Internasjonal politikk

Jon Hellesnes: Faren ved asymetriske militærallianser

Jon Hellesnes: Faren ved assymetriske militærallianser

En tydelig Jon Hellesnes i ei bok som kommer om noen uker:

"For eit lite land har det alltid vore risikabelt å alliere seg med ei stormakt. Faren ved asymmetriske militæralliansar er kjent frå gammalt av. Kunnskapen er nedfelt i storverket om Peloponnes-krigen av Thukydides (ca. 470 – 401 f.v.t.). Den har dessutan støtte i strategiske analysar frå nyare tid. Somme politikarar er glupe, dei har forstått dette uavhengig av bokleg lærdom. Olav B. Oksvik (1887 – 1958) hadde neppe lese Thukydides eller Thomas Hobbes. Men han hadde betre politisk dømmekraft enn ein kvar gjennomsnittsakademikar. Dermed innsåg han klart problemet med asymmetriske militæralliansar. C. J. Hambro (1885 – 1964) hadde bokleg lærdom i tillegg til god politisk dømmekraft. Begge desse kloke politikarane fann NATO-medlemskapet problematisk (jf. historikaren Oddbjørn M. Melle i Klassekampen 30. mars, 2017). I så måte var dei ikkje heilt på linje med partia dei representerte. Oksvik var i Arbeidarpartiet, Hambro i Høgre; han var endåtil leiar i Høgre eit par periodar.

I 1949 fekk Oksvik refs frå dei mektige i partiet sitt. Det var fordi han hevda at eit norsk medlemskap i Atlanterhavspakta var uheldig; det kunne endåtil kome til å gjere Norge til deltakar i krigar langt borte i strid med norske sikkerheitsinteresser. Refsarane karakteriserte dette som ufin og urealistisk skrekkpropaganda frå Oksviks side. Etter at Norge har vore med på å øydelegge Libya i 2011 og har deltatt militært i den syriske borgarkrigen, står Oksviks innvending i eit litt anna lys.

For å greie å halde eit lite land relativt skadefritt innanfor ein asymmetrisk militærallianse er det nødvendig (men utilstrekkeleg) at landet har glupe politiske leiarar med «en mistenksom aktpågivenhet også overfor våre allierte», for å seie det med Hambro. Utan slike politikarar aukar risikoen. Aller farlegast blir det når sentrale politikarar gir seg til å snakke ømt og lengtande om «vår nærmeste Allierte». Hos dei dovnar kunnskapen om at Norge har eigne tryggingsbehov. Då er det i staden stormakta sine geopolitiske interesser som gjeld. Kva slike politikarar då kan få seg til å akseptere, skal eg gjere merksam på ved å presentere kortversjonen av ei sann historie.

I første del av 1980-åra var den internasjonale situasjonen farleg, om ikkje like farleg som no. Då la NATO ei stor militærøving til det som i dag heiter Nordområda. Eg hugsar ikkje årstalet. Det eg derimot hugsar godt, var eit innslag i NRK/Fjernsynet. Ein amerikansk informasjonsoffiser blei intervjua. Han talte svært fritt. Ja, det var som om han snakka med kollegaer i den amerikanske marinen. Kanskje forstod han ikkje at han talte til eit norsk publikum? Iallfall la han ikkje skjul på kva som låg til grunn for militærøvinga. Det var det siste nye i NATO-strategien. Det dreia seg om det såkalla krigsteateret, kor det burde ligge i tilfelle krig med Sovjetunionen. Målsettinga var å skyve krigsteateret langt unna store NATO-land så som USA, Storbritannia og Forbundsrepublikken Tyskland. Kort sagt: Krigsteateret skulle ligge her nord. Nærmare bestemt hos oss"

Les hele utdraget fra boka hans nedenfor.

 

Faren ved asymetriske militærallianser

Av Jon Hellesnes

For eit lite land har det alltid vore risikabelt å alliere seg med ei stormakt. Faren ved asymmetriske militæralliansar er kjent frå gammalt av. Kunnskapen er nedfelt i storverket om Peloponnes-krigen av Thukydides (ca. 470 – 401 f.v.t.). Den har dessutan støtte i strategiske analysar frå nyare tid. Somme politikarar er glupe, dei har forstått dette uavhengig av bokleg lærdom. Olav B. Oksvik (1887 – 1958) hadde neppe lese Thukydides eller Thomas Hobbes. Men han hadde betre politisk dømmekraft enn ein kvar gjennomsnittsakademikar. Dermed innsåg han klart problemet med asymmetriske militæralliansar. C. J. Hambro (1885 – 1964) hadde bokleg lærdom i tillegg til god politisk dømmekraft. Begge desse kloke politikarane fann NATO-medlemskapet problematisk (jf. historikaren Oddbjørn M. Melle i Klassekampen 30. mars, 2017). I så måte var dei ikkje heilt på linje med partia dei representerte. Oksvik var i Arbeidarpartiet, Hambro i høgre; han var endåtil leiar i Høgre eit par periodar.

