vart fin. Ja, og han kosta omtrent det same som eit nytt jagarfly! Eg vil sjølvsagt ikkje ha 48 operahus i Norge, men heller bybanar, høgfartsbane, nye miljøvenlege ferjer, betre eldreomsorg, betre skule osv., og ennå vil eg ha pengar igjen til tog og til eit evt OL. Tromsø-OL er kostnadsrekna til ca 5 jagarfly!
 
Byen Pugwash er berømt for fredssaken og konferansen var på historisk grunn. I 1957 møttes Albert Einstein, Bertrand Russell og fleire vitenskapsfolk for å diskutere fred og trusselen frå atomvåpna. ”Thinker’s Logde” blir det huset dei møttes i kalla, og huset vart freda av den canadiske regjeringa under konferansen nå i juli. Konferansen i år var ein stimulans for oss som arbeider for å avskaffe atomvåpna i organisasjonar som PNND (Parliamentarians for Nuclear Non-Proliferation and disarmament). Dette nettverket har ca 700 medlemmer frå parlament over heile verden. Med vår politikk på investeringar med vårt felles pensjonsfond, viser Norge vegen for andre land og folk. Nå er det om å gjere at ikkje rakettskjold og jagarfly øydelegg for vårt positive bidrag til ein betre verden.

I dag, 6. august, er det 63 år sidan USA slapp atombomba over Hiroshima - aldri meir!