Internasjonal politikk

Menneskerettar: USA trugar seg til immunitet

USA-borgarar er ikkje som andre statsborgarar, og dei skal vere heva over internasjonal lov og rett, meiner regjeringa i Washington. Bush-regimet er ein iherdig motstandar av den nyetablerte internasjonale krigsforbrytardomstolen (International Criminal Court, ICC). Først og fremst rettar motstanden seg mot at også USA-borgarar skal kunne bli tiltalte av ein slik domstol. Da tel det mindre at denne domstolen er eit dramatisk framsteg i kampen for menneskerettar. ICC skal granske saker som gjeld krigsbrotsverk, folkemord og andre brotsverk mot menneskeætta. Kring 70 land skal ha blitt pressa til å gje USA immunitet overfor den internasjonale krigsforbrytardomstolen. Med pengar nok kan mykje støtte kjøpast, skriver Per Lars Todal i Dag og Tid.

Les mer i Dag og Tid