I 1949 fekk Oksvik refs frå dei mektige i partiet sitt. Det var fordi han hevda at eit norsk medlemskap i Atlanterhavspakta var uheldig; det kunne endåtil kome til å gjere Norge til deltakar i krigar langt borte i strid med norske sikkerheitsinteresser. Refsarane karakteriserte dette som ufin og urealistisk skrekkpropaganda frå Oksviks side. Etter at Norge har vore med på å øydelegge Libya i 2011 og har deltatt militært i den syriske borgarkrigen, står Oksviks innvending i eit litt anna lys.

For å greie å halde eit lite land relativt skadefritt innanfor ein asymmetrisk militærallianse er det nødvendig (men utilstrekkeleg) at landet har glupe politiske leiarar med «en mistenksom aktpågivenhet også overfor våre allierte», for å seie det med Hambro. Utan slike politikarar aukar risikoen. Aller farlegast blir det når sentrale politikarar gir seg til å snakke ømt og lengtande om «vår nærmeste Allierte». Hos dei dovnar kunnskapen om at Norge har eigne tryggingsbehov. Då er det i staden stormakta sine geopolitiske interesser som gjeld. Kva slike politikarar då kan få seg til å akseptere, skal eg gjere merksam på ved å presentere kortversjonen av ei sann historie.

I første del av 1980-åra var den internasjonale situasjonen farleg, om ikkje like farleg som no. Då la NATO ei stor militærøving til det som i dag heiter Nordområda. Eg hugsar ikkje årstalet. Det eg derimot hugsar godt, var eit innslag i NRK/Fjernsynet. Ein amerikansk informasjonsoffiser blei intervjua. Han talte svært fritt. Ja, det var som om han snakka med kollegaer i den amerikanske marinen. Kanskje forstod han ikkje at han talte til eit norsk publikum? Iallfall la han ikkje skjul på kva som låg til grunn for militærøvinga. Det var det siste nye i NATO-strategien. Det dreia seg om det såkalla krigsteateret, kor det burde ligge i tilfelle krig med Sovjetunionen. Målsettinga var å skyve krigsteateret langt unna store NATO-land så som USA, Storbritannia og Forbundsrepublikken Tyskland. Kort sagt: Krigsteateret skulle ligge her nord. Nærmare bestemt hos oss!

«Skandale!» tenkte eg. «Denne amerikanske offiseren seier jo med reine ord at NATO, i tilfelle krigsutbrot, skal gjere Norge til slagmark.» Eg såg for meg digre avisoverskrifter. Dei ville kome i løpet av dei nærmaste dagane, trudde eg. Storting og regjering ville òg kome til å reagere. Men då trudde eg feil. I norske aviser stod det ingenting. Det politiske systemet synte heller ingen reaksjon. Det blei verande stilt. Ein tung tagnad la seg over landet. Eg for min del tenkte mitt: Det norske styringsverket er som Gudbrand i Lia. Norske media er som kona hans. I folkeeventyret hos Asbjørnsen & Moe tapte gubben alt på grunn av toskeskapen sin, men kona var like blid, nærmast takksam for det han hadde gjort.  

Det å gjere eit lite NATO-land til slagmark av taktiske grunnar for så å slå uventa til frå ein annan kant, er i samsvar med grunnsynet til den tidlegare amerikanske president-rådgivaren og no avlidne hauken med polsk namn: Zbigniew Brzezinski. Den instrumentelle innstillinga hans til små NATO-land er klart uttrykt i boka hans The Grand Chessboard (New York 1997, s. 58). Ei karakteristisk Brzezinski-utsegn er omsett i den interessante boka Dovre faller (Oslo 2014, s. 225): «Den brutale sanninga er at Vest-Europa, og i stigande grad Sentral-Europa, i det store og heile er og blir eit amerikansk protektorat, med allierte statar som liknar på tidlegare vasallstatar og skattland.» Med andre ord: Vasallstatar må berre akseptere alt føydalherren finn på. Dei mest USA-servile i mainstream-media og i den norske politiske eliten kjem farleg nær ein krypande aksept av «Brzezinski-doktrinen».

Rett nok kan mainstream-aviser stundom vere harde i kritikken sin av norske politikarar, men det er helst når dei har tulla med reiserekningar, leigd ut eit stabbur, utvida brygga si utan kommunal løyve eller laga bøll i privatlivet. Så lenge politikarane avgrensar seg til å arbeide for amerikanske våpenlager og amerikanske basar på norsk territorium, for fleire og større militærøvingar ved den russiske grensa, for tettare norsk tilknyting til amerikansk atomvåpen-strategi og liknande, får dei vere i fred.

