Internasjonal politikk

Marie Lovise Widnes: Du vesle vakre jente

Marie Lovise Widnes: Du vesle vakre jente

Et dikt av lyrikeren Marie Lovise Widnes på 85 år.

 

Du vesle vakre jente, du vart berre fire år,

for ei bombe råka huset og tok livet ditt i går.

Vi fekk sjå ein haug ruiner, der du var då bomba fall,

og den barneglade låtten din, han tagna då det small

 

Slik går det, vesle jente, når dei hjernevaska menn,

ser på krig som lovleg handling, og når hat og makthug brenn,

Når dei sender landets ungdom ut i blod og skrik og gru

og uskuldige lyt ofrast, men det visste ikkje du.

 

Du var vel kanskje heldig, når vi veit at far og mor,

måtte fylgje deg i døden. men du har ein liten bror

som fekk begge beina krasa. Alt var berre blod og skrik,

då dei grov han fram frå røysa mellom krusebrot og lik.

 

Du skulle hatt ei framtid, dansa glad og sorglaust fram,

men i staden vart du utpeikt som eit uskulds offerlam.

For det finst så mange bomber, og på sterke makters vis,

ser dei magre , svoltne ungar, som ein bra og naudsynt pris.

 

Det korte vesle livet og kvar draum du skulle drøymt,

dei vart borte liksom støvet, og for alltid gøymt og gløymt

Utan makt er våre tårer ,sorga grenselaus og sår.

Vi vert fattige, når barneblod skal dogge jorda vår.

 

Å vesle, døde jente, om det finst ein himmel til

med ein Allah eller Jahve, som på rett og rangt ser skil,

må du bede for dei styrande i alle verdens land,

at dei byter våre våpen i mot kjærleik og forstand.