Internasjonal politikk

Bymisjonens Kari Veiteberg: No må vi ikkje lukke augo for nok ein krigsforbrytelse!

Bymisjonens Kari Veiteberg: No må vi ikkje lukke augo for nok ein krigsforbrytelse!

"Kvart tal dreier seg om eit menneskeliv: Vi skjønar ikkje kva 447 drepte barn betyr før vi ser for oss eitt barn, og så eitt anna, og så vidare til vi har kome gjennom heile skulegarden. Det er ikkje tal det dreier seg om, det er Houaida, Ibrahim, Aisha, Ahmed, Amira, Noor,

På tvers av religion, bakgrunn og ideologi ber folk over heile verda for stans i krigshandlingane og om fred peace shalom salam. For at ein slik fred skal ha noko framtid i seg må det vere ein rettferdig fred.

Dette er ikkje ein konflikt som har vart tre – fire veker. Israel har okkupert Vestbreidda, Gaza og Aust-Jerusalem sidan 1967.

Borgarar på jorda, på alle kontinent. Borgarar i Norge, Bergen: No må vi ikkje lukke augo for nok ein krigsforbrytelse! Vi ber om rettferd!," sa Bymisjonens Kari Veiteberg blant annet i en appell ved Palestinademonstrasjon i Bergen. Les hele under "les mer."

 

Kari Veitebergs appell

Appell på festplassen i Bergen 9.august 2014

Hei eg heiter Kari og er prest i Kirkens Bymisjon. Eg var ledsagar i Palestina gjennom Kirkens Verdensråd tre mnd i fjor. Vi blir plassert i utvalde byar og landsbyar på Vestbreidda og i Jerusalem - i nærheita av valdelige busetjarar, militære kontrollpostar og mur. Der ledsagar vi palestinarar og israelarar som med fredelige midlar arbeider mot den israelske okkupasjonen.

Det er fint å vere her på Festplassen i Bergen med så mange som har møtt opp i dag. Vi er her fordi vi er djupt berørt av det som har skjedd i Gaza og i Israel dei siste vekene.

No har vi fått høyre at krigshandlingane starta opp igjen.

På israelsk side er minst 47 personar drepne til no, 43 av desse var soldatar. Til no har 447 barn omkomme i Israels noverande operasjon på Gazastripa opplyste UNICEF for to dagar sidan. Ifølgje organisasjonen har i alt 1869 palestinarar omkomme (pluss 5 til i natt) og 9,5 tusen er skada, på ein månad, Over 70 prosent av de døde er sivile borgarar. Ein tredjedel av dei sivile ofra er barn.

Kvart tal dreier seg om eit menneskeliv: Vi skjønar ikkje kva 447 drepte barn betyr før vi ser for oss eitt barn, og så eitt anna, og så vidare til vi har kome gjennom heile skulegarden. Det er ikkje tal det dreier seg om, det er Houaida, Ibrahim, Aisha, Ahmed, Amira, Noor,

På tvers av religion, bakgrunn og ideologi ber folk over heile verda for stans i krigshandlingane og om fred peace shalom salam. For at ein slik fred skal ha noko framtid i seg må det vere ein rettferdig fred.

Med gode menneske frå alle livssyn tek vi sterk avstand frå all bruk av vald og terror. På oppmoding frå lokale kristne kyrkjer og andre samarbeidspartnarar i Palestina og Israel; Rabbis for Human Rights, B´Tselem, Israelske krigsveteranar i Breaking the Silence, Machsom Watch; Israelske bestemødre for fred ber vi om fred med rettferd. Og vi set megafonen framfor våre søstre i Palestinsk KFUK: Vi støttar KFUK Palestinas krav om handling og om at verdssaamfunnet stiller Israel for FN's internasjonale domstol i Haag for krigsforbrytelsar.

Borgarar på jorda, på alle kontinent. Borgarar i Norge, Bergen: No må vi ikkje lukke augo for nok ein krigsforbrytelse! Vi ber om rettferd!

Dette er ikkje ein konflikt som har vart tre – fire veker. Israel har okkupert Vestbreidda, Gaza og Aust-Jerusalem sidan 1967.

I Norsk Salmebok nr. 637 er denne salmen frå den palestinske kyrkja. Høyr:

Yarabba ssalami amter alayna ssalam – Fredens Gud, la det regne, regne med fred i frå deg ..

Under den same himmelen som oss, står no tusenvis av heimlause menneske med livet lagt i ruinar. Ungar utan foreldre, enker, mange har mista sønene sine, døtrene, ektefellene, kjærasten, tanter, onklar, besteforeldre…

Lyrikaren Tale Næss skriv eit dikt om korleis situasjonen er – det er og å lese i avisa Klassekampen i dag. Og eg vil framføre det litt tilpassa mitt målføre. FOR:

Det er ikkje størrelsen på kista det kjem an på

eller hjartet…(..)

(..)Vi – eg - kjem med blomar

og tenkjer at i dag får det være ein begynnelse

på å gjere sorg til handling

sinne til forandring På igjen å gjere Gaza til ein stad for gras og geiter og barn

For vintermorgonar der små hender kan varme seg på ein kopp te

på ferskt brød

bøygd over ark der det som gjenstår er å skrive seg inn i ei framtid

som staves friheit

Kommentarer   

#1 Tarud 10-10-2014 20:55
Det virker som om Kari Veiteberg har fått sin informasjon om konflikten fra NRK. Dermed baserer hun sin argumenter på feil fakta, og blander årsak med resultat.
tarud.wordpress.com

You have no rights to post comments