Internasjonal politikk

Afghanistan: Nei til fleire NATO-styrkar

 Afghanistan: Nei til fleire NATO-styrkar"NATO kan berre ha ein sjanse til å lukkast militært i Afghanistan dersom dei vert ei effektiv okkupasjonsmakt — men då har dei tapt politisk. Det positive i dagens bilete er at nokre stader er det større tillit mellom afghanarar til lokale styresmakter og tru på at økonomisk gjenreising er mogeleg. Det viser Faryab-studien CMI laga for Norad. Men då er det helt avgjerande, som Noreg har demonstrert i Faryab, at økonomisk støtte og utviklingsprosjekt ikkje vert kopla til det utanlandske militære nærværet. Tvert om bør økonomisk støtte umiddelbart leggje forholda til rette for å redusere det militære nærværet. Ein offensiv norsk strategi må derfor vere å søkje innflytelse på amerikansk strategiutvikling. Sa ikkje President Obama noko om trong for å lytte framfor fortsatt åleinegang?"  skriver forskarne Arne Strand og Astri Suhrke i Dagbladet.

Les kronikken