Ei kort påminning om kva USA og det såkalla nye NATO har drive med, er på sin plass. Frå og med åtaket på Jugoslavia i mars 1999 har den militære aktiviteten ført med seg stadig meir av destruksjon og brot på folkerett og militær etikk. Kapitlet «Aggresjonsforbrytelsen» i Ståle Eskelands juridiske verk De mest alvorlige forbrytelser (2011) gir ein kort historikk over denne innsatsen i tillegg til ein fagjuridisk gjennomgang. Han viser til Bruno Simma, ein av dei fremste folkerettsjuristane i verda. Simma har konkludert med at den krigen som starta med USAs åtak på Irak i 2003, ikkje berre øydela dette landet, men også skada restane av det internasjonale legale systemet for sivilisering av militær maktbruk og okkupasjon. Ifølgje han er USA (med varierande koalisjonar) hovudkrafta i den raseringa av folkeretten som har skjedd den siste tjueårsperioden. Medlemmer av Solberg-regjeringa snakkar derimot som om det berre finst eitt folkerettsbrot i denne perioden, Russlands annektering av Krim. I så måte verkar dei uvitande og temmeleg forskrudde. Somme håpar at dei berre gjer seg til.

Den vestlege propagandaen, der også NRK/Fjernsynet gir eit sterkt tilskot, blendar ute den NATO-åtferda som Russland reagerer på. Som eg kjem nærmare inn på i skriftstykket nedanfor, er framferda aspektblind på den måten at den ikkje gir akt på provokasjonen, berre på reaksjonen hos motparten. På individ-nivået blir det å ikkje merke aggressiviteten i si eiga åtferd, berre reaksjonen hos motparten, diagnostisert som mental sjukdom.  Det mest groteske i propagandaen er likevel påstanden om at Russlands frykt for Vesten er oppdikta, eller at den iallfall er grunnlaus. Mannefallet under den første verdskrigen var stort. Dei vestlege intervensjonane under borgarkrigen gjorde også stor skade. Under den andre verdskrigen blei Sovjetunionen ei slagmark der krigen òg blei avgjort. Meir enn 25 millionar sovjet-borgarar let livet. Det russiske folket har altså god grunn til å frykte Vesten. Dette er di meir opplagt på bakgrunn av den krigsviljen som har vist seg i dei folkerettsstridige åtakskrigane til USA (med varierande koalijonar). Dersom NATO-propagandistane meiner det dei sjølve seier, står det dårleg til med dei. Slike menneske ser ikkje poenget i måtehold.

Edward Snowden har «frigitt» NSA-dokument som nettmagasinet The Intercept publiserte fredag 2. mars, 2018. Dei handlar om etterretning-samarbeidet mellom Norge og USA vis-à-vis Russland. Norge har i mange år overvaka dei militære datasystema til Russland og dermed forsynt Pentagon med krigsviktig informasjon. Det blir sagt at Norge er den eine av dei to næraste og viktigaste etterretningspartnerane til USA. Slik sett, er det heva over tvil at Russland har god grunn til å frykte den militære oppbygginga USA/NATO driv med på norsk territorium. Radaren i Vardø, stasjonen for avlytting av satellitt-kommunikasjon utanfor Hønefoss («Victory Garden») og alt utstyret til etterretning elles er provoserande nok. I tillegg har amerikanske soldatar fått ein base på Værnes og ein annan i Troms. Store lager av avansert krigsmateriell er også plasserte i Norge, og meir skal det bli. Kampfly skal plasserast på Ørlandet og i Bodø. Amerikanske kampfly skal ha Rygge flyplass som base.

Ei ny dokumentavsløring gjer det klart at Pentagon likevel er uroa over situasjonen ved NATOs nordflanke. Dermed er det aktuelt å plassere minst åtte overvakingsfly av typen P-8A Poseidon på Andøya flystasjon. Dessutan bør det også vere minst tjue kampfly ved nordflanken, for eksempel på Andøya og/eller ved Bodø, heiter det.

I tillegg har den gløgge journalisten Bård Wormdal grave fram dette: Amerikanske ubåtar i norske farvatn, som kan vere væpna med kjernefysiske missil, får truleg tilgang til det satellitt-baserte kommunikasjonssystemet i Nord-Norge. Dermed blir Norge nærare knytt til den amerikanske atomvåpen-strategien. At Russland har plassert missil som kan føre atomvåpen i Petsjenga-dalen nær grensa til Norge, er dermed lite merkeleg.  

