Internasjonal politikk

Røkke må svare om Guantanamo

Oslo-politiet har fått pålegg frå riksadvokaten om å innhente forklaring frå Aker Kværner om selskapet sitt engasjement på Guantanamo-basen. Det inneber at Kjell Inge Røkke, som hovudaksjonær i Aker Kværner, må svare for seg. Avgjerda frå riksadvokaten inneber også ein klar smekk over fingrane til Oslo-politiet og statsadvokaten i Oslo som la vekk saka utan etterforsking. Oslo-politiet opplyste 30. juni at avgjerda frå statsadvokaten ikkje kunne påklagast. Riksadvokaten har likevel teke saka under behandling. Oslo-politikaren Ivar Johansen (SV) melde Aker Kværner til riksadvokaten i mars. Det skjedde etter at han hadde sett Erling Borgen sin film «Et lite stykke Norge» under ei lukka filmvisning.

Les mer i Bergens Tidende
Les NRK Økonomi
Les Norwatch