Internasjonal politikk

Amerikanske bombefly på Ørlandet: Sender signal som mest berre har eit offensivt tilsnitt

Amerikanske bombefly på Ørlandet: Sender signal som mest berre har eit offensivt tilsnitt

At amerikanske bombefly plasseres på Ørlandet skaper rimeligvis debatt, som f.eks. en uttalelse fra SVs landsstyre under overskriften "Nei til amerikanske bombefly på norsk jord."  

Her derfor en ytring fra Tor Ivar Strømmen, PhD-stipendiat ved Sjøkrigsskolen.  

Han konkluderer slik:   

"Ein må altså vere varsam med å tolke ein kvar alliert aktivitet i Noreg, eller alliert kapasitet i Noreg, som ei støtte til Noreg. Denne deployeringa (B1B) er eit døme på ei deployering som primært er viktig for USA og mindre grad for oss, dvs. med mindre me har endra strategi til eksplisitt avskrekking gjennom straff framfor avskrekking gjennom nekting. Det er altså ikkje flya i seg sjølv som er eit problem, men dei signal me sender gjennom å øve på operasjonar som mest berre har eit offensivt tilsnitt. Operasjonar som i tillegg understrekar Russland si største frykt frå Noreg – nemleg at Noreg kan eller vil vere eit amerikansk oppmarsjområde for angrep mot Russland (eller rettare deira strategiske tyngdepunkt – evna til å utslette USA)"   

Les hele hans tekst under "les mer."

   

Tor Ivar Strømmen sin tekst:  

"Ein ting er å trene alliert mottak, ein heilt anna er kva for eit mottak. B1B Lancer er ikkje eit spesielt relevant verkemiddel for anna enn tunge angrep med kryssarmissilar mot fast infrastruktur eller for å nedkjempe integrerte A2/AD system. Dvs. mot ein motstandar utan luftvern kan dei dei sjølvsagt også drive med CAS. Deira styrke er at dei kan løfte svært store våpenlaster raskt, men dei kan i lita grad gjere dette i eit område kor fienden har kapable luftforsvarssystem (i lufta eller på bakken). Dei må altså leiast inn og tryggast i sine operasjonar, noko angrepspakker med t.d. norske F35 vil vere svært eigna til.  

Når Noreg (F35) øver med desse flya, så gir det auka kapasitet til å slå tungt og hardt mot russisk bakland - eller rettare mot dei vitale russiske strategiske kapasitetane i nord. Dette er altså å utvikle ein offensiv strategisk angrepskapasitet, noko USA i si doktrine for horisontal eskalering er tent med, men som for Noreg i svært avgrensa grad gir defensiv føremon - om i det heile. Dette er altså alliert mottak for allierte offensive operasjonar i eit tankegods som går på avskrekking gjennom straff og inngår sjølvsagt dimed i ein amerikansk strategi som omhandlar bastionsnekting og strategisk ASW. Ein strategi som legg atomvåpena på bordet frå innleiinga av ei konflikt. Ein slik strategi hevar truleg terskelen for russisk militær maktbruk samla sett, men senkar samstundes denne terskelen relativt til Noreg i ei stode kor Russland ser det som sannsynleg at dei kan kome i væpna konflikt med USA. Dette med di verdien av måla i Russland vil vere så stor for Russland at dei vil vere viljuge til ei svært rask eskalering for å trygge desse måla. Slikt mottak gir altså ikkje større defensiv kapasitet for Noreg, men er eit mottak som tener amerikansk strategi. 

Følgjeleg må me spørje oss om me er tent med dette. Pr. i dag har me ei politisk leiing og dels ei militær leiing som primært ser forsvaret av Noreg som del av eit felles Nato-forsvar. Det er eit legitimt syn, men leier også til val av strukturar og handlingar som tek frå oss handlefridom og "bind oss til masta". Kjem me i ei stode der våre interesser er truga og USA ikkje ser våre interesser som viktige nok til å risikere ei rask eskalering til mogleg atomkrig, så vil ei slik tilnærming vere fatal for våre interesser. Då vil ikkje vår påkalling av ART5 utløyse militær støtte, men berre dei tiltak «ein ser som naudsynt for å gjennopprette», altså tiltak som like gjerne kan vere diplomatiske eller jamvel eit totalt fråvær av tiltak. Følgjeleg vil Noreg då mangle handlefridom til å eskalere og må raskt gå til forhandlingar dels eller heilt på russiske premiss.  

Ein må altså vere varsam med å tolke ein kvar alliert aktivitet i Noreg, eller alliert kapasitet i Noreg, som ei støtte til Noreg. Denne deployeringa (B1B) er eit døme på ei deployering som primært er viktig for USA og mindre grad for oss, dvs. med mindre me har endra strategi til eksplisitt avskrekking gjennom straff framfor avskrekking gjennom nekting. Det er altså ikkje flya i seg sjølv som er eit problem, men dei signal me sender gjennom å øve på operasjonar som mest berre har eit offensivt tilsnitt. Operasjonar som i tillegg understrekar Russland si største frykt frå Noreg – nemleg at Noreg kan eller vil vere eit amerikansk oppmarsjområde for angrep mot Russland (eller rettare deira strategiske tyngdepunkt – evna til å utslette USA)."


Kommentarer   

0 #1 Ulrich Abildgaard 28-03-2021 21:25
Viktig artikkel. Skremmende hvordan vi spiller rollen som USA's vasall. Og det øker risikoen for katastrofen atomkrig.

Legg til kommentar