Ifølge etterretningssjef Morten Haga Lunde har Russland i det siste øvd på flyåtak mot militære mål i Norge tre gongar. Eitt av måla er naturlegvis radaren i Vardø. Dersom Norge i tillegg blir kopla til det såkalla rakettskjoldet, er landet vårt endå meir utsett. Både nett-tilknytinga til dei amerikanske ubåtane og rakettskjoldet kan nemleg, frå russisk side, tolkast som tiltak for å sikre evna til eit kjernefysisk førsteslag. Den gamle vestlege haukedoktrinen er nemleg slik: Det er muleg å vinne ein atom-krig, men berre om ein slår til først. Ingen vanleg statsborgar (neppe norske regjeringsmedlemmer heller) veit kva USA vil bruke Norge til, men for ei stormakt kan det vere rasjonelt å by fram ein småstat som ei muleg slagmark. Det er som eit lurt bondeoffer i sjakk, heilt i samsvar med tenkemåten til Brzezinski.  

Som vi veit, er det vanskeleg å gjere den provoserande inneburden av den rådande militærpolitikken til tema i offentleg politikk; for det finst førande medlemmer av den politiske eliten her i landet som har det med å godta alt USA finn på. Dei er neppe drivne av undergangslengt, men lever i bobla si. NATO-bobla. Med ei omskriving av visse passasjar av ein kjend poet kan vi karakterisere dei slik: Dei er fanga av draumen om at noko vedunderleg skal skje, at det må skje, at noko skal opne seg, at tida skal opne seg, at dører skal opne seg, at meir skal opne seg, for eksempel ei stilling i NATO-hovudkvarteret.

P. S. Ola Tunander, som har militærpolitikk og kaldkrig-historie som forskingsfelt, og som på 1980-talet tok doktorgraden med ei avhandling om US Maritime Strategy, har lese det eg har skrive ovanfor om ein amerikansk informasjonsoffiser og Norge som krigsteater. Tilbakemeldinga hans er at den amerikanske strategiske tenkinga i 1980-åra opna for å bruke Norge på nettopp den måten eg har beskrive – om nødvendig, som det gjerne heiter. I ettertid er det, som han også peikar på, blitt kjent at forsvarsminister Johan Jørgen Holst og utanriksminister Knut Frydenlund med eit visst hell prøvde å stagge amerikanarane. Ministrar som er innstilt på å forsvare norske interesser mot amerikansk strategisk tenking manglar vi i dag. Denne mangelen utgjer ein alvorleg sikkerheitsrisiko for Norge.

Kommentarer   

#1 Stein Ørnhøi 20-01-2019 12:36
Takk, Jon H for at du ikkje gjev opp. Gler meg til resten.
+2 #2 Solveig Helgesen 20-01-2019 19:51
Det er jo nå utviklet seg til at USA sin interesse for Norge er vår grense mot Russland og Nord- områdene. Dermed kan vi via NATO bli krigsskueplass for en fremtidig krig, Jfr den store NATO- øvelsen i høst og ønsket om flere permanente amerikanske baser i Norge. De har jeg skrevet om før. Og det er slett ikke i våre interesser. Det har ført til at jeg har gått fra å være en lunken tilhenger av NATO til å bli klart mot fortsatt medlemskap. Jeg har levd så lenge at jeg innser at gatebildet er endret. NATO oppsto pga erfaringer fra 2. verdenskrig og Jernteppet. Alliansen er i dag foreldet. Vi er bare en brikke i USA sitt forsvar, og dessverre en viktig brikke. Norge må ut av NATO.
#3 Tormod Sten Palmesen 21-01-2019 14:08
Dette er en god framstilling som klart viser det jeg selv kunne sagt om dagens NATO og forholdet til Russland. Hvorfor skal lille Norge "hoppe" hver gang Onkel Sam sier "hopp"? Har vi ikke tenkende politikere lenger? Jeg har selv sett minnesmerker fra beleiringen av Leningrad, ikke minst ved Neva-fronten, og lest meg opp på det som skjedde der under siste krig. Selvsagt har Russland sett så mye aggresjon fra vest også før det, så de har god grunn til å frykte!
#4 Dag Realfsen 13-02-2019 13:56
Dette var skremmende perspektiver!
Jeg har selv tenkt i de samme baner og vært urolig for utviklingen. Det er da godt,men og skremmende, å få dokumentert både fra amerikansk og norsk hold at dette stemmer. Norge er utpekt til "krigsteater".S pesielt de nordlige deler av landet vårt!
En større selvstendighet i forsvarstenknin gen blir i tida framover helt nødvendig .
Kriger starter ikke bare ved veloverveide beslutninger.
Hvert lite skritt i fredstid har
betydning ...
Denne boka vil jeg lese!

You have no rights to post comments