Internasjonal politikk

Gaza: Kristne har plikt til å tale den svake parts sak

"Bombene haglar over Gaza på ny. Under den same himmelen som vår står tusenvis av menneske med livet lagt i ruinar. Ungar som ropar etter mor og far. Mange har mista mannen sin, sønene sine, døtrene, konene, kjærasten, tanter, onklar, besteforeldre.

Medan Israel har brote ledd på ledd i folkeretten, har systrene våre i Palestinsk KFUK ropt ut til verda: – Dette er ikkje ein militær operasjon, dette er ikkje sjølvforsvar, men eit fullskala folkemord.

Det som skjer mot det palestinske folk er eit overgrep. Som kristne har me ei plikt til å tale den svake parts sak. Og denne plikta deler vi med alle slags truande menneske over heile verda. Den svake parts stemme skal løftast opp av oss – i solidaritet. Trur vi på ein Gud som er kjærleik, ja, så er det slik me handlar," sa studentprest Anne Anita Lillebø blant annet ved sin appell i Palestinademonstrasjon fredag. Les hele under "les mer."

 

Appell ved Anne Anita Lillebø,

fredag 8. August 2014, Demonstrasjon ved Fellesutvalget for Palestina/Palestinafronten

Bombene haglar over Gaza på ny. Under den same himmelen som vår står tusenvis av menneske med livet lagt i ruinar. Ungar som ropar etter mor og far. Mange har mista mannen sin, sønene sine, døtrene, konene, kjærasten, tanter, onklar, besteforeldre. Det er våpenkvile no, men blodet er ikkje tørt.

Og

– Er det trygt?

– Er det tilgang på nok livreddande behandling til dei tusenvis av såra?

– Er det vatn nok?

– Er det fred?

NEI!

– Er det fridom?

NEI!

Medan Israel har brote ledd på ledd i folkeretten, har systrene våre i Palestinsk KFUK ropt ut til verda: – Dette er ikkje ein militær operasjon, dette er ikkje sjølvforsvar, men eit fullskala folkemord.

Norsk KFUK/KFUM har i ei årrekkje støtta Palestinsk KFUK. Studentane i Oslo har gitt sine kyrkjeoffer til dei. Palestinsk KFUK er ei sterk stemme innanifrå med stor truverdigheit. Difor har vi tillit til desse ropa frå dei – og no ropar vi dei ut her.

Det som skjer mot det palestinske folk er eit overgrep. Som kristne har me ei plikt til å tale den svake parts sak. Og denne plikta deler vi med alle slags truande menneske over heile verda. Den svake parts stemme skal løftast opp av oss – i solidaritet. Trur vi på ein Gud som er kjærleik, ja, så er det slik me handlar.

Israel har vore og er overlegne når det kjem til våpen, økonomi og støtte frå verdssamfunnet. Maktforholdet er så skeivt at det skjærer ein i synet. Vi vil målbære Palestinsk KFUK sine rop her, no:

- Vi vil ha Israel inn for krigsforbrytelsar for FN-domstolen i Haag

- Vi vil ha sanksjonar mot Israel på våpen og handel.

I oppropet sitt av 1. august spør Palestinsk KFUK:

- Har verda stilna?

- Er verda sin moralske sans fullstendig avstumpa?

- Er håpet ute for at det finnast ei samla menneskeheit som protesterer når andre menneske bli drept i stor skala?

Du som er her i dag, og alle som har vore med å protestere over heile verda, viser at vi IKKJE har stilna. Trykket frå oss har fått vestlege regjeringar til å legge press på Israel. Dette er makt! – Og det er den makta du har – den makta vi bruker i dag og vil halde fram med å bruke til det er vatn nok til alle, medisinsk hjelp til alle, til okkupasjonen tek slutt. Det er denne makta vi vil bruke heilt til det er fred, fridom og tryggheit for alle!

Kommentarer   

#1 Helge Bøe 11-08-2014 13:53
Det er en grunn til at jeg for lengst er utmeldt av statskirka, det skjedde når Gunnar Stålset gikk i tog sammen med Kristin Halvorsen mot USA sin innmarsj i Afghanistan. Free Gaza from Hamas.

You have no rights to